Her er det andre kullet i Vestlandsakademiet

16 juni, 2022 | Nyhende

Søknadsfristen til det andre kullet i Vestlandsakademiet gjekk ut 1. juni, og vi kan no presentere dei som skal få bryne seg på spanande diskusjonar om utviklinga av Vestlandet det komande året.

Intiativ Vest 04.04.22 ©Truls Skram Lero 8

– Vestlandsakademiet er kome for å bli, og no skal vi byggje vidare på dei gode erfaringane frå det fyrste kullet , seier dagleg leiar i Initiativ Vest Tommy Aarethun

Foto: Truls Lerø

Det andre kullet

Dette er det andre kullet i Vestlandsakademiet, og i årets kull er det heile 25 deltakarar frå ulike stader på Vestlandet som skal delta. Målet har heilt sidan skipinga av akademiet vore å få til ei best mogleg samansetnad av akademiet mtp kjønn, geografi alder og bakgrunn.

– Vi er godt nøgd med søkjartala til det andre kullet av Vestlandsakademiet, og er svært glade for å kunne presentere det vi meiner er ein strålande gjeng, med ulik bakgrunn og ulike perspektiv. Det er akkurat slik det skal vera på denne arenaen seier, Aarethun

Deltakarane som no har fått plass i det andre kullet av Vestlandsakademiet skal møtast til saman seks gonger hausten 2022 og våren 2023. Her vil dei få kunnskap om og innsikt i saker som er viktige for Vestlandet, og dei vil få drøfta sakene mellom seg.

– Den kanskje viktigaste erfaringa frå det fyrste kullet var dei gode drøftingane mellom deltakarane i akademiet, og verdien desse har for å byggja band og nye kjennskap. Det vil vi sjølvsagt ta med oss inn i det andre kullet også, der vi skal leggja til rette for fleire slike gode drøftingar, seier Aarethun

Røyster frå heile Vestlandet

I samansetnaden av det andre kullet har ein lukkast med å få til ei enno betre geografisk spreiing av deltakarane, eit viktig mål.

– Vi har jobba målretta for å få til ein betre balanse, særskilt geografisk, blant deltakarane i akademiet. Dette skal vera eit prosjekt som bidreg til å løfte Vestlandet, og som får fram nye nye røyster frå Vestlandet, og då er det avgjerande at vi får med flest mogleg perspektiv, seier Aarethun

Vidare peikar han på at det har blitt jobba særskilt inn mot Rogaland, og seier han er glad for at ein no ser resultat av dette arbeidet.

23

Vestlandsakademiet

Målet med Vestlandsakademiet er at unge vestlendingar mellom 20 og 35 år innan politikk, samfunn, kultur, idrett, frivillighet, næringsliv og øvrig samfunnsliv skal få innsikt i og kunnskap om viktige trendar og tematikker for Vestlandet. Deltakarane i akademiet vil få tilgang til nettverk, foredrag og drøftingar om tema som vil vera viktig for Vestlandet, Noreg og verda i åra som kjem.

Les meir her.

Foto: Truls Lerø

Deltakarane i det andre kullet:

Merima Bektesevic – Bergen 
Håvard Rørtveit – Vindafjord 
Maria Benæs Hunvik – Florø 
Patrick Langeland – Førde 
Kristoffer F. Sortland – Haugesund
Ida Lutro – Lofthus 
Marte Å. Ljøkelsøy – Bergen 
Espen Ulvestad Sætre – Ålesund 
Kristoffer Nieuwejaar – Bergen 
Mona K. Vølstad – Stavanger 
Ole Austevoll – Brussel/Austevoll 
Birgitte Karlstrøm – Sogndal
Haakon K. Nybø – Førde 
Rasmus K. Skjong – Ålesund 
Oda Camilla Rykkje – Bergen 
Karsten Løvlid – Viksdalen 
Pål Halle – Bergen
Magni Rosvold – Voss 
Vegard I. Feste – Bergen 
Tina Totland Jensen – Bergen 
Jelle Sebastian Bruin – Stavanger 
Tora Margrethe Eide – Haugesund 
Joakim Hevrøy – Øygarden / Oslo
Sjur Selsvik – Sandnes 
Bjørn Olav Østeby – Bergen / Oslo 

Initiativ Vest mottek støtte frå Agenda Vestlandet. I tillegg har vi fått prosjektfinansiering til Vestlandsakademiet frå Sparebankstiftelsen SR-Bank. 

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Andre innlegg

Vestlandsintervjuet: Tore Gautesen

Vestlandsintervjuet: Tore Gautesen

Foto: Illustrasjon / Øyvind Sætre - Kvar skal eg byrja? Her har eg mykje på hjarta, det seier Tore Gautesen som er hamnesjef i Karmsund Havn innleiingsvis når vi spør han om kva tankar han har om den regionale utviklinga på Vestlandet. Tore Gautesen er hamnedirektør...

Fyrste samling for nytt kull i Vestlandsakademiet!

Fyrste samling for nytt kull i Vestlandsakademiet!

I dag var det andre kullet i Vestlandsakademiet samla til si fyrste samling. Eit viktig mål med akademiet er å leggja til rette for eit styrka samarbeid på Vestlandet, og gjeva unge samfunnsengasjerte Vestlendingar verktøy til å ta større plass i...

Kvar vil folk bu i 2050?

Kvar vil folk bu i 2050?

Nyleg lanserte Statistiske sentralbyrå (SSB) nye framskrivingar for korleis befolkninga i Noreg vil utvikle seg fram mot 2050. Tala er ikkje særskilt lystig lesnad for distrikta. Dei regionale befolkningsframskrivingane til SSB gjev liten grunn til optimisme for...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This