Deltok med innlegg på konferanse for tilsette i Kongressen

9 april, 2021 | Nyhende

Wilsoninnlegg

Torsdag 08.04 deltok dagleg leiar i Initiativ Vest, Ole Rasmus Øvretveit, med eit innlegg på The Wilson Center’s Congressional Foreign Policy Arctic Masterclass. Konferansen samlar senior-tilsette i Kongressen og ekspertar for diskusjonar knytt til arktiske forhold.

– Det er viktig at Noreg og norske interesser er kopla tett på internasjonale prosessar og beslutningstakarar. Difor er vi glad for å kunne delta på denne viktige samlingen i regi av Wilson-senteret, seier Ole Rasmus Øvretveit. 

Fokus på verdiskaping og moglegheiter i havet

I sitt innlegg fokuserte Øvretveit på å løfte fram utfordringar og moglegheiter knytt til den økonomiske utviklinga i og rundt havet i åra som kjem. Han adresserte og drøfta blant anna arbeidet som er gjort i regi av The High Level Panel for a Sustainable Ocean Economy, som statsminister Erna Solberg var ein av initiativtakarane til. Denne tematikken var også tema for eit webinar vi i Initiativ Vest arrangerte i desember 2020. Dette webinaret kan du lese meir om og sjå HER.  

– Det er både store moglegheiter og utfordringar knytt til økonomisk utvikling i og rundt havet. Det er viktig at ein havnasjon som Noreg og ein havregion som Vestlandet føl denne utviklinga tett og bidreg til ei bærekraftig utvikling som også er i tråd med våre interesser, seier Øvretveit  

I 2021 kjem ei bok der Øvretveit er medredaktør saman med blant anna forskarar frå Wilson-senteret som omhandlar tematikken. 

Andre innlegg

– Det er heilt avgjerande at vi samlar kreftene framover

– Det er heilt avgjerande at vi samlar kreftene framover

Vestlandsrådet vedtok i haust ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka som skal nyttast som eit grunnlag for arbeidet med den store omstillinga som Vestlandet står ovanfor. Initiativ Vest har vore med i arbeidet.Etter ein ganske omfattande prosess vedtok...

Vi lanserer ny nettside!

Vi lanserer ny nettside!

Initiativ Vest lanserer no våre nye nettsider. Målet er at det skal verte ein plattform som innbyr til samhandling, og til engasjement for samfunnsutviklinga på Vestlandet.  - Vi er veldig glade for å no ha fått på plass ei ny og modernisert nettside! Den nye...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This