Eksportlandsdelen må leie an i eksportløftet

18 mars, 2022 | Innlegg

Nyleg kom regjeringa med grep for å auke eksporten. Til tross for at det er usemje om kva som er dei rette tiltaka er det unison semje om at det hastar å gjera noko med dette. Ikkje minst er dette viktig for Vestlandet.  Ingen annan landsdel eksporterer som Vestlandet. I følgje tal frå Menon Economics stod dei […]

Nyleg kom regjeringa med grep for å auke eksporten. Til tross for at det er usemje om kva som er dei rette tiltaka er det unison semje om at det hastar å gjera noko med dette. Ikkje minst er dette viktig for Vestlandet. 

Ingen annan landsdel eksporterer som Vestlandet. I følgje tal frå Menon Economics stod dei tre vestlandsfylka i 2020 for 41 prosent av eksporten. I tillegg veit vi at det er næringane her i regionen som er i front kva gjeld potensiale for vekst framover. Ikkje minst er det også her miljøa som skal drive fram utviklinga i regjeringa sine to fyrste satsingar ligg: havvind og den maritime næringa. Sjølv om det ikkje var ei veldig stor overrasking at havvind ville vera ei av satsingane, var det likevel nettopp det berre ein månad etter at regjeringa sjølv lanserte si eiga havvindssatsing med kablar berre til Noreg. Skal dette verta eit eventyr må vi få fart på arbeidet med storskala flytande havvind også, utover den botnfaste utbygginga i fyrste fase av Sørlige Nordsjø II. 

Dei politiske skilelinene i norsk politikk gjer seg gjeldane også i denne debatten. «Størst mulig eksport er ikke et mål i seg selv» skreiv dåverande næringsministaren Iselin Nybø (V) i ein kronikk i DN etter at Eksportmeldingen 2021 frå Menon Economics var publisert. Nettopp dette gjorde Vestre eit tydeleg poeng av på sin pressekonferanse, der han slo tydeleg fast at det for denne regjeringa nettopp er eit mål i seg sjølv å auke eksporten. Frå verksemdene på Vestlandet er beskjeden at det viktigaste er at ein no faktisk kjem i gong, og ikkje berre diskuterer kva som skal vera målsetjingane.

Eit av grepa frå regjeringa er å opprette eit nytt Nasjonalt Eksportråd. Det betyr også at Eksportstrategirådet som vart oppretta i 2021 og lagt til Ålesund vert lagt ned før det hadde fått tilsette. Det har ført til blanda reaksjonar. I staden vel Vestre og regjeringa altså å styrke andre delar av verkemiddelapparatet, med anna gjennom at Eksportfinansiering (Eksfin) får eit breiare mandat og kontor både i Stavanger og Ålesund. I fyrste omgang er det snakk om to tilsette i kvar by, men Vestre har varsla med anna til Stavanger Aftenblad at både Stavanger og Ålesund bør vera budd på fleire eksportorienterte arbeidsplassar i framtida. Det står att å sjå kva resultatet av dette vert til slutt. 

Det er enno etter mitt syn litt tidleg å konkludere veldig tydeleg kring kva denne eksportreforma frå regjeringa vil føre til av konkrete resultat. Den viktigaste grunnen til det er at vi har fått for lite heilskapleg informasjon om kva dette totalt sett er, utover det som vart presentert på pressekonferansen til Vestre. Det er også naturleg å sjå an arbeidet til det nye nasjonale eksportrådet noko før ein konkluderer. Resultatet av deira arbeid og anbefalingar vil ha mykje å seia for heilskapen, og for sjansen til å lukkast med å nå målet om å auke eksporten utanom olje og gass med 50 % innan 2030. 
 
Likevel kan vi alt no slå fast at det er bra at regjeringa tydeleg anerkjenner og styrkar miljøa på Vestlandet si rolle i arbeidet med å nå Noreg sine eksportmål. «Vestlandet er hjertet i eksportnasjonen Norge» sa Vestre når han lanserte satsinga. Det er i seg sjølv eit viktig signal til næringslivet og fagmiljøa her i regionen, som vert understreka av at ein no knyt det nasjonale verkemiddelapparatet som allereie fins tettare på miljøa i regionen. Setninga må derimot ikkje verta berre det, ein entusiastisk setning på ein pressekonferanse, men den må forplikte og den må følgjast opp med konkrete grep og verkemiddel i tida som kjem.

I tillegg til dei nasjonale grepa som no vert gjort med anna gjennom å styrkje verkemiddelapparatet i regionen, bør ein også sjå på korleis dette kan koplast opp mot klyngene og andre miljø i regionen. Med anna er det i den felles næringsstrategien i regi av Vestlandsrådet peika på ein del utfordringar og moglegheiter som Nasjonalt Eksportråd bør merka seg i sitt arbeid. Dei bør også sjå nøye på andre satsingar som vert gjort av fylkeskommunane og andre miljø i eksportlandsdelen. Som satsinga Skaparkraft, der Møre og Romsdal fylkeskommune har som målsetjing å «stimulere til utvikling av nye næringar gjennom ei spissa satsing på grøne industrielle løft, kompetanse, teknologi og energi.»

Framover vert det heilt avgjerande å sikre nok og riktig kompetanse om ein skal lukkast med å auke eksporten. Dette vil vera ein heilt sentral byggjestein og grunnmur dersom Noreg skal kunne skape nye eksporteventyr. Det nasjonale eksportstrategirådet og andre som no skal meisle ut planen for å auke eksporten frå Noreg, både på kort og lengre sikt, må difor ikkje gløyme dette heilt sentrale aspektet: Å sikre at ein framover har tilgang til nok og riktig kompetanse, som er kopla tett på dei næringane som har potensialet for vekst i eksport. 

Alle må bidra når Noreg no skal bli betre på eksport, men regjeringa gjer klokt i å la eksportlandsdelen Vestlandet leia an. Det trur eg vil auke sjansane deira for å lukkast.  

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This