Eit lokalval som kan bli totalt dominert av nasjonale saker!

25 august, 2022 | Innlegg

Internasjonale og nasjonale spørsmål dominerer den politiske dagsordenen og slik vil det truleg verta det komande året. Likevel bør ein ikkje gløyme at det er lokalval neste år.  No er det litt over eitt år til neste kommunestyre- og fylkestingsval. Den lange valkampen er så smått i gong, med programarbeid og nominasjonar ute i kommunane […]

Internasjonale og nasjonale spørsmål dominerer den politiske dagsordenen og slik vil det truleg verta det komande året. Likevel bør ein ikkje gløyme at det er lokalval neste år. 

No er det litt over eitt år til neste kommunestyre- og fylkestingsval. Den lange valkampen er så smått i gong, med programarbeid og nominasjonar ute i kommunane og fylka. Samstundes er det politiske ordskiftet i Noreg, heilt naturleg, totalt dominert av saker som vil trenge internasjonale og nasjonale løysingar. Straumpris, renter, matvareprisar og pumpeprisen på drivstoff. Korleis vil dette påverka den kommande valkampen? I stor grad og meir enn vanleg trur eg. 

Sjølv om lokale og regionale forhold alltid vil føre til utslag i eit lokalval er det grunn til å tru at partia sin oppslutning nasjonalt vil vera førande for korleis valet i 2023 vil ende. Ikkje minst i dei største byane og kommunane. Det bør særskilt bekymre dei to regjeringspartia, som no slit tungt på målingane. Kvifor det spør du?

Begge regjeringspartia slit tungt på målingane, og det har særskilt gått hardt utover Senterpartiet, syner oversikta til Pollofpolls. Regjeringa har fått ei rekkje kriser i fanget, og har med nokre unntak ikkje lukkast med å kome skikkeleg i gong med sitt politiske prosjekt. Fleire av statsrådane har vore påfallande usynlege. På sett og vis heilt naturleg med den politiske dagsordenen ein no har, men like fullt eit stort problem for regjeringspartia der det allereie er mogleg å spore interne murringar. 

I inneverande periode (2019-2023) har dei to regjeringspartia Arbeiderpartiet og Senterpartiet til saman 9 av 11 fylkesordførarar og 279 av 356 ordførarar. Dei styrer dermed ei rekkje små og mellomstore kommunar over heile landet, men dei styrer også dei store byane. Om ein legg dagens målingar og ei antaking om at dei nasjonale sakene i stor grad vil dominere den komande valkampen er det grunn til å tru at mange av desse vil miste jobbane sine. Vil det føre til meir murring, og på sikt krav frå regionale og lokale politikarar i dei to regjeringspartia? Truleg.

I det komande valet skal det seljast nye ordførarar i 356 kommunar og 11 fylkeskommunar. Om ein bryt dette ned for å sjå kva dette betyr for Vestlandet så er det snakk om ny politisk leiing i 92 kommunar og tre fylkeskommunar. Korleis dei 95 vala på Vestlandet neste år endar har sjølvsagt mykje å seia for utviklinga i kvar og ein av kommunane og fylka, men i sum vil dette også ha mykje å seia for kva retning regionen tek. Det er difor ein tapt moglegheit til å utfordre partia på lokalt og regionalt nivå dersom det endar med at det berre vert nasjonale saker som dominerer den politiske dagsordenen.

Politikarar på lokalt og regionalt nivå i dei ulike partia får ei tøff oppgåve når dei skal kome på i media og setja dagsorden med sine saker. Dei av oss som er opptekne av korleis utviklinga i kommunane og i regionane vert framover bør hjelpe dei! 

Her er nokre tidlegare innlegg om saker vi meiner bør få større merksemd framover:
– Desse tre forholda vert avgjerande for at Vestlandet skal lukkast.
– Auk fokuset på dei regionale sentra!
– Politisk samarbeid på tvers av kommunegrenser

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This