Innlegg: Flyttegaranti for jobb nummer to?

21 april, 2021 | Innlegg

Dette innlegget stod fyrst på trykk i Dagsavisen og Rogalands Avis 20.04.2021. Når eg snakkar med folk om jobb og flytting frå by til bygd er det ein ting som nærmast alltid går igjen: «det er jobb nummer to som er problemet». Kanskje burde vi få til ei prøveordning med «flyttegaranti for jobb nummer to»?  […]

Dette innlegget stod fyrst på trykk i Dagsavisen og Rogalands Avis 20.04.2021.

Når eg snakkar med folk om jobb og flytting frå by til bygd er det ein ting som nærmast alltid går igjen: «det er jobb nummer to som er problemet». Kanskje burde vi få til ei prøveordning med «flyttegaranti for jobb nummer to»? 

Tenk deg Knut (32) og Julie (33). Dei har to born og har lenge ynskja å flytte til ein annan stad, men bur no i Oslo grunna at dei begge no arbeider i kvar sitt departement. Så får Julie tilbod om ein spanande jobb i heimkommunen sin, men dei vegrar seg for å flytte då det er særs vanskeleg for Knut å få seg jobb i denne regionen. For at Julie skulle kunne takke ja til denne jobben, og dei flytte heim, må dei i så fall seia opp dei to jobbane sine og gå ei usikker framtid i møte kva gjeld Knut sin jobbstatus. Det vert difor ikkje aktuelt å flytte. 

Kva om staten gjekk framføre og forsøkte å gjera noko med dette? 

I mars skjedde det ei historisk utlysing då Nærings- og fiskeridepartementet opna for å tilsette medarbeidarar tilknytt departementskontora i Oslo, som kan ha anna arbeidsstad enn Oslo-området. Det er spanande, som på same måte som den utstrakte digitaliseringa og heimekontorbruken under koronapandemien, vil kunne opne for nytenking kring organiseringa av staten og korleis ein arbeider. I fyrste omgang er utlysinga ei prøveordning, men det er von om at den kan inspirere til nytenking på dette feltet. Forsøk med fleire desentraliserte einingar i statlege verksemder for å oppnå økt statleg sysselsetting i distrikta var også eit av tiltaka Victor Norman og hans utval peika på når dei la fram sin NOU før jul. Dei oppmoda også til ein verkemiddeldugnad med nye tiltak, og her er eit slikt innspel: 

Kva om staten innførte ei anna prøveordning, der ein automatisk fekk lov til å flytte med seg den statlege jobben sin til ein annan stad dersom sambuar eller ektefelle fekk seg ein jobb ein annan stad? Det må sjølvsagt sikkert vera nokre unntak for enkelte heilt særskilte stillingar, og ein måtte ha lagt inn ei ordning der ein evaluerte etter til dømes to år. Likevel ville dette ha vore ein ny og spanande måte å tenke på som truleg ville kunne ha gjort noko med det som for mange er den store barrieren når det er aktuelt å flytte: jobb nummer 2. Truleg vil ikkje dette føre til eit skred av utflytting, men ei slik ordning vil truleg bety svært mykje for dei det gjeld. 

For å sikre at dette vert ein saumlaus og lite byråkratisk ordning kunne til dømes kommunar og næringsforeiningar fasilitert ordningar der ein fekk tilgang på kontorplass i eit kontorlandskap, eller på andre måtar bidrege til at dette praktisk kunne la seg gjennomføre. 

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This