Geir Inge Lunde ny styreleiar i Initiativ Vest

2 juni, 2021 | Nyhende

På dagens årsmøte vart det gjort ei rokkering i styret til Initiativ Vest etter ynskje frå tidlegare styreleiar Pål W. Lorentzen. Geir Inge Lunde vert ny styreleiar i tankesmia medan Pål W. Lorentzen held fram i styret i kraft av rolla som nestleiar.  Pål W. Lorentzen har vore styreleiar i tankesmia Initiativ Vest sidan skipinga […]
ny styreleiar

På dagens årsmøte vart det gjort ei rokkering i styret til Initiativ Vest etter ynskje frå tidlegare styreleiar Pål W. Lorentzen. Geir Inge Lunde vert ny styreleiar i tankesmia medan Pål W. Lorentzen held fram i styret i kraft av rolla som nestleiar. 

Pål W. Lorentzen har vore styreleiar i tankesmia Initiativ Vest sidan skipinga i 2019. Han vel no å overlate styreleiarvervet til Geir Inge Lunde som til no har vore nestleiar i styret. Lunde var med å skipe tankesmia og har det siste halve året på vegne av Initiativ Vest med anna delteke i arbeidet med ein ny felles næringsstrategi for vestlandsfylka i regi av Vestlandsrådet. Les meir om det arbeidet HER.

– Fyrst av alt vil eg takke Pål for den viktige jobben han har gjort som styreleiar under etableringa av Initiativ Vest. Vi har begge vore tett kopla på det arbeidet, og denne rokkeringa vil nok difor i praksis ikkje bety så veldig mykje, seier Geir Inge Lunde

– Stadig raskare endringar og prosessar knytt til grøn omstilling, havet si rolle, infrastruktur, makt og næringsutvikling gjer meg overtydd om at det aldri har vore viktigare å ha miljø som arbeider med langsiktige perspektiv og som bidreg til å kople og løfte fram sentrale vestlandsaktørar, seier Lunde. 

Pål W. Lorentzen blir med vidare i kraft av rolla som nestleiar i styret. 

– Vi har brukt god tid på å få etablert tankesmia. Initiativ Vest er no over i ein ny fase med administrasjonen på plass og fleire prosjekt i støypeskeia. Dette var for meg difor eit naturleg tidspunkt å foreslå ei slik rokkering for styret, seier Pål W. Lorentzen 

– Eg vil framleis bidra til utviklinga av tankesmia, men no fyrst og fremst i kraft av å kunne nytte mi tid på litt andre oppgåver, seier Pål W. Lorentzen 


Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This