«Kva vil dei med havet?» – debatt laurdag 21.08

17 august, 2021 | Nyhende

Det er tittelen når Hub for Ocean og tankesmia Initiativ Vest inviterer partia i Sogn og Fjordane valkrins til debatt om hav og næring i Florø 21.08.  Tiåret frå 2021 til 2030 er FN sitt havtiår og det kjem til å verta mange viktige havdebattar i komande stortingsperiode. Målet med arrangementet er difor å løfte […]
Floro debatt3

Det er tittelen når Hub for Ocean og tankesmia Initiativ Vest inviterer partia i Sogn og Fjordane valkrins til debatt om hav og næring i Florø 21.08. 

Tiåret frå 2021 til 2030 er FN sitt havtiår og det kjem til å verta mange viktige havdebattar i komande stortingsperiode. Målet med arrangementet er difor å løfte havet og potensialet i dei havbaserte næringane høgare på agendaen også blant politikarane i Sogn og Fjordane. 

– Vestlandet er havregionen i havlandet Noreg. Då er det viktig at vi har vestlandspolitikarar med stor kunnskap og tydelege meiningar om korleis hava våre bør forvaltast og havnæringane utviklast i åra som kjem. Difor har vi saman med ein lokal havaktør, Hub for Ocean, i kystbyen Florø invitert stortingskandidatane til debatt, seier kommunikasjonssjef i Initiativ Vest Tommy Aarethun som også skal leia debatten i Florø. 

Auka fokus på dei havbaserte næringane er viktig

Havet og dei havbaserte næringane er viktige for kystbyen Florø, for valkrinsen Sogn og Fjordane og ikkje minst for medlemsbedriftene til Hub for Ocean. Det er difor viktig at politikarane som stiller til val har klare tankar og at desse vert kjent for dei som skal avgi si stemme i det komande stortingsvalet. 

– Ulike rapportar og analyser syner ei imponerande utvikling i havnæringane, men og kva enormt potensiale havet representerer for vidare næringsutvikling basert på eit berekraftig driftsgrunnlag, seier dagleg leiar i Hub for Ocean, Stein Kvalsund

Debatten finn stad på Torget i Florø laurdag 21.08 frå 12-13 under Smaksfestivalen Godt i Gapet. Her kan ein med andre ord både lære meir om kva politikarane ynskjer med havet og smake på ting frå havet. 

Debatten vert leia av kommunikasjonssjefen i Initiativ Vest – Tommy Aarethun 

Lenke til arrangementet på Facebook finn ein HER.

Ytterlegare spørsmål:

Initiativ Vest v/Tommy Aarethun – 951 67 502  

Hub for Ocean v/Stein Kvalsund – 976 98 785

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This