Blogg: Toler vi konsekvensane av det grøne skiftet?

6 september, 2021 | Blogginnlegg

Kraftartikkel

Det grøne skiftet er i gong for fullt. Samfunnet skal elektrifiserast. Nye arbeidsplassar skal skapast. Energimiksen skal endrast. Men, toler vi konsekvensane av det grøne skiftet?

«Om ein rett og slett ikkje toler å sjå ei vindmølle bør ein kanskje tenke gjennom kor oppteken ein eigentleg er av å redde klimaet» høyrte eg ein person sei under ein panelsamtale førre veke. Det er spist, men eg trur samstundes det ligg noko i dette som det er verdt å reflektere noko meir kring. Førre veke tok også Bellona sjef Fredrik Hauge til ordet for at ein må ofre natur og friluftsområder for det grøne skiftet. Hans poeng er at ein i større grad må snakke om konsekvensane av det grøne skiftet, og peikar på at konsekvensane av å lata vera å gjera noko er endå større. Eg trur dei begge er inne på noko som vil verta viktig framover. Vi snakkar for lite om kva konsekvensar det grøne samfunnet vil måtte få, og om kva konsekvensar vi som samfunn er villige til å tolerere. Kva konsekvensar vil det grøne skiftet få – for samfunnet vårt, for oss som bur her, for naturen vår. Kva konsekvensar meiner politikarane vi må leve med? Kva konsekvensar må vi for ein kvar pris forsøke å unngå?

Liva våre er i ferd med å endre seg som ein konsekvens av det grøne skiftet. Stadig fleire køyrer el-bilar. Ferjene i fjordane våre vert elektriske. Bussane går på straum. Vi har møter på teams i staden for å fly til hovudstaden, det siste særskilt akselerert som ei følgje av Covid-19. Bakteppet er klimaendringane og behovet for å gjera store endringar – noko som med anna vart stadfesta og ytterlegare aktualisert av den nye rapporten til FN sitt klimapanel (IPCC). I det siste har eg delteke på ei rekkje debattar om det grøne skiftet, om nye grøne industrieventyr og om behov for meir kraft. Både produksjonskapasitet og transmisjonskapasitet. Utbyggingar vi veit at ofte er omstridde og konfliktfylte. 

Det er heilt naturleg at menneske er skeptiske til å få store endringar i sitt nærområde. Dette fenomenet er betre kjent som NIMBY (Not In My Back Yard), og er ikkje uvanleg å høyre om i denne type saker. Enno meir naturleg er det at denne skepsisen og motstanden veks fram når system og prosessar er dårlege og lite tilrettelagt for den utviklinga ein ser. Det var til dømes tilfellet under utbygginga av Guleslettene Vindpark, som ligg i kommunane Bremanger og Kinn, der lokale straumkundar måtte betale for utbygginga av nye kraftmaster for å handtere straumen til dei nye vindmøllene. Dette systemet er no heldigvis retta opp i, men det er likevel eit grelt døme på korleis prosessar og system kan bidra til å auke den lokale motstanden. Slike ting må vi lære av og unngå i framtida, og difor er det med anna klokt at det er laga eit samarbeidsforum for havvind, der eit viktig mål er å etablere føreseielege spelereglar for aktiviteten og sameksistensen med eksisterande næringar.

Gjennom å leggje konsekvensane på bordet og opent drøfte kva konsekvensar ein er villige til å leve med, og kva konsekvensar ein for ein kvar pris må unngå trur eg ein kan kome vidare i desse debattane. Ja, det vert tøffe diskusjonar, men har vi eigentleg noko val? 

Sjølvsagt skal det ikkje stå vindmøller på kvart eit fjell og kvar ein odde, men kan vi eigentleg vera mot alle former for vidare utbygging av vindkraft til lands dersom vi skal nå klimamåla? 

Sjølvsagt må vi ha gode prosessar for utbygging av nettkapasitet til straummaster, men har vi råd til å la alle dei grøne industrimoglegheitene gå tapt fordi vi ikkje får før fram nok straum?

Sjølvsagt skal vi bidra til at verdas klimautslepp går ned, men er det riktig å føre sårt tiltrengt elektrisk kraft frå land til havs for å fyre opp oljeplattformar for å nå 2030-måla?


Det norske samfunnet si reise inn i det grøne skiftet er i gong for fullt, men vi vil møte mange store utfordringar før vi er i mål.  Eg trur vegen dit vil verta enklare om vi i større grad snakkar opent om dei krevjande vegvala ein står ovanfor og dersom vi opent diskuterer kva konsekvensar vi må tole fordi alternativet er så mykje verre. 

Tommy Aarethun
Kommunikasjonssjef i tankesmia Initiativ Vest 

Tommy Aarethun

Dagleg leiar
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Gjesteinnlegg: Viktige avklaringar manglar framleis

Gjesteinnlegg: Viktige avklaringar manglar framleis

Onsdag 11. mai hadde regjeringa pressekonferanse om havvind. For første gong talfesta regjeringa mål for installert norsk havvindkapasitet.Målet er tildelte område på 30 GW innan 2040. Med ein kapasitetsfaktor på 0,5 vil det gje 131,4 TWh i året. Vindforholda er...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This