Blogg: Vestlendingar klare for viktige oppgåver i Stortinget

21 oktober, 2021 | Blogginnlegg

blogg tommy

Førre veke fekk landet ei ny regjering leia av Jonas Gahr Støre. Hurdalsplattforma og dei nye statsrådane fylte naturlegvis mediebiletet i stor grad førre veke. Gitt den parlamentariske situasjonen er kanskje det som har skjedd denne veka like viktig for dei neste fire åra?

Misforstå meg rett. Kva som står i den nye regjeringsplattforma (lenke til ekstern side) og statsrådskabalen er sjølvsagt både viktig og interessant. I lys av den parlamentariske situasjonen i Stortinget no er det likevel ting som talar for at det som skjer i Stortinget kan verta minst like viktig. Dette er også ein del av bakgrunnen for at dei to regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet har valt å halde attende tunge namn i Stortinget, som Marit Arnstad, Geir Pollestad og Sigbjørn Gjelsvik. Det vert tøffe forhandlingar og mykje makt i Stortinget i denne perioden, det ser vi alt i saka om dei rekordhøge straumprisane der opposisjonen alt denne veka pressar regjeringa med tanke på raske tiltak. 

Tidlegare denne veka vart det kjent kva komitear stortingsrepresentantane skal sitja i. Vi i Initiativ Vest har laga ei oversikt som syner kva komitear representantane frå dei fire valkrinsane på Vestlandet skal sitja i dei neste fire år. Oversikten syner at vestlendingar er godt representert i viktige komitear, og klare for å bidra til å løyse viktige oppgåver framover. Komiteane konstituerer seg sjølve gjennom å velja leiar og 1. og 2. nestleiarar. Noko er derimot alt klart, og særskilt to ting er etter mitt syn særleg interessant å merka seg:

Eigil Knutsen (Ap/Hordaland) skal leia Finanskomiteen på Stortinget dei neste fire åra. Av mange vert denne komiteen omtala som den mektigaste komiteen av dei alle, og med den parlamentariske situasjonen vi har i Noreg no vert dette utan tvil ein viktig posisjon i komande periode. Det er her mange av dei store slaga i budsjettforhandlingane mellom mindretalsregjeringa og opposisjonen (i hovudsak SV) vil stå, og denne komiteen vil difor ha ei nøkkelrolle i norsk politikk framover. I tillegg til Knutsen er det i tillegg vert å merke seg at det også er fleire andre representantar frå Vestlandet i denne komiteen som også har sentrale posisjonar i sine parti i inneverande periode.  

Samferdsle er ei av sakene som folk på Vestlandet bryr seg særleg mykje om. I den anledning er det vert å merka seg at det er Erling Sande (Sp/Sogn og Fjordane) som er mannen som har fått oppdraget med å leia Transport- og kommunikasjonskomiteen dei neste fire åra. Sande møtte også i Stortinget frå 2005-2019 og var i perioda 2009-2013 leiar av Energi- og miljøkomiteen. Når han no gjer comeback i rikspolitikken etter åtte år skal han altso leia komiteen for saksfeltet som kanskje flest Vestlendingar har sine auger på, og sterke meiningar om. Sande skal leia arbeidet i Stortinget med å følgje opp viktige saker for Vestlandet i åra som kjem. På hans bord ligg det ei rekkje viktige samferdsleprosjekt som vil bidra til å byggje Vestlandet som region. Mange har klare forventningar til at dei store ambisjonane i Nasjonalt Transportplan (NTP) frå juni vert følgde opp, og Sande får ei nøkkelrolle i dette. 

Det vert svært interessant å følgje med på korleis forholdet mellom den nye mindretalsregjeringa og Stortinget vil utvikle seg framover. Vi har alt fått nokre signal om korleis det kan verte, og kan nok alt no konkludere med at det også i komande periode vil bli mange kampar og behov for snekkring av mange kompromiss i Stortinget. Då er det ein god ting at folk som kjenner Vestlandet godt er plassert i viktige posisjonar! 

Tommy Aarethun

Andre innlegg

Grøne initiativ må følgjast opp politisk

Grøne initiativ må følgjast opp politisk

Skjermdump: Vestlandsporteføljen 2021 Denne veka vart Vestlandsporteføljen 2021 i regi av Grøn Region Vestland lansert. Men er det vilje og kraft til å utløyse moglegheitene og potensialet som ligg der?Måndag denne veka vart den nye rapporten Vestlandsporteføljen 2021...

Torer de å flytte eit departement eller tre?

Torer de å flytte eit departement eller tre?

Dette innlegget stod fyrst på trykk i Dagsavisen/Rogalands Avis 17.11.2021.I Hurdalsplattforma vert det slått fast at ein skal ta heile landet i bruk i større grad. Kva skal det bety i praksis? Mange hadde store forventningar og var spente på kva som ville stå i...

Blogg: Vi må utvikle, ikkje avvikle Vestland fylke!

Blogg: Vi må utvikle, ikkje avvikle Vestland fylke!

Valkampen er over. Hurdalsplattforma er presentert. Statsrådane er komne ut på Slottsplassen. No bør alle som er opptekne av utviklinga av Vestland(et) dreie fokuset inn mot korleis vi kan styrka regionen. Slik at vi kan løyse dei store oppgåvene vi står...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This