Blir 2022 samarbeidet sitt år?   

11 januar, 2022 | Blogginnlegg

Meir samarbeid vert av «alle» med rette løfta fram som ein avgjerande faktor for å lukkast framover. For Vestlandet, for Noreg og for verda. Mange hevdar difor også at berekraftsmål nummer 17, samarbeid for å nå måla, er det viktigaste av dei alle. Men kva betyr eigentleg meir samarbeid? Drøftingar og seansar knytt til samarbeid føregår etter mitt syn for ofte på eit overskriftsnivå. 
 
Vestlandsporteføljen, grøne moglegheiter og kompetanse for framtida var menyen då fylkesordførar Jon Askeland (Sp) og fylkesvaraordførar Natalia Antonia Golis (MDG) inviterte til digitalt nyttårsmøte måndag 10. januar.  

Skjermbilde 2022 01 11 kl. 09.51.45 1
Foto: Skjermdump frå Vestlandsporteføljen

Etter mitt syn er det både prisverdig og klokt at ein nyttar denne typen arenaer til å «løfta blikket» og adresserer områder som er heilt avgjerande for regionen framover. Likevel merka eg meg også at det var eit anna ord som gjekk att gjennom heile dagen, og som også fekk stor plass i den avsluttande panelsamtalen Framtidsdialogen: samarbeid.  
 
Etter å ha delteke på årets nyttårsmøte er det klart for meg at vi i fellesskap bør ha ei målsetjing om å nytte 2022 til å konkretisere kva vi meiner med ordet samarbeid.  

– Kva betyr meir samarbeid? 

– Kva er ein villig til å forplikte seg til? 

– Kva kan vi lære av andre som samarbeida?  

– Er det behov for noko som koordinerer og fasiliterar samarbeid?  
 
Vi må i tida som kjem lære av og heie fram dei gode samarbeida. Innanfor akademia, innanfor næringslivet, mellom kommunar og fylker og elles i samfunnslivet. Ikkje minst må vi også heie på og løfte fram dei gode samarbeida som går på tvers. På tvers av sektorar, grenser og barrierar.  
 
I debatten på nyttårsmøtet løfta regiondirektøren for NHO Vestlandet, Helene Frihammer, fram arbeidet med ferjeanbod på Vestlandet som eit godt døme på samarbeid. Her samla ein saman dei aktuelle aktørane for prosjektet til eit rundebordsmøte for å løyse konkrete utfordringar.

Photo Tore Saetre Wikimedia
Foto: Tore Sætre, Wikimedia
Aarbeidet med ferjeanbod på Vestlandet vart eit godt døme på samarbeid.

Eit anna og meir formalisert døme er den nye felles næringsstrategien for dei tre vestlandsfylka som var vedteken i fjor, som med anna skal nyttast som eit grunnlag for arbeidet med den store omstillinga som Vestlandet står ovanfor. Dette er eit prisverdig og godt initiativ som vi treng meir av. Det same kan seiast om Team Vestland, der ein no inviterer alle til å bli med på laget for å utløyse potensialet i Vestlandsporteføljen og Grøn Region Vestland.  
 
Initiativ Vest er skipa for å bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet, men også for å bidra til eit styrkja samarbeid i regionen. Fordi vi trur det er heilt avgjerande for at vi skal lukkast her i regionen. Som eit bidrag til å konkretisere samarbeid vil vi difor framover ha fokus på dette framover, og løfte fram ulike perspektiv og fakta knytt til samarbeid. Det vonar vi kan vera eit bidrag til den felles «dugnaden» som no trengs for å konkretisere kva dette skal bety. 

 
Om ein region som Vestlandet skal kunne løyse dei store oppgåvene, og utløyse det store potensialet som fins i regionen er det heilt avgjerande å samla kreftene. Eg trur det vil tene oss alle å bruke noko tid i 2022 på å drøfte kva vi faktisk meiner når vi seier at meir samarbeid er løysinga.

Tommy Aarethun

Dagleg leiar
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Smart havtalegrep

Smart havtalegrep

«Havets tilstand» er blitt ei årleg greie, i regi av Havforskingsinstituttet og havforskingsdirektøren. I år var statsministaren invitert til å dele sine perspektiv på moglegheitene og utfordringane i hav- og kystområda vore. Det var eit smart grep.Havtalen 2022 var...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This