Kva betyr valet for Vestlandet i tal?

14 september, 2021 | Kommentarar, Nyhende

Tommy vestlandsvalet 2

Etter stortingsvalet 13. september er det klart at Noreg vil få ei ny regjering leia av Jonas Gahr Støre og Arbeiderpartiet. Men kven skal representere Vestlandet på Stortinget dei neste fire åra?

Dei fire valkrinsane på Vestlandet utgjer samla 42 mandat. Hordaland (16), Rogaland (14), Møre og Romsdal (8) og Sogn og Fjordane (4).  Slik det ser ut no vert dette stortingsbenkane frå Vestlandet dei neste fire åra: 

Hordaland (16):
Erna Solberg (H)
Marte Mjøs Persen (A)
Ove Trellevik (H)
Odd H. Hovland (A)
Peter C. Frølich (H)
Helge A. Njåstad (Frp)
Eigil Knutsen (A)
Kjersti Toppe (Sp)
Audun Lysbakken (SV)
Silje Hjemdal (Frp)
Liv K. Eskeland (H)
Linda Merkesdal (A)
Nils T. Bjørke (Sp)
Dag I. Ulstein (Krf)
Sofie Marhaug (R)
Sveinung Rotevatn (V) (Utjamningsmandat) 

Mandatfordeling raudgrøn side vs. borgarleg side 2021: 8-8
Mandatfordeling raudgrøn side vs. borgarleg side 2017: 7-9

Rogaland (14):
Tina Bru (H)
Hadia Tajik (A)
Sveinung Stensland (H)
Roy Steffensen (Frp)
Torstein T. Solberg (A)
Terje Halleland (Frp)
Margret Hagerup (H)
Geir Pollestad (Sp)
Tove E. Madland (A)
Olaug V. Bollestad (KrF)
Liv M. Ness Klungland (Sp)
Aleksander Stokkebø (H)
Ingrid Fiskaa (SV)
Mímir Kristjánsson (R) (Utjamningsmandat)

Mandatfordeling raudgrøn side vs. borgarleg side 2021: 7-7
Mandatfordeling raudgrøn side vs. borgarleg side 2017: 6-8

Møre og Romsdal (8):
Sylvi Listhaug (Frp)
Per V. Kjølmoen (A)
Helge Orten (H)
Jenny Klinge (Sp)
Frank Sve (Frp)
Åse K. Ask Bakke (A)
Geir I. Lien (Sp)
Birgit O. Kjerstad (SV) (Utjamningsmandat)

Mandatfordeling raudgrøn vs. borgarleg side 2021: 5-3
Mandatfordeling raudgrøn vs. borgarleg side 2017: 3-6

Sogn og Fjordane (4):
Erling Sande (Sp)
Torbjørn Vereide (Ap)
Olve Grotle (H)
Alfred Bjørlo (V) (Utjamningsmandat) 

Mandatfordeling raudgrøn vs. borgarleg side 2021: 2-2
Mandatfordeling raudgrøn vs. borgarleg side 2017: 2-2

Raudgrøn side: A, Sp, SV, MDG, Raudt
Borgarleg side: H, Frp, V, KrF 

Som ein ser av valresultatet er fordelinga av mandat mellom dei to blokkene ganske lik i dei fire valkrinsane. I tre av fire valkrinsar er det likt, medan det i Møre og Romsdal er ein knapp 5-3 siger til den raudgrøne blokka. Dette gjer at fordelinga i dei fire valkrinsane på Vestlandet samla vert 22 mandat til raudgrøne side og 20 mandat til borgarleg side. Dette er ei endring i favør dei raudgrøne frå inneverande periode og valet i 2017 då dei raudgrøne i desse valkrinsane fekk 18 til saman, medan dei borgarlege fekk 25 – til saman 43 mandat (Møre og Romsdal har mista eitt mandat sidan førre val).

I forkant har det med anna vore knytt spaning til om dei raudgrøne kunne ta alle fire mandata i Sogn og Fjordane valkrins, slik det har sett ut på ein del av målingane. Valresultatet syner at det ikkje skjedde og at begge sider dermed er representert i alle dei fire valkrinsane på Vestlandet. 

Kven vert statsrådar frå Vestlandet? 

Fleire av dei som no er valt inn på Stortinget (2021-2025) frå Vestlandet er også aktuelle som statsrådar i ei ny Støre-regjering. Tajik (A), Mjøs Persen (A), Lysbakken (SV), Toppe (Sp) og Sande (Sp) er dei som oftast vert nemnt i spekulasjonane om aktuelle statsrådar i ei ny regjering dersom ein legg til grunn at denne vil utgå frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV, men også andre av representantane, som til dømes Fiskaa (SV) og Klinge (Sp) kan vera moglege jokerar. Dette vil i så fall føre til at andre representantar rykkjer inn som møtande i Stortinget. Det er også vert å nemne at det sjølvsagt også er ei moglegheit for at ein vel å hente inn statsrådar frå utanfor stortingsgruppene. 

No vil vi uansett få ein periode med sonderingar og forhandlingar før vi vil få vite meir om både kva politikk vi får og kven som vert statsrådar frå Vestlandet i ei ny regjering. 

Tommy Aarethun
Kommunikasjonssjef i Initiativ Vest


Andre innlegg

– Det er heilt avgjerande at vi samlar kreftene framover

– Det er heilt avgjerande at vi samlar kreftene framover

Vestlandsrådet vedtok i haust ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka som skal nyttast som eit grunnlag for arbeidet med den store omstillinga som Vestlandet står ovanfor. Initiativ Vest har vore med i arbeidet.Etter ein ganske omfattande prosess vedtok...

Vi lanserer ny nettside!

Vi lanserer ny nettside!

Initiativ Vest lanserer no våre nye nettsider. Målet er at det skal verte ein plattform som innbyr til samhandling, og til engasjement for samfunnsutviklinga på Vestlandet.  - Vi er veldig glade for å no ha fått på plass ei ny og modernisert nettside! Den nye...

Vi bør snakke meir om havet her heime også!

Vi bør snakke meir om havet her heime også!

Det er bra at Noreg er tungt involvert på den internasjonale arenaen når det gjeld havspørsmål og havpolitikk, men vi må ikkje gløyme heimebøen vår. For mange samfunn, på Vestlandet og langs heile norskekysten, har havet til alle tider vore heilt sentralt. Som...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This