Hjelp det å berre «skru opp tempoet»?

2 desember, 2021 | Blogginnlegg

Med høg tillit, naturresursar, høg kompetanse og solid økonomi har Noreg eit godt utgangspunkt i møtet med det grøne skiftet. Men hjelp det å berre «skru opp tempoet» samstundes som samfunnsutfordringane vert stadig meir komplekse?

Kva har Greta Thunberg og næringslivsleiarar langs heile Vestlandskysten no til felles? Dei er  svært utolmodige og «alle» snakkar om at tempoet må opp. Gjennomgangsmelodien er at det skjer for lite og at det går for sakte, sjølv om dei kanskje er litt usamde om verkemiddela. Dette bodskapet gjekk også igjen i mediebiletet under Klimatoppmøtet i Glasgow. Men er det eigentleg berre å «skru opp tempoet» samstundes som samfunnsutfordringane vert stadig meir komplekse? Eller er det også behov for ein større debatt kring korleis samfunnet er rigga i møtet med omstillinga vi skal gjennom, og andre store oppgåver? Ein del kan tyde på det.

Kva betyr eigentleg «skru opp tempoet» når ein snakkar om klimakrisa og det grøne skiftet? For ein del er det einstydande med at det trengs meir økonomiske midlar til å satse, og til å sikre overgangen frå pilotprosjekt til skalering og vekst. Det er viktig om ein skal kunne kutte utslepp og sikre marknadsandelar innanfor ulike nye grøne verdikjeder. Andre er opptekne av at ein frå statleg hald i større grad må peike på nokre utvalte næringar og verdikjeder der Noreg har komparative fortrinn til å lukkast i den globale konkurransen, og at verkemiddelapparat og statlege midlar vert prioritert og styrt inn mot desse. Dette vert ofte omtala som å «plukke vinnarar». Når ein snakkar om at ein må «skru opp tempoet» er det likevel også grunn til å tru at dette er eit uttrykk for andre og meir overordna spørsmål om korleis samfunnet er organisert, og prosessar er innretta. Er vi rigga til å utvikle nye politiske løysingar, og få gjennomført vedtak og satt politiske løysinga ut i livet i takt med tempoet og kompleksiteten i dei store samfunnsutfordringane?

På Vestlandet er kraftsituasjonen og manglande nettinfrastruktur til å føre fram nok kraft til riktig område ein illustrasjon på at ein kanskje ikkje heilt har prosessar og system som held følgje med tempoet i utviklinga. «Alle» snakkar om problemet, og fleire stader på Vestlandet risikerer ein no at ein ikkje vil ha nok kraft til å kunne utløyse potensialet i det grøne skiftet. Sjølv om det grøne skiftet skjer med ei fart og kraft ein knapt nokon gong i verdshistoria har sett liknande dømer på er det også grunn til å spørje seg om korleis ein kunne hamne i denne situasjonen. Elektrifiseringa av bilar, sokkelen, ferjer og samfunnet elles er i stor grad konsekvensar av ein villa politikk og politiske vedtak. I tillegg har ein alle dei grøne initiativa som no «poppar opp» som følgje av det grøne skiftet og internasjonale og nasjonale mål og forpliktinga. Det burde dermed ikkje overraske at dette ville få konsekvensar, men likevel har vi hamna i denne situasjonen.

Verda står ovanfor ei rekkje komplekse samfunnsutfordringar, eller gjenstridige problem som dei vert omtala som i faglitteraturen, som må løysast framover. Klimakrisa er eit døme på eit slikt problem. Store globale utfordringar som fattigdom, helse og hungersnød er andre dømer. Felles for dei alle er at dei er komplekse og går på tvers av forvaltningsområder og nivåa i styringssystemet vårt. Betre samordning frå det offentlege vert ofte peika på som medisinen mot desse problema. Andre, som Mariana Mazzucato, peikar på behovet for «utstrakt nytenkning rundt hva som er statens oppgaver, hva den må kunne, og hvilke kapasitet den må ha.», og at ein treng ein heilt annan form for offentleg-privat partnarskap enn kva ein har no. I si bok En ny økonomi tek ho til ordet for at vi bør skape ein offentleg sektor for det 21. århundre og utstyre den med naudsynte verktøya, organisasjonen og kulturen for å drive fram ein oppdragsorientert tankegang. Der ein foreinar kreftene for å løyse felles oppgåver og å nå felles mål.

Truleg vil ein del av ropa om at «tempoet må opp» i møtet med det grøne skifte kunne løysast gjennom å i større grad peike på utvalte næringar og gjennom at ein legg meir midlar på bordet. Likevel er det ein del som no tydar på at vi også i større grad må drøfte dei meir fundamentale tinga, og kanskje må vi rett og slett snakke meir om korleis heile samfunnet vårt er rigga i møtet med desse store samfunnsutfordringane. Gjennom å drøfte kva type oppgåver staten må løyse, om staten er organisert på best mogleg måte for å løyse desse, og om vi kan løyse offentleg-privat samarbeid på ein enno betre måte framover kan vi rigge oss for å løyse dei store oppgåver i framtida på ein betre og meir effektiv måte.

Kanskje kan nettopp det bli eit nytt konkurransefortinn?

Tommy Aarethun

Dagleg leiar
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Smart havtalegrep

Smart havtalegrep

«Havets tilstand» er blitt ei årleg greie, i regi av Havforskingsinstituttet og havforskingsdirektøren. I år var statsministaren invitert til å dele sine perspektiv på moglegheitene og utfordringane i hav- og kystområda vore. Det var eit smart grep.Havtalen 2022 var...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This