Drøfta det grøne skiftet på samling to av Vestlandsakademiet

22 oktober, 2021 | Nyhende

Skjermbilde 2021 10 22 kl. 09.38.10 1
Foto: Skjermdump frå Bjørn Sundland sin presentasjon

Torsdag 21.10 var deltakarane i Vestlandsakademiet samla til si andre samling. Tema for denne samlinga var eit tema som opptek mange i desse dagar – nemleg korleis det grøne skiftet vert på Vestlandet.

I Vestlandsakademiet er målet at deltakarane skal få innsikt i og kunnskap om tematikkar som er viktig for landsdelen. I etterkant av presentasjonar frå utvalte innleiarar drøfter deretter deltakarane tematikkane. 

Les meir om Vestlandsakademiet og samlingane her. 

Teikna det globale biletet og forklarte lokale konsekvensar 

Kikki Kleiven er direktør for Bjerknessenteret og var den fyrste eksterne innleiaren på årets kull av Vestlandsakademiet. I si innleiing snakka ho med anna om dei globale konsekvensane av klimaendringane, om FN sin føreståande klimakonferanse i Glasgow (COP 26), om kva som skal til for å lukkast med både å kutte utslepp og å tilpasse oss dei konsekvensane vi allereie har fått som ei følgje av klimaendringane. 

I tillegg til dette peika Kleiven i si innleiing på dei lokale konsekvensane på Vestlandet som følgje av klimaendringane. Stadig meir ekstremt vær fører til hyppigare flaumar og ras langs heile Vestlandskysten, noko vi har sett tydelege konsekvensar av ved fleire høve dei seinare åra. 

Presenterte prosjekt og peika på behovet for tempo og krav 

Bjørn Sundland er senior forretningsutviklar i BKK og styreleiar i NCE Maritime CleanTech og var den andre som bidrog med innleiing på samlinga. I sitt innlegg snakka han om moglegheitene som oppstår på Vestlandet som ei følgje av alt som skjer innan det grøne skiftet. Sundland er i kraft av rollane i BKK og NCE Maritime CleanTech sentral i fleire spanande prosjekt på Vestlandet, og han gav deltakarane i akademiet eit innblikk i noko av det som skjer. 

I tillegg til dei aktuelle prosjekta adresserte Sundland i sitt innlegg nokre av dei utfordringane ein står ovanfor. Til dømes handlar det om behovet for å auke tempoet i utbygginga av infrastrukturen (til dømes nettkapasitet) som er naudsynt for at ein skal kunne lukkast med å utløyse potensialet som ligg i det grøne skiftet. Han snakka og om korleis tydeleg krav frå styresmaktene bidreg til å drive det grøne skiftet og teknologiutviklinga framover, og brukte med anna dei krava som er stilt til ferjedrifta på Vestlandet og cruisenæringa som dømer frå det maritime. 

Drøfta vegen vidare for det grøne skiftet på Vestlandet

I etterkant av innleiingane frå Kikki Kleiven og Bjørn Sundland drøfta deltakarane i Vestlandsakademiet ulike spørsmål og problemstillingar for korleis det grøne skiftet vil kome til å utvikle seg på Vestlandet framover. Desse problemstillingane og drøftingane vil også verta med vidare som eit bakteppe for drøftingar på dei øvrige samlingane i akademiet.

Neste samling i Vestlandsakademiet er i desember og temaet er Vestlandet som havregion.

Andre innlegg

Fyrste samling for Vestlandsakademiet

Fyrste samling for Vestlandsakademiet

I kveld arrangerte vi den fyrste av seks samlingar for det fyrste kullet i Vestlandsakademiet. Målsetjinga er at deltakarane skal få kunnskap om og innsikt i viktige saker og tematikkar for Vestlandet. Vestlandsakademiet er eit samlingsbasert akademi som vil ha...

Kva betyr valet for Vestlandet i tal?

Kva betyr valet for Vestlandet i tal?

Etter stortingsvalet 13. september er det klart at Noreg vil få ei ny regjering leia av Jonas Gahr Støre og Arbeiderpartiet. Men kven skal representere Vestlandet på Stortinget dei neste fire åra?Dei fire valkrinsane på Vestlandet utgjer samla 42 mandat. Hordaland...

Kva vestlandspolitikarar vil du ha?

Kva vestlandspolitikarar vil du ha?

Korleis vil du at Vestlandet skal sjå ut? Kva er dei viktige sakene for deg når du røystar? Det er tida for å spørja seg sjølv om det no. Det er tida for å spørja politikarane om dei har svar på dei vanskelege spørsmåla dine. For det er no dei reiser rundt, med bilar,...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This