Legitimiteten til kraftsystemet

21 desember, 2021 | Blogginnlegg

Rekordhøge straumprisar trugar legitimiteten til det norske kraftsystemet og kraftbransjen. Difor var det heilt naudsynt med breie tiltak denne vinteren.

Nyleg varsla regjeringa at det vert innført ei sikringsordning som skal avhjelpe situasjonen kring dei rekordhøge straumprisane vi ser i vinter. Det er viktig for å hjelpe dei som vil få trøbbel med svært høge straumrekningar i vinter, men det er også viktig for å sikre legitimiteten til det norske kraftsystemet. På kort og lengre sikt. Seinare har ordninga som ein del av forhandlingane i Stortinget blitt styrka, og den nye ordninga for nettleige som skulle innførast fyrste januar er i tillegg vorte utsett.

Vasskrafta står for kring 90 prosent av kraftproduksjonen i Noreg. At denne er bygd ut gjennom ein samfunnskontrakt som skal sikre befolkninga kraft og fellesskapet inntekter gjer at den har ein heilt spesiell posisjon. Det gjer også at det vert store reaksjonar når prisane denne vinteren er rekordhøge. Tidlegare har eg skrive i BT om viktigheita av at ein ikkje i for stor grad rokkar ved samfunnskontrakta i møtet med det grøne skiftet.  

I åra som kjem vil vi trenge meir elektrisk kraft, ganske mykje meir elektrisk kraft. Anslaga varierer ein del, men dei fleste er no samde om at vi vil trenge ein god del meir enn dagens forbruk på om lag 140 Twh. Statnett skriv til dømes i sin Nettuviklingsplan for 2021 at dei må auke tempoet og sikre at nettet er klart for ein forbruksvekst fram mot 2050 som kan bli på opp mot 220 TWh. Nyleg varsla Statnett også, i sin kortsiktige marknadsanalyse for 2021-2026, at auka forbruk framover vil føre til at det norske kraftoverskotet vert redusert og at dette vil utløyse eit behov for auka kraftproduksjon. Som ein konsekvens vil nok også prisane variere ein del framover, og det er grunn til å tru at dei varig vil verta noko høgre enn kva ein har vore vande med.

Skal vi lukkast med å møte dette kraftbehovet vil det ikkje vera nok med anten eller, vi vil trenge både og. I form av energieffektiviseringstiltak, oppgradering av eksisterande vasskraftanlegg og ny kraftproduksjon. Det veit vi er omstridt mange stader, noko vi med anna har sett kring utbygginga av vindkraft på land. Det er difor heilt avgjerande at ein no sikrar legitimiteten til energipolitikken og kraftsystemet blant befolkninga. Tiltaka som har kome no er eit bidrag til dette, men det er truleg ikkje nok på sikt.

Energikommisjonen, som olje- og energiminister Marte Mjøs Persen varsla vil verta sett ned på nyåret, er etter mitt syn eit anna viktig bidrag. Arbeidet til kommisjonen vil kunne verta avgjerande for om Noreg vil lukkast med å elektrifisere samfunnet og utløyse potensialet for å skape nye arbeidsplassar som ein del av det grøne skiftet. Kommisjonen skal både evaluere situasjonen vi står i no for å finne læringspunkt for framtida, samtidig som dei skal kome med langsiktige tiltak som bidreg til å nå regjeringa sine mål for kraftproduksjon. Dei som får oppdraget må etter mitt syn nytte dette høve til å snu alle steinar, inkludert å sjå på om det å elektrifisere sokkelen på bekostning av å nytte krafta til industri på land er riktig på noverande tidspunkt.

Energikommisjonen vil kunne få ei heilt sentral rolle i å sikre legitimiteten til eit politikkområde som er svært konfliktfylt. Difor er det viktigare enn nokon gong at denne vert sett saman på ein måte som gjer at ein har brei representasjon – både i form av kunnskap, bakgrunn og geografi. Elles kan ein fort kome skeivt ut allereie frå start i dette viktige arbeidet. 


Tommy Aarethun

Dagleg leiar
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Smart havtalegrep

Smart havtalegrep

«Havets tilstand» er blitt ei årleg greie, i regi av Havforskingsinstituttet og havforskingsdirektøren. I år var statsministaren invitert til å dele sine perspektiv på moglegheitene og utfordringane i hav- og kystområda vore. Det var eit smart grep.Havtalen 2022 var...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This