Blogg: Vert det danske tilstandar i Hurdal?

7 oktober, 2021 | Blogginnlegg

Danske tilstandar blogg

I desse dagar forhandlar Ap og Sp om ei ny regjeringsplattform. Den kan verta presentert alt no før helga, og sjølv om nokre drypp stadig siv ut knyt det seg no stor spaning til kva den nye regjeringsplattforma vil innehalde. 

Eit av dei områda det knyt seg særskilt spaning til i desse dagar er kva desentraliseringspolitikk den nye regjeringa vil leggja opp til. Både Ap og Sp har lova ei rekkje ting på dette området, men det er også fleire områder her der dei to partia har noko ulike standpunkt. Kva vil skje med politireforma? Kva fylke- og kommunesamanslåingar skal eventuelt reverserast? Og korleis skal i tilfelle ein slik prosess føregå og leggjast opp? Kva skjer på utdanningsfeltet? Vert regjeringsplattforma prega av enkeltsaker og «sigrar» og «tap» for dei to partia på dette feltet, eller vel dei å gå for ei meir heilskapleg tilnærming? 

Du undrar deg kanskje over kvifor Danmark er nemnt i overskrifta? Det knyt seg til at vi veit at både Ap og Sp har latt seg inspirere av den sosialedemokratiske regjeringa i Danmark sin desentraliseringspolitikk – som har fått namnet «Tættere på». Det må jo kunne seiast å ikkje vera heilt ulikt slagordet til Senterpartiet, som også er tittelen på boka til Jan Bøhler – «Nær folk». Kan det difor kanskje tenkast at ein i Hurdalsplattformen vil gjera eit liknande grep som i Danmark, nemleg å varsle ei større gjennomgang av alle sentraliseringstiltak som er gjort dei seinare åra? Eg trur mange no, ikkje minst dei som har stemt på Senterpartiet, har klåre forventningar om at det skal skje substansielle endringar innanfor desse områda. Det talar for at ein kanskje vil ynskje å kjøpe seg noko tid, og leggje inn nokre enkeltting no samstundes som ein varslar ei heilskapleg gjennomgang og tilnærming med større grep i løpet av perioden.   

Den danske regjeringa sin politikk på dette feltet er utmeisla med bakgrunn i ein kontekst som har ein del liknande trekk med den utviklinga ein har sett i Noreg. I 2004 inngjekk den dåverande VK-regjeringa (Anders Fogh Rasmussen si fyrste regjering) og Dansk Folkeparti avtale om ei kommunalreform i Danmark. Denne trådde i kraft 01. januar 2007 og talet på kommunar vart redusert frå 271 kommunar til 98, medan 14 amt vart til fem regionar. I etterkant av dette skjedde det sentraliseringstiltak innanfor ei lang rekkje andre områder som utdanning, domstolsvesen, politiet og fleire andre offentlege tenesteområder. Sjølv om Noreg og Danmark er to ganske ulike land kva gjeld storleik ser ein likevel at ein del av dei same tinga går att, og ikkje minst er det mange av dei same argumenta som går igjen – anten ein er for eller mot utviklinga. 

I spissen for den noverande danske regjeringa, leia av statsminister Mette Fredriksen, sitt arbeid med dette står innenriks- og boligminister Kaare Dybvad Bek. Han har før han vart statsråd markert seg tydeleg på dette feltet, med anna gjennom boka Udkantsmyten frå 2015. Den vert omtala som ei «Debatbog om udkantsdanmark og et opgør med forestillingen om provinsen som tilbagestående. Om provinsens betydning i den samlede økonomiske udvikling, samt bud på hvordan man stopper centraliseringen af Danmark». Dybvad Bek er interessant i denne samanheng fordi han med anna har skrive om denne tematikken i Aftenposten, og fordi han har blitt henta inn til å bidra på møter/debattar i Noreg saman med blant anna Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum. 

Kanskje får vi alt før helga vite kva som vert regjeringsplattforma til den nye regjeringa. Det knyt seg alltid stor spaning til kva ei ny regjering vil levere og prioritere – og ikkje minst til kven som skal sitja rundt kongen sitt bord dei neste åra. Denne gongen vert det også litt ekstra interessant å sjå i kva grad gjengen på Hurdal har henta inspirasjon frå Danmark. 

Dei seinare åra har ein jo i samfunnsdebatten fått høyre ein heil del om svenske tilstandar. Kanskje vert dette no bytta ut med danske tilstandar?

Tommy Aarethun
Dagleg leiar (konst.)
Initiativ Vest

Tommy Aarethun

Dagleg leiar
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Legitimiteten til kraftsystemet

Legitimiteten til kraftsystemet

Rekordhøge straumprisar trugar legitimiteten til det norske kraftsystemet og kraftbransjen. Difor var det heilt naudsynt med breie tiltak denne vinteren.Nyleg varsla regjeringa at det vert innført ei sikringsordning som skal avhjelpe situasjonen kring dei rekordhøge...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This