Blogg: Vi må utvikle, ikkje avvikle Vestland fylke!

28 oktober, 2021 | Blogginnlegg

blogg tommy

Valkampen er over. Hurdalsplattforma er presentert. Statsrådane er komne ut på Slottsplassen. No bør alle som er opptekne av utviklinga av Vestland(et) dreie fokuset inn mot korleis vi kan styrka regionen. Slik at vi kan løyse dei store oppgåvene vi står ovanfor. 

Mange var spente på skjebnen til fylkesreforma før framlegginga av Hurdalsplattforma (ekstern lenke) til Arbeiderpartiet og Senterpartiet. Der vert det slege fast at søknaden frå Troms og Finnmark skal godkjennast, og at raskt skal setjast i gong ein prosess knytt til Viken. Vestland fylke er derimot ikkje nemnt. Den nye regjeringsplattforma bør difor vera den endelege streken for ein debatt kring oppløysing av Vestland fylke. Vi har ikkje tid til å nytte meir krefter og fokus på denne debatten. No må vi ruste oss for å løyse dei store oppgåvene som ventar. 

Dei fleste som har sterke meiningar om fylkes- og kommunegrenser har også som oftast eit sterkt ynskje om at deira region og distrikt skal styrkast. Til dømes gjennom at dei skal få tilført fleire oppgåver og arbeidsplassar. At attraktiviteten skal auke. At fleire skal flytte dit. At deira samfunn skal kunne tilby gode tenestar til dei som bur der. Då treng dei også at deira distrikt og region har kraft og kapasitet til å kunne løysa desse oppgåvene. Den krafta og kapasiteten vert svekka om den er låst til prosessar kring oppløysing og reversering. 

Samstundes som utfordringane er mange og oppgåvene store, pågår det no også ei rekkje prosessar der Vestlandet som landsdel har moglegheiter til å utløyse det store potensialet som ligg i å skape nye næringar og verdikjeder basert på våre naturressursar i møtet med det grøne skiftet vi står i. Skal ein lukkast med å utløyse dette potensialet må ein ha både politiske og administrativ kapasitet til å gripe dei sjansane som no fins. 

Langs vestlandskysten har ein mange felles utfordringar, og det store potensialet ligg innanfor liknande næringar og bransjar. Difor er det etter mitt syn positivt at ein no til dømes har fått på plass ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylkja Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal i regi av Vestlandsrådet. Eg trur politikarar og andre som arbeider med samfunnsutvikling på Vestlandet gjer klokt i å heller tenke samarbeid og felles prosjekt, enn å nytte tida på å drøfte om og eventuelt korleis ein skal reversere fylkesgrenser. 

Eg trur Vestland fylkeskommune er betre rusta til å løyse dei store oppgåvene og til å utløyse potensialet, enn kva Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune var kvar for seg. Den nye regjeringsplattforma peikar i retning av at det vil kome fleire oppgåver og satsingar over heile landet i åra som kjem. Då må vi vera klare og ha kapasitet til å ta i mot dette, og ikkje nytte tida på omkamp om fylkesgrenser. Dette høyrer eg også frå stadig fleire eg snakkar med om fylkesreforma, som no seier noko ala «Ja, eg var mot samanslåing eg altso, men vi har ikkje tid til å nytte meir ressursar og krefter på det der no». Eg trur dei har heilt rett.

Vi må utvikle, ikkje avvikle Vestland fylke!

Tommy Aarethun

Andre innlegg

Blogg: Vert det danske tilstandar i Hurdal?

Blogg: Vert det danske tilstandar i Hurdal?

I desse dagar forhandlar Ap og Sp om ei ny regjeringsplattform. Den kan verta presentert alt no før helga, og sjølv om nokre drypp stadig siv ut knyt det seg no stor spaning til kva den nye regjeringsplattforma vil innehalde. Eit av dei områda det knyt seg...

Blogg: Vi treng musklane til å løyse viktige oppgåver

Blogg: Vi treng musklane til å løyse viktige oppgåver

Det er mange store oppgåver som skal løysast dei komande åra. Vi treng kraft, styrke og fokus til å løyse desse viktige oppgåvene. Då bør ikkje ei ny regjering opne for å reversere Vestland fylke. Denne veka forlot SV sonderingane og det vert no forhandla om, og...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This