Havregionen på dagsorden i Vestlandsakademiet

10 desember, 2021 | Nyhende

Torsdag 09.12 var det tid for den tredje, og hausten si siste samling i Vestlandsakademiet. Denne gongen var temaet «Verdas fremste havregion?» og omhandla posisjonen og potensialet Vestlandet har som havregion.

Det er liten tvil om at Vestlandet er ein leiande havregion dersom ein ser på summen av alle dei aktørane ein finn her. Mange av verdas leiande havbedrifter held til her, og regionen husar sterke forskingsmiljø innanfor havet. I tillegg har ein ei rekkje forvaltningsmiljø og klynger. Men utnyttar ein potensialet godt nok, og betyr «havregionen» noko utover at det er summen av mange gode miljø? Det var ein del av bakteppet for samlinga.

Skjermbilde 2021 12 09 kl. 18.32.22
Samling 3 i Vestlandsakademiet

Deep Wind Offshore i Haugesund og Ocean Hyway Cluster i Florø, som representerer to av næringane som ynskjer å verta sentrale framover, bidrog med innlegg i den digitale samlinga. I tillegg bidrog to av akademiet sine eigne medlemmar som arbeider innanfor havnæringane, Kennet Nordpoll (frå Selje) og Andreas Nystøl (frå Ålesund), med sine perspektiv. Nordpoll arbeider i brønnbåtrederiet Sølvtrans, medan Nystøl nyleg vart tilsett som intern i GCE Blue Maritime Cluster – ei av havklyngene i regionen.

I drøftinga som følgde var medlemmane i akademiet innom ei rekkje spørsmål og tematikkar som knyt seg til havregion. Ein sentral del av drøftingane sirkla seg rundt «havregionen som branding» for å tiltrekke seg unge som ynskjer ei utdanning og karriere innanfor dei havbaserte næringane. Det var brei semje om at dette er eit viktig verktøy, men at ein må få ein tydelegare kommunikasjon rundt kva dette er – og skal bety. Koplinga mellom utdanningsinstitusjonane og næringslivet vart også løfta fram som eit område som har stort potensiale for forbetring framover.

Kva skal havregionen innehalde?

I tillegg til det som knyt seg til utdanning og koplinga mellom utdanningsløpet og arbeidslivet var ein innom kva ein havregion bør og må innehalde. Nokre av momenta og spørsmåla som vart løfta opp som viktig i det vidare arbeidet med havregionen var:

– Er verkemiddelapparatet riktig innretta? Formål, spissing mm.
– Ein bør jobbe for å flytte direktorat og statlege arbeidsplassar knytt til havet hit.
– Infrastruktur og prosjekt som byggjer havregionen saman.
– Tydeleg og konkret kommunikasjon som gjer at folk forstår.
– Felles stemme i viktige saker.
– Konkurrere der ein kan, samarbeide der ein må for å nå opp internasjonalt.

Hav og utviklinga av havregionen er ein tematikk som også vil verta viktig på komande samlingar i Vestlandsakademiet.

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Andre innlegg

Vestlandsintervjuet: Bent Høie 

Vestlandsintervjuet: Bent Høie 

Foto: John Gunnar Skien / Statsforvaltaren i Rogaland For dei fleste er han nok aller mest kjent for jobben som helseministar i Erna Solberg si regjering, ein jobb han hadde i åtte år. Han var valt inn på Stortinget frå 2000-2021 frå Rogaland, og har hatt ei rekkje...

Her er det andre kullet i Vestlandsakademiet

Her er det andre kullet i Vestlandsakademiet

Søknadsfristen til det andre kullet i Vestlandsakademiet gjekk ut 1. juni, og vi kan no presentere dei som skal få bryne seg på spanande diskusjonar om utviklinga av Vestlandet det komande året. - Vestlandsakademiet er kome for å bli, og no skal vi byggje vidare på...

Årsmøte og styremøte med fokus på valget i 2023

Årsmøte og styremøte med fokus på valget i 2023

Onsdag 08. juni ble årsmøtet i Initiativ Vest gjennomført. Samme dag ble vårens siste styremøte gjennomført. Arbeidet med innspill til partiene som nå jobber med kommune- og fylkesprogrammene var en sentral del av møtet.

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This