Engasjement i urolege tider

9 januar, 2023 | Blogginnlegg

Dette var nyhendebrevet fredag 06. januar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.

Uro var tittelen på NHO sin årskonferanse denne veka, og uro pregar inngangen til 2023. 

Mange privatpersonar og verksemder kjenner på uro på veg inn i det nye året. Det knyt seg med anna til konsekvensane av den pågåande krigen i Europa, høge råvareprisar og auka kostnadsnivå på dei fleste varer. Mange er rett og slett bekymra for om dei har råd til å betale rekningane. 

Dette bakteppet vil mest truleg prege den politiske dagsordenen også i valåret 2023, og sjølv om det er eit lokalval er det difor all grunn til å tru at det fyrst og fremst er nasjonale og internasjonale saker som vil få størst merksemd. 

Det komande året skal det veljast 92 ordførarar og tre fylkesordførarar på Vestlandet. Korleis dei 95 vala endar vil ha stor innverknad på kva retning ditt lokalsamfunn og din region tek dei neste fire åra. Difor må også dei lokale og regionale sakene få plass, og lokalpolitikarane synleggjere korleis dei tenker kommunane og fylkeskommunane bør utviklast framover. Vi som er opptekne av dette skal bidra til å utfordre. 

I desse dagar er mange nominasjonskomitear i innspurten av sitt arbeid, og fleire av dei har no tøffe oppgåver med å fylle opp listene. Med uro og polariserte debattar veit vi at demokratiet kjem under presset, og at mange vegrar seg for å engasjere seg. Likevel er det viktigare enn nokon gong at vi i urolege tider i fellesskap står opp for, og dermed bidreg til å sikre demokratiet vårt. Det komande lokalvalet er ein god anledning til dette. 

«– Jeg synes at representasjonen i politikken fra næringslivet er altfor dårlig. Da jeg fikk en telefon med spørsmål om jeg var villig til å stå på listen, fant jeg ut at jeg selv får bidra til å gjøre noe med det, og stilte opp»

Det sa konsernsjef Ivan Vindheim i Mowi til Intrafish i haust når dei lagde ei sak om at han har takka ja til å stå på Bergen Høgre si liste før kommunevalet komande haust. 

Fleire i det private næringslivet burde følgje hans døme og nytte det komande valet til å engasjere seg i lokalpolitikken. Det ville tilført viktige perspektiv og vore eit godt bidra til å styrke demokratiet.

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Har vi kompetansen vi treng, då?

Har vi kompetansen vi treng, då?

Dette var nyhendebrevet fredag 20. januar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her.Arbeidsløysa er rekordlåg. Samstundes har både offentleg sektor og det private næringslivet eit skrikande behov for meir kompetanse. Kampen om både hovuda og...

På tilliten laus

På tilliten laus

Dette var nyhendebrevet fredag 13. januar. Få det i innboksen kvar fredag ved å melde deg på her. Inngangen til 2023 starta brutalt for Rogalandsbenken på Stortinget. I ei undersøking gjennomført av NHO Rogaland og Sparebank 1 SR-bank er dommen tydeleg:- 8...

Samarbeidet på Vestlandet er ikke godt nok

Samarbeidet på Vestlandet er ikke godt nok

Dette var nyhetsbrevet 16. desember og årets siste nyhetsbrev. Vi er tilbake med nyhetsbrev 06. januar. Få det i innboksen hver fredag ved å melde deg på her.Det nærmer seg slutten for et år i Initiativ Vest. Jeg har vært her i to måneder. Etter å ha snakket med folk...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This