Debatten om regionane manglar innhald

25 januar, 2022 | Blogginnlegg

Debatten om regionane i Noreg handlar no i stor grad om splitting av fylker. Vi bør heller snakke meir om innhaldet i regionane, og kva rolle dei skal ha i samfunnet.

Etter mitt syn er det det store ankepunktet mot regionreforma at ein fokuserte for lite på oppgåver og innhald, og for mykje på kvar grensene skulle gå. Hadde ein byrja med ein større debatt om innhaldet, trur eg ein hadde hatt større sjanse til å lukkast med det ein ynskja å få til. Difor bør det finnast eit rom for denne regjeringa til «å sparke liv» i ein større debatt om innhaldet i regionane, og om kva oppgåver fylker og kommunar skal ha. Det bør kunne verta eit godt bidrag til målet om å ta heile landet i bruk i større grad.  
 
Debatten om kva som skal skje med dei fylka som vart slegne saman rasar i desse dagar vidare. Det heng tett saman med dei forventningane som er blitt skapt av i valkampen av dei partia som no sit i regjeringskontora. Særskilt er debatten stor kring fylket Viken, men også andre stader er det temperatur i denne debatten. Til dømes skal det i februar gjennomførast ei rådgjevande folkerøysting i Innlandet, der ein skal røyste over om ein ynskjer å behalde Innlandet eller å gå attende til Hedmark og Oppland. 

24.01 Nettside thumbnail
Debatten er stor ikke bare i Vestland, men også Viken. Foto: Wikimedia Commons

Eg meiner det er bra at debatten kring Vestland fylke no ser ut til å i stort vera lagt død, og at ein her heller har valt å rette fokus mot korleis ein kan styrke fylket og regionen. Sjølv om det alltid vil vera litt innkøyringstid for ei ny eining, meiner eg ein vil kome styrka ut av dette på sikt. Det ser ein alt no konturane av. Den politiske og administrative kapasiteten i fylkeskommunane bør difor framover heller nyttast på å løysa krevjande oppgåver, og å utløyse potensialet ein med anna ser som ein del av det grøne skiftet. Det fins nok av begge deler.  

 
Meir fokus på regionane si rolle, innhald og oppgåver 

Framover treng vi ein revitalisert debatt om kva rolle regionane skal ha i det norske samfunnet. Skal regionane styrkast eller skal dei svekkast? Ein slik debatt må handle om oppgåver, om maktforholdet mellom dei ulike forvaltningsnivåa i samfunnet og om økonomisk handlingsrom – og mindre om kvar grensene går. Fyrst då vil vi få ein debatt kring dett som verkeleg kan føre til substansielle endringar.  
 
Noko av det fyrste som skjedde i 2022 var varslinga av oppstart av arbeidet med ei ny distriktsmelding. I denne skal regjeringa i følgje kommunal og distriktsminister Bjørn Arild Gram «avklare hvordan vi skal gjøre disse ambisjonene om til praktisk politikk». Det er nok klokt, all den tid det er skapt store forventningar på dette området frå Arbeiderpartiet og Senterpartiet dei seinare åra. Alt i 2023 vil den sitjande regjeringa verte målt på dette punktet, i kommunestyre- og fylkestingsvalet, og det hastar slik sett med å kome i gong med å levere konkrete ting på dette politikkfeltet.  
 
I løpet av 2020 kom det to rapportar frå to ulike utval. Det eine var leia av Svein Richard Brandtzæg og såg på næringslivet si rolle for å nå distriktspolitiske mål. Det andre var leia av Victor Norman og såg på demografiutfordringar i distrikta. Begge dei to hadde ei rekkje spanande framlegg og element som burde ha blitt drøfta meir politisk.  
 
Etter litt merksemd kring framlegginga har det derimot vore ganske stille. Mistenkeleg stille. Så stille at det er grunn til å stille spørsmål kring kvifor det er slik? Begge utvala er derimot nemnt i Hurdalsplattformen til regjeringa, og ein kan difor ha von om at deira arbeid får ny interesse som ein del av arbeidet med ei ny distriktsmelding. For kanskje ligg nokre av dei gode løysingane der allereie, i ei skuff i departementet?

Forsidebilde: Hordaland Fylkeskommune, Flickr

Tommy Aarethun

Dagleg leiar
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Gjesteinnlegg: Viktige avklaringar manglar framleis

Gjesteinnlegg: Viktige avklaringar manglar framleis

Onsdag 11. mai hadde regjeringa pressekonferanse om havvind. For første gong talfesta regjeringa mål for installert norsk havvindkapasitet.Målet er tildelte område på 30 GW innan 2040. Med ein kapasitetsfaktor på 0,5 vil det gje 131,4 TWh i året. Vindforholda er...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This