– Det er heilt avgjerande at vi samlar kreftene framover

25 november, 2021 | Nyhende

initiativ vest web bilder 021

Vestlandsrådet vedtok i haust ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka som skal nyttast som eit grunnlag for arbeidet med den store omstillinga som Vestlandet står ovanfor. Initiativ Vest har vore med i arbeidet.

Etter ein ganske omfattande prosess vedtok Vestlandsrådet på sitt møte 2. september ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka. Initiativ Vest har vore kopla tett på arbeidet med den nye strategien gjennom at styreleiar Geir Inge Lunde har deltek i arbeidsgruppa som har utforma den nye strategien. No vert det arbeida med å ta dette vidare, å finne ei form for det vidare samarbeidet. I den anledning har vi teke ein prat med Geir Inge Lunde.

Geir Inge Lunde
Styreleiar i Initiativ Vest Geir Inge Lunde

Kvifor er det smart med ein felles næringsstrategi for Vestlandet?

– Vestlandet sitt potensiale er stort, men om vi skal lukkast i møtet med den omstillinga vi står ovanfor må vi ha ei sterkare hand på rattet, seier Lunde.

Lunde peikar på at mange av utfordringane og moglegheitene i dei tre vestlandsfylka er ganske like, og at ein difor er tent med å samarbeide kring ein del av desse tinga.

– Næringsstrukturen langs vestlandskysten er ganske lik, og mange av utfordringane og moglegheitene er difor ganske samanfallande. Gjennom å styrkja samarbeidet aukar vi difor sjansane for å lukkast, meiner Lunde.

Oppteken av grunnmuren

Kva meiner du er dei viktigaste grepa i dette arbeidet? Og kvifor er det viktig?

I arbeidet med den nye næringsstrategien har det blitt gjort eit skilje mellom «Styrke grunnmuren for næringsutvikling» og «Vekst på komparative fortrinn». Lunde er særskilt nøgd med at arbeidet med å styrkje grunnmuren har fått  ein stor plass i den nye strategien.

– Det ligg mykje godt i den nye strategien, men grepet med «grunnmur» er på mange måtar noko «litt nytt» her på Vestlandet, og eg er veldig glad for at  Vestlandsrådet ser viktigheten av dette.

Denne delen av strategien handlar kort oppsummert om å styrke grunnleggande, næringsfremjande strukturar og styrke kultur og samhandling. Lunde peikar vidare på at tenkinga kring dette med å arbeide med grunnmuren i stor grad fell saman med bakgrunnen for skipinga av Initiativ Vest.

Du er tydeleg oppteken av «grunnmuren». Kvifor er dette så viktig?

– Det er etter mitt sin heilt avgjerande og på høg tid at vi får på plass krefter og miljø som arbeider langsiktig og systematisk med viktige saker her på Vestlandet. Det handlar til dømes om å få på plass infrastruktur, betre representasjon i nasjonale maktposisjonar, fleire statlege arbeidsplassar til Vestlandet, meir kompetanse tilpassa vårt næringsliv og betre samarbeidsstrukturar på Vestlandet som skal til for å kunne utvikle både noverande og nytt næringsliv i regionen.

Han løftar fram infrastrukturprosjekt som vil byggje saman regionen som viktige dømer, og seier vidare at det som skjer kring kraftsituasjonen på Vestlandet no er ein god illustrasjon på behovet for at det vert jobba systematisk og langsiktig med denne typen spørsmål i åra som kjem.

Untitled design 17
Skjermdump frå den felles næringsstrategien.

Kva meiner du vert det viktigaste for Vestlandet framover på dette området?

– Eg er glad for at stadig fleire ser ut til å sjå behovet for, og verdien av eit tettare samarbeid på Vestlandet. Vi er den einaste regionen i landet som kan vera ei reell motkraft til Osloregionen, men om vi skal kunne vera det er det heilt avgjerande at vi samlar kreftene framover. Vi står framfor store val og omstilling som vil definere vår framtid i fleire tiår. Då må vi få ei sterkare stemme som kjenner kvar skoen trykker.

Avslutningsvis peikar han på at det no ligg eit godt grunnlag i denne strategien, og i andre meldingar og rapportar som er kome dei seinare åra. Han har likevel ei siste åtvaring å kome med:

– Alle veit at rapportar og strategiar med flotte ord og visjonar er lite verdt om dei ligg i ei skuff. Det er korleis dette vert følgt opp som vil avgjere i kva grad ein vil lukkast. Vi som er opptekne av samfunnsutviklinga på Vestlandet må stille tydelege krav til lokale, regionale og nasjonale vestlandspolitikarane om at dei føl dette opp på ein tydeleg og forpliktande måte.

Den nye felles næringsstrategien for dei tre vestlandsfylka finn ein HER.

Andre innlegg

Vi lanserer ny nettside!

Vi lanserer ny nettside!

Initiativ Vest lanserer no våre nye nettsider. Målet er at det skal verte ein plattform som innbyr til samhandling, og til engasjement for samfunnsutviklinga på Vestlandet.  - Vi er veldig glade for å no ha fått på plass ei ny og modernisert nettside! Den nye...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This