Innspel til arbeidet med regional plan for senterstruktur

22 september, 2022 | Nyhende

Arbeidet med ny regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsamfunn i Vestland er i gang og er no lagt ut på høyring. Les meir om arbeidet til Vestland fylkeskommune her.

Senterstruktur og forholdet mellom regionale senter og deira omland er ein tematikk som vi i Initiativ Vest er svært opptekne av, og vi meiner dette er ein viktig tematikk dersom ein skal få til ynskja utvikling på Vestlandet framover. Vi har ved fleire høve skrive om denne tematikken i regionale medier, og på vår eiga nettside, og vi vil syne til desse oppslaga i teksten. 

– Dette er eit viktig arbeid, og vi meiner utviklinga i samfunnet gjer det naudsynt å snakke meir om både desentralisert sentralisering og forholdet mellom dei regionale sentra og deira omland. Vi trur dette planarbeidet er ein god anledning til å reise ein debatt om dette og til å få til spanande utvikling framover, seier dagleg leiar Tommy Aarethun

Forholdet mellom senter om omlanda

Skjermbilde 2022 09 22 kl. 15.48.48

Senterstruktur og forholdet mellom regionale senter og deira omland er ein tematikk som vi i Initiativ Vest er svært opptekne av, og vi meiner dette er ein viktig tematikk dersom ein skal få til ynskja utvikling på Vestlandet framover. Vi har ved fleire høve skrive om denne tematikken i regionale medier, og på vår eiga nettside, og dette er ein sentral del av vårt innspel.


– Om ein skal lukkast med desentralisert sentralisering som ein del av den regionale utviklinga framover er det heilt avgjerande at ein lukkast med å skape ei forståing av at dei regionale sentra og deira omland er gjensidig avhengige av kvarandre, seier Aarethun

Les tidlegare innlegg om gjensidig avhengighet publisert i Sogn Avis.

Infrastruktur som stør ynskja utvikling

I innspelet har vi peika på særskilt to former for infrastruktur som vil vera avgjerande for å lukkast med å bygge opp solide regionale sentra, som kan samarbeide saumlaust med sine respektive omland. Digital infrastruktur og samferdsleprosjekt som knyt regionen saman.

– Vi trur det er heilt avgjerande at ein i planarbeidet peikar på behovet for å løfte fram og samle seg om dei store samferdsleprosjekta som byggjer saman regionen, det vil gjera det mogleg å reise trygt og effektiv mellom dei regionale sentra i regionen og internt i ulike bu- og arbeidsmarknadsregionar. I tillegg må ein få på plass naudsynt digital infrastruktur for å utløyse det store potensiale som ligg i dette for desentraliserte arbeidsplassar, avsluttar Aarethun

Les heile innspelet her.






Andre innlegg

Det grøne skiftet på agendaen i Vestlandsakademiet

Det grøne skiftet på agendaen i Vestlandsakademiet

På den andre samlinga i Vestlandsakademiet var det grøne skiftet og korleis dette vil påverke Vestlandet tema. Tematikken er ein sentral del av ordskiftet, og vil prege samfunnsutviklinga i regionen iåra som kjem. Det er bakgrunnen for at denne tematikken også er...

Vestlandsintervjuet: Tore Gautesen

Vestlandsintervjuet: Tore Gautesen

Foto: Illustrasjon / Øyvind Sætre - Kvar skal eg byrja? Her har eg mykje på hjarta, det seier Tore Gautesen som er hamnesjef i Karmsund Havn innleiingsvis når vi spør han om kva tankar han har om den regionale utviklinga på Vestlandet. Tore Gautesen er hamnedirektør...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This