Innspel til arbeidet med ny næringsstrategi på Vestlandet

9 juni, 2021 | Nyhende

Arbeidet med ein ny felles næringsstrategi for Vestlandet i regi av Vestlandsrådet er no i sluttfasen. Vi har valt å spele inn eit notat med nokre element vi meiner bør framhevast i ein slik strategi. Vi i Initiativ Vest har følgt dette arbeidet tett, med anna gjennom at vår styreleiar Geir Inge Lunde har delteke […]
notatbanner 2 1

Arbeidet med ein ny felles næringsstrategi for Vestlandet i regi av Vestlandsrådet er no i sluttfasen. Vi har valt å spele inn eit notat med nokre element vi meiner bør framhevast i ein slik strategi.

Vi i Initiativ Vest har følgt dette arbeidet tett, med anna gjennom at vår styreleiar Geir Inge Lunde har delteke i styringsgruppa for arbeidet. Denne veka deltok vi på eit webinar der strategien og analysen som ligg bak vart presentert. I etterkant av denne vart aktørane oppmoda til å senda inn eventuelle innspel til sluttspurten av arbeidet og det har vi nytta høvet til.

Tettare samarbeid på Vestlandet ein føresetnad for å lukkast framover

Betre og tettare samarbeid på tvers av vestlandsfylka var ein viktig faktor bak skipinga av Initiativ Vest, og er etter vårt syn avgjerande om regionen skal lukkast med å nå sitt fulle potensiale i tida som kjem. I dei store og komplekse sakene vi som samfunn står ovanfor er det avgjerande at ein lukkast med å forene krefter og å spela kvarandre gode. Det var også ein av grunnane til at vi denne våren samla fylkesordførarane til samtale om Vestlandet og det grøne skiftet

Difor er vi positive til denne prosessen og vi vonar det er startskotet for tettare samarbeid på dette feltet, og på andre felt. Vi ser fram til å sjå på kva måte dei tinga som ligg i den vedtekne strategien vil verta følgt opp i tida som kjem. Det er oppfølginga som vil avgjera i kva grad ein lukkast.

I vårt innspel til sluttfasen av arbeidet har vi valt å fokusere på to element som vi meiner det er avgjerande at vert adressert og arbeida med i tida som kjem:

a) Vestlandet som havregion og Nordsjøen som heimebø
b) Den fragmenterte forvaltninga


Les vårt innspel i sin heilskap her:





Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This