Kopla hav og samfunn under The North West i Ålesund

27 april, 2022 | Nyhende

Balansen mellom bruk og vern, og behovet for å i større grad kople hav og samfunn var tema når vi i Initiativ Vest denne veka hadde ansvar for ein havbolk under konferansen The North West i Ålesund. 

Konferansen The North West går av stabelen i Ålesund denne veka, og som ein del av hovudprogrammet 27. april hadde Initiativ Vest ansvar for ein havbolk. 

Les intervju med dagleg leiar i The North West, Gjermund Kvernmo Langset, i anledning årets konferanse.

Havregionen må gå føre
2021-2030 er FN sitt tiår for hav. Havet vert peika på som heilt sentralt framover, i ei verd der det er venta å bu meir enn 10 milliardar menneske innan utgangen av dette hundreåret. Menneske som skal flytte seg, som skal ha mat, medisinar, opplevingar og energi. Samstundes er klima i endring og naturmangfaldet sterkt truga. 

Det vil verta kamp om havområder i åra som kjem, og ulike omsyn må balanserast. Forholdet mellom bruk og vern står sentralt i dette, og det var også via ein stor plass under arrangementet i Ålesund. 

– Vi må utvikle politikk og tenking som balanserer dette framover. Det er heilt naturleg at dette skjer på Vestlandet, som er havregionen, og at politikarar og andre aktørar i regionen må ha fokus på dette framover, seier dagleg leiar i Initiativ Vest Tommy Aarethun som leia bolken.

Les også kronikken «Kvifor snakkar ikkje vestlendingen meir om havet?» frå Aarethun og Kvernmo Langset som stod på trykk i Sunnmørsposten før jul. Den førte med anna til eit møte med fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran, og var også bakteppe for arrangementet i Ålesund.  

Innlegg frå ei breidde av havaktørar

Untitled design 30
Ingrid Schølberg (NTNU), Fredrik Myhre (WWF) og Espen Remme (NHO Møre og Romsdal) var tre av dei som deltok med innlegg under arrangementet.

For å setje ei god fagleg råme for bolken var ei rekkje sentrale havaktørar henta inn for å bidra. Gjennom å kople forvaltninga, akademia, samfunns- og næringsliv med politikken er målsetjinga å få til ei heilskapleg tilnærming.

– Havet, og hav i kopling med det øvrige samfunnet i Noreg, spenner over ei rekkje sektorar. Alle innlegga under dagens arrangement synte dette, og det vart trekt fram som ei stor utfordring. Difor er det avgjerande at vi framover i større grad greier å kople desse tinga, på tvers av sektorar og kjente grenser, seier Aarethun 

I bolken var det innlegg frå kystdirektør Einar Vik Arset, professor og dekan ved NTNU Ingrid Schjølberg, Fredrik Myhre som leiar havteamet til WWF, Terje Krøvel i Sparebanken Møre og Espen Remme som er regiondirektør for NHO Møre og Romsdal. 

Behov for ein ny og heilskapleg havpolitikk  
Hav og havpolitikk er viktig for Noreg. Som havnasjon har Noreg store interesser i kva som skjer på dette feltet framover. Likevel er hav og havpolitikk eit felt som ofte er tema på Arendalsuka og den internasjonale scena, og i mindre grad pregar den politiske debatten heime i Noreg. 

– Vi meiner at den heilskaplege havpolitikken, der ein koplar det som skjer i havet med det som skjer på land og i samfunna som er tett kopla til havet, må få større plass i den norske samfunnsdebatten. Eit av måla med denne seansen var å bidra til dette, seier Aarethun 

Arrangementet vart avslutta med ein panelsamtale der Line Hoem (Ap), Marit Nerås Krogsæter (Sp), Knut Erik Engh (FrP) og Monica Molvær (H) deltok.

I samtalen vart det særskilt retta fokus på behovet for å i større grad kople hav og samfunn, også for å løfte fram fleire hav-politikarar frå Vestlandet. Det vart også trekt fram at særskilt fylkeskommunane kan ta ei meir aktiv rolle på dette feltet, og leggje bidra til å styrke koplingane. Ikkje minst var det også semje om at havet er heilt avgjerande, og at ein i fellesskap må klare å løfte desse spørsmåla høgre på agendaen framover.

The North West og Initiativ Vest signerte i 2021 ein samarbeidsavtale, der eit av punkta er at ein skal støtte opp kring og bidra inn i kvarandre sine arrangement.  

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Andre innlegg

Fra kraftoverskudd til kraftunderskudd

Fra kraftoverskudd til kraftunderskudd

Mathias Fischer, daglig leder, Initiativ Vest Dette er nyhetsbrevet 25. november. Få det i innboksen hver fredag ved å melde deg på her. God fredag! I det siste årets debatt om strøm, kraftkabler og energimangel har det nærmest vært et premiss at Norge er så...

Vestlandsakademiet drøfta havspørsmål

Vestlandsakademiet drøfta havspørsmål

Torsdag 18. november arrangerte vi den tredje samlinga i det andre kullet av Vestlandsakademiet. Denne gongen var det havet, og havregionen, som var tema.Havet er viktig for Vestlandet i dag, men vil verta minst like viktig i framtida. Mange av satsingsområda til...

Mathias Fischer vert dagleg leiar i Initiativ Vest

Mathias Fischer vert dagleg leiar i Initiativ Vest

Tidlegare statssekretær og kommentator går til tankesmia for Vestlandet.  - Eg ser fram til å bidra til byggja ein viktig aktør for ide- og politikkutvikling her vi bur. Dette er ein givande moglegheit til å styrka samarbeidet og debatten på Vestlandet, seier...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This