Løfta fram desentralisert sentralisering på viktig politisk møteplass

28 september, 2022 | Nyhende

Sognatinget hadde møte i Sogndal 27. september 2022, der tematikken var samfunnsutvikling og folketalsutviklinga i regionen. Dagleg leiar i Initiativ Vest Tommy Aarethun var saman med direktøren for Distriktssenteret, Marit Mellingen, invitert til å halde innlegg i starten av møtet. 

– At ein ha valt å opprette Sognatinget er eit smart grep. Her har ein anledning til å samla sentrale politikarar og andre nøkkelaktørar for samfunnsutviklinga til strategiske drøftingar. Det er eit godt utgangspunkt for å få til eit styrka samarbeid. Utfordringa er å gå frå ord og samlingar til reelle samarbeid, seier Aarethun.

Sognatinget samlar alle formannskapsmedlemmane i dei sju kommunane som er med i Sogn regionråd. Dette er difor ein av dei fremste arenaene for drøftingar om samfunnsutviklinga framover i denne regionen.

Desentralisert sentralisering som del av løysinga?

Desentralisert sentralisering er eit konsept som dreier seg om å styrke nokre regionale senter, for at desse skal kunne vera motorar og drivkraft i dei ulike regionane. I Vestlandsmeldinga til Agenda Vestlandet / Sparebanken Vest frå 2021 skriv ein meir om denne tenkinga, og her har ein peika på det som kan vera sokalla ankerkommunar på Vestlandet. 

Innlegg sogndal

– Vi trur tida er inne for å drøfte desentralisert sentralisering, der ein planlegg og riggar seg med eit sterkt regionalt senter, som bidreg til vekst og utvikling i heile regionen. Om dette skal lukkast er det heilt avgjerande at ein etablerer og utviklar ei felles forståing av at det regionale senteret og omlandet er gjensidig av kvarandre, seier Aarethun

Nyleg sendte vi også ei høyringsfråsegn til Vestland Fylkeskommune om denne tematikken i samband med høyringa av planprogrammet til Regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsamfunn. Les meir om denne her.

– Eg opplever at denne måten å tenke på vart godt motteke i møtet, nesten litt overraskande for å vera heilt ærleg. Likevel trur eg det vil krevja ein god del arbeid og forankring for at ein skal kunne lukkast med å få til ei slik tenking og utvikling, seier Aarethun

Gjensidig avhengige av kvarandre

Vi i Initiativ Vest har ved tidlegare høve teke til ordet for at dersom ein skal kunne lukkast med ei slik samfunnsutvikling vil det vera heilt avgjerande å etablere og forankre ei forståing av at det regionale senteret og omlandet er gjensidig avhengig av kvarandre. 

– Dette vil vera heilt avgjerande for at ein skal kunne lukkast. Kommunar og regionar har alltid med seg ei historisk bagasje, og det vil vera avgjerande å byggja dei gode og praktiske samarbeida som syner at både motor og omland tener på ei slik utvikling. Ei erfaring frå møtet i går var at næringsliv og øvrig samfunnsliv vil bli heilt sentralt i dette, avsluttar Aarethun 

Innlegga gjensidig avhengige og Folketalsutviklinga bør bane veg for drøftingar om desentralisert sentralisering, tidlegare publisert i Sogn Avis, var bakgrunnen for invitasjonen til møtet.

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Andre innlegg

Fra kraftoverskudd til kraftunderskudd

Fra kraftoverskudd til kraftunderskudd

Mathias Fischer, daglig leder, Initiativ Vest Dette er nyhetsbrevet 25. november. Få det i innboksen hver fredag ved å melde deg på her. God fredag! I det siste årets debatt om strøm, kraftkabler og energimangel har det nærmest vært et premiss at Norge er så...

Vestlandsakademiet drøfta havspørsmål

Vestlandsakademiet drøfta havspørsmål

Torsdag 18. november arrangerte vi den tredje samlinga i det andre kullet av Vestlandsakademiet. Denne gongen var det havet, og havregionen, som var tema.Havet er viktig for Vestlandet i dag, men vil verta minst like viktig i framtida. Mange av satsingsområda til...

Mathias Fischer vert dagleg leiar i Initiativ Vest

Mathias Fischer vert dagleg leiar i Initiativ Vest

Tidlegare statssekretær og kommentator går til tankesmia for Vestlandet.  - Eg ser fram til å bidra til byggja ein viktig aktør for ide- og politikkutvikling her vi bur. Dette er ein givande moglegheit til å styrka samarbeidet og debatten på Vestlandet, seier...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This