Blogg: Unge røyster må få og ta større plass i samfunnsdebatten!

21 september, 2021 | Blogginnlegg

blogg tommy

Kva skal vi leve av? Kvar skal vi bu? Korleis skal samfunnet utviklast? Kva tenestenivå skal ein ha? Korleis skal vi kome oss frå A til B i framtida?

Som samfunn står vi ovanfor mange store spørsmål. Spørsmål som vil krevje nytenking. Spørsmål som vil krevje mot. Spørsmål som til dels vil krevje ubehagelege svar. Felles for dei aller fleste av dei store spørsmåla vi i dag står ovanfor er  at svara vi leverer på desse spørsmål i størst grad vil påverke dagens unge. Difor bør dagens unge få større plass i samfunnsdebatten, og dei bør bli lytta særskilt til når ein skal finne svara på dei store spørsmåla. Vi som jobbar med denne type spørsmåla bør ta ei særskilt ansvar for å løfte dei fram, og vi må oppmode dei om å ta større plass! 

Vi trur det er lurt å byrja med dei unge, og det er også grunnen til at vi har skipa Vestlandsakademiet der unge vestlendingar skal få kunnskap om og drøfte viktige saker for Vestlandet. Førre veke hadde vi den fyrste samlinga for det fyrste kullet, og det gjev både optimisme og inspirasjon. Deira engasjement og tankar gjev også grunnlag for refleksjon kring unge røyster sin posisjon i samfunnsdebatten og på sentrale arenaer. For meg er det ingen tvil om at mange av dei unge røystene, anten dei er studentar eller tidleg i sin karriere i større grad bør engasjere seg i viktige samfunnsdebattar – lokalt, regionalt og nasjonalt. Eit mål med akademiet er difor nettopp også å inspirere dei unge vestlendingane til å ta større plass i debatten!

Når ein deltek på konferansar og møter relatert til dei store spørsmåla som samfunnet står ovanfor har det ofte slått meg kor få unge røystersom er inviterte inn i programma. Eg meiner det er eit stort paradoks at programma som handlar om ei rekkje viktige spørsmål for framtida ofte er fylt opp med godt vaksne direktørar og etablerte røyster i samfunnsdebatten. Ofte er det også dei same røystene som dukkar opp på konferanse etter konferanse. 

Eg trur at næringsliv, politikarar og øvrig samfunnsliv i langt større grad bør sleppe til dei unge røystene. Unge som kan tale fritt og direkte. Unge som kan kome med spanande tankar. Unge som kan utvikle nye svar på etablerte og store spørsmål. Alle som har ansvaret for å arrangere møter og konferansar framover bør difor, om dei ikkje alt gjer det, spørja seg sjølve «Har vi nokre unge og spanande røyster som kan bidra i dette programmet?». Svaret er ja. 

Vi bør i fellesskap ta eit ansvar for å løfte fram nye spanande røyster.
Det vil vera bra for samfunnsdebatten og det vil bidra til betre svar og løysingar!

Tommy Aarethun
Initiativ Vest

Andre innlegg

Grøne initiativ må følgjast opp politisk

Grøne initiativ må følgjast opp politisk

Skjermdump: Vestlandsporteføljen 2021 Denne veka vart Vestlandsporteføljen 2021 i regi av Grøn Region Vestland lansert. Men er det vilje og kraft til å utløyse moglegheitene og potensialet som ligg der?Måndag denne veka vart den nye rapporten Vestlandsporteføljen 2021...

Torer de å flytte eit departement eller tre?

Torer de å flytte eit departement eller tre?

Dette innlegget stod fyrst på trykk i Dagsavisen/Rogalands Avis 17.11.2021.I Hurdalsplattforma vert det slått fast at ein skal ta heile landet i bruk i større grad. Kva skal det bety i praksis? Mange hadde store forventningar og var spente på kva som ville stå i...

Blogg: Vi må utvikle, ikkje avvikle Vestland fylke!

Blogg: Vi må utvikle, ikkje avvikle Vestland fylke!

Valkampen er over. Hurdalsplattforma er presentert. Statsrådane er komne ut på Slottsplassen. No bør alle som er opptekne av utviklinga av Vestland(et) dreie fokuset inn mot korleis vi kan styrka regionen. Slik at vi kan løyse dei store oppgåvene vi står...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This