Ei felles satsing på yrkesfag på Vestlandet 

17 august, 2022 | Blogginnlegg

Det kan godt hende regjeringa sitt framlegg om eit nasjonalt senter for yrkesfag er ein god ide for å gjera noko med kompetanseutfordringane og yrkesfaga, men det er ein dårleg ide med ein kamp om kvar på Vestlandet eit slikt senter skal ligge.

Stadig fleire peikar på tilgangen på kompetanse som kanskje den aller største oppgåva framover, ikkje minst her på Vestlandet. I Hurdalsplattforma er det slått fast at det skal etablerast eit nasjonalt senter for yrkesfag, som eit av grepa for å møte dette. Bakgrunnen er at norsk nærings- og samfunnsliv treng fleire fagarbeidarar både for å vidareutvikle velferdsstaten og industrien. Framlegget om eit nytt nasjonalt senter har som vanleg utløyst ein posisjoneringskamp ute i regionane er i gong, om kva region som er best rusta til å huse eit slikt senter. Fleire sentrale politikarar på Vestlandet har alt slått fast at deira fylke er best rusta for å husa denne satsinga. 

Er det eigentleg behov for eit slikt nasjonalt senter? Det kan meget godt hende. Men for å kunne svare grundigare på spørsmålet trur eg ein fyrst av alt treng ein grundig debatt om kva eit slikt senter skal huse og ha ansvar for. Kva skal det gjera som i dag ikkje alt vert gjort av andre, og kvifor det eventuelt er lurt å flytte ting inn i eit slikt senter? Eg skal innrømme at det er freistande å harselere med at det er noko veldig typisk norsk ved å løyse store utfordringar med «eit nasjonalt senter», men utfordringane knytt til kompetanse no og i framtida er no so store at ein ikkje bør skyte ned ideen før den er debattert grundig. 

Det er difor godt å registrere at kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) har uttala at ein fyrst må drøfte kva senteret skal ha ansvar for og huse, før ein kan ta stilling til kvar senteret skal liggje. Akkurat det burde politikarane og andre som er opptekne av dette merke seg, då ein slik prosess og debatten etter mitt syn er ein glitrande anledning til å utvikle eit tettare yrkesfagleg samarbeid på Vestlandet. På den måten kan ein fyrst drøfte fag og innhald i ei slik satsing og seinare kan ein saman løfte fram eit eventuelt felles senter. 

Det er mange ting som talar for at eit nasjonalt senter for yrkesfag bør liggja ein eller annan stad på Vestlandet. I denne regionen har ein lange tradisjonar for industri og næringar der yrkesfaga spelar ei viktig rolle. Med ei lokalisering i denne regionen vil ein også sikre at det kjem tett på næringane som skal vera fundamentet i det grøne skiftet landet no står i. Men kva om ein denne gongen droppa den interne kranglinga i regionen om kvar det skal liggje? Kva om dei tre fylkeskommunane, til dømes i regi av Vestlandsrådet der dei har forplikta seg til meir og betre samarbeid gjennom ein felles næringsstrategi, heller gjekk saman om å løyse utfordringane knytt til kompetanse og yrkesfaga. Utfordringane i dei tre vestlandsfylka er på mange måtar dei same, og det er grunn til å tru at ein kan ha mykje å tene på å samarbeid meir om tematikkane og lære av kvarandre. 

Eit slikt samarbeid kan også vera ein klok måte å posisjonere seg på for å kome i førarsetet for å få ansvaret for eit nasjonalt senter. Senteret kunne blitt organisert med hub´ar ulike stader i regionen. Til dømes ein i Ulsteinvik, ein i Odda og ein i Egersund. For å nemne tre av fleire stader i regionen som kunne vore aktuelle. Ei slik tilnærming, der ein koplar ulike kompetansemiljøa tett på, opnar også opp for å kople på miljø over heile landet. Det bør vera ei naturleg og sjølvsagt målsetjing for eit nasjonalt senter.  

Ingen ting vil vera betre enn om ein grundig prosess om innhaldet, der ein styrkar samarbeidet og satsinga på kompetanse og yrkesfaga på Vestlandet, endar med at det nasjonale senteret vert lokalisert her i regionen. Om det derimot skulle ende med at senteret vert lokalisert ein annan stad vil ein med ei slik tilnærming til prosessen uansett ende opp med å ha fått på plass eit styrka samarbeid og satsing på kompetanse og yrkesfag i regionen. Og når alt kjem til alt er vel det tross alt uansett det viktigaste?

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Mangel på kompetanse kan bremse det grøne skiftet

Mangel på kompetanse kan bremse det grøne skiftet

Dette var vårt nyhendebrev i veke 46, sendt ut fredag 18. november. Meld deg på vårt nyhendebrev her God fredag!Mangel på kompetent arbeidskraft og kunnskap kan bremse det grøne skiftet. Ein ny rapport laga av Oslo Economics på oppdrag frå NHO og LO syner behovet for...

Fra nasjonale målinger til lokalvalget

Fra nasjonale målinger til lokalvalget

Dette var vårt nyhetsbrev i uke 45, sendt ut fredag 11. november. God fredag!16,9 prosent til Arbeiderpartiet og 5,3 prosent til Senterpartiet. Det er sjokktallene fra denne ukens nasjonale måling i Dagsavisen. Den er bare én i en etter hvert lang rekke dårlige...

Tillitskrise i samferdselspolitikken

Tillitskrise i samferdselspolitikken

Dette var vårt nyhetsbrev i uke 44, sendt ut fredag 04. november. God fredag! Det har vært tunge uker for noen av de viktigste samferdselsprosjektene på Vestlandet. E16 og Bybanen er kastet ut i usikkerhet. Det er krise for disse prosjektene.  Og det er krise for...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This