Kva vestlandspolitikarar vil du ha?

9 september, 2021 | Kommentarar, Nyhende

Tommy vestlandsvalet

Korleis vil du at Vestlandet skal sjå ut? Kva er dei viktige sakene for deg når du røystar? Det er tida for å spørja seg sjølv om det no. Det er tida for å spørja politikarane om dei har svar på dei vanskelege spørsmåla dine. 

For det er no dei reiser rundt, med bilar, bussar, båtar og campingutstyr. Dei møter bedrifter, dei står på torga for å dele ut kaffi, vaflar og materiell. Dei kler seg ut. Dei går på fjelltoppar og deler ut saft og bollar. Dei lovar å reise over fjellet for å vera «din representant i Oslo». Men kven er dei og kva vil dei?

No er tida her for å investere litt tid i å finne ut av nettopp dette. Gå bort til dei når dei står der aleine på torget. Huk tak i dei på ferjene. Still dei vanskelege spørsmåla. Finn ut kven som er mest samd med deg. Finn ut kven som har dei beste svara på det du måtte lure på. Sjekk kven av dei som har dei gode refleksjonane kring kva retning Vestlandet skal ta dei neste fire åra og framover. Du er kanskje ein av dei som tenker at du ikkje har gode nok spørsmål og at det er betre at dei får stå der aleine i fred? La meg låne merksemda di i to minuttar til. 

Vestlandet og Noreg står ovanfor ei storstilt omstilling. Det einaste som er sikkert er at ting ikkje kjem til å vera som dei er i dag. Med andre ord skal det fattast store avgjersler framover, avgjersler som truleg vil prege landet og regionen i tiår. Då treng vi vestlandspolitikarar som er djerve. Då treng vi vakne vestlandspolitikarar som er kopla på desse viktige avgjerslene. Då treng vi vestlandspolitikarar som går i front for regionen sine interesser. 

Hav og energi er to av områda som vil prege regionen og landet si utvikling i åra som kjem. Vi er no i FN sitt havtiår, og Vestlandet grensar som kjent til havet langs heile den flotte kysten vår. Havet gjev regionen store moglegheiter, men havet og ressursane der er også under press samstundes som stadig nye havnæringar skal balanserast opp mot kvarandre. Kor mykje kan vi hauste frå havet og samtidig sikre ei bærekraftig utvikling?

På same måte vil næringsutvikling knytt til fornybar kraft stå sentralt i åra som kjem. Nye grøne verdikjeder skal utviklast. Tusenvis av nye grøne arbeidsplassar skal utviklast. Samstundes høyrer vi stadig om motstand mot utbygging av ny kraft, og manglande kraft til industrien. Så, kva skal ein satse på, korleis skal ein få nok kraft til det grøne skiftet og kvar skal alle dei grøne arbeidsplassane liggje? 

Vestlandet er heilt i front innanfor desse to områda som vil prege utviklinga av Noreg i tiåra som kjem. Moglegheitene er med andre ord store, men det stiller også krav til at vi har politikarar frå regionen som kjenner til og meiner ting om desse tematikkane. Helst bør vi ha statsrådar og nasjonale talspersonar, men vi må også ha stortingsbenkar med kunnskap og visjonar innanfor desse sentrale felta. Dei stortingsbenkane bør også samarbeide betre om viktige vestlandssaker framover.

Om du ser ein vestlandspolitikarar på eit torg eller på ei ferje no i innspurten av valkampen så syns eg difor du skal gå rett bort til dei og spørja dei om alt det du måtte lure på. Om du ikkje skulle lure på noko sjølv så kan du jo eventuelt utfordre dei på noko knytt til hav eller energi?

Tommy Aarethun
Administrasjons- og kommunikasjonssjef 
Initiativ Vest

Andre innlegg

I kva komite skal vestlendingane sitje?

I kva komite skal vestlendingane sitje?

Denne veka vart det klart kva komitear stortingsrepresentantane for 2021-2025 skal sitja i. Nokre av dei som også sat på Stortinget i førre periode tek ein ny runde i same komite, medan andre får nye oppgåver etter dette valet. Vi i Initiativ Vest har sett på...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This