For lite fokus på dei regionale sentra

6 mai, 2022 | Blogginnlegg

Foto: Bjørn Erik Pedersen, CC BY-SA 4.0 https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0, via Wikimedia Commons

Regionale senter er viktige for utviklinga i nærområda. Samspelet deira med omlanda får for lite merksemd i norsk politikk. Det bør ein gjere noko med.

No meislar partia ut politikken dei skal gå til val på i 2023. Ny politisk leiing skal veljast og folkevalde stiller til val i 92 kommunar og tre fylkeskommunar på Vestlandet. Det er fantastisk å sjå demokratiet i full sving, og det skapar samstundes forventningar til at ny og spanande politikk vert utvikla. Korleis dei 95 vala på Vestlandet neste år endar har sjølvsagt mykje å seia for utviklinga i kvar og ein av kommunane og fylka, men i sum vil dette også ha mykje å seia for kva retning regionen tek. Difor burde også politikk som bidreg til heilskap på tvers av valkrinsane få merksemd. 


Lite fokus på regionale senter

I NIBR-rapporten, Mindre byer og regionsentre – roller og funksjoner i regioner og regional utvikling, frå 2021 kjem det fram at mindre byar og byregionar får lite politisk merksemd samanlikna med utkantdistrikta og storbyane. Dette til tross for at det same rapporten peikar på at mindre byar og byregionar utgjer ein sentral bestanddel i det norske busetnadsmønsteret, og dermed har vesentleg betyding for den regionale utviklinga i Noreg. 

Vestlandsmeldinga frå 2021 vert det peika på «ankerkommunar», som skal vera eit sentrum for ein sterk lokal region. Eg trur det er ein klok måte å tenke på.Etter mitt syn er det ein heilt sentral føresetnad for ei slik tenking at ein skapar ei forståing av at dei regionale sentra, «ankerkommunane», og deira omland er gjensidig avhengige av kvarandre.

Mange av dei som arbeider og bidreg til vekst i sentra, bur og har sitt liv i omlanda og inngår difor i ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion. Samtidig nyttar dei seg også av offentlege tenestar og andre tilbod i sentra. Sentra og omlanda er med andre ord tett veva saman. Politikken, veksten og utviklinga bør difor kome både senter og omland til gode. 


Felles politikk for senter og omland?

Samhandlinga mellom sentra og omlanda er også omtala i NIBR-rapporten frå 2021. Nyleg tok eg i Firda til ordet for at desse må dra lasset saman i større grad, og synte der til Sunnfjord og det som har kome fram i nærings- og ringverknadsanalysen til Sunnfjord Utvikling om at nabokommunane ynskjer seg at Sunnfjord skal ta på seg ei opa og raus «storebrorrolle»». 
 
Når partia no driv med utmeislinga av ny politikk bør dei lese NIBR-rapporten, og tenke på korleis ein kan utvikle politikk som bidreg til å styrke nettopp denne samhandlinga. Ein ser stadig dømer på at samhandlinga er viktig for å løyse oppgåver og kunne tilby tenestane som innbyggjarane har krav på. Når vi veit kva oppgåver samfunnet står ovanfor framover kan vi leggje til grunn at denne type samhandling vil verta stadig viktigare framover, og då er det heilt naturleg at det vert utvikla meir politikk på dette feltet også.

Kanskje kunne til dømes partilaga i regionane ha laga felles arbeidsgrupper for å utvikle denne typen politikk? På denne måten ville ein kunne ha utvikla ny felles politikk for samhandling mellom eit regionalt senter og deira omland, som både partilag i senter og omland kan gå til val på. I tillegg til å vera eit spanande bidrag til politikkutvikling vil dette også vera ein konkret måte å styrke samarbeidet i regionane på. Det er bra i seg sjølv.

Tommy Aarethun

Dagleg leiar
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Smart havtalegrep

Smart havtalegrep

«Havets tilstand» er blitt ei årleg greie, i regi av Havforskingsinstituttet og havforskingsdirektøren. I år var statsministaren invitert til å dele sine perspektiv på moglegheitene og utfordringane i hav- og kystområda vore. Det var eit smart grep.Havtalen 2022 var...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This