Mangel på kompetanse kan bremse det grøne skiftet

21 november, 2022 | Innlegg

Dette var vårt nyhendebrev i veke 46, sendt ut fredag 18. november. God fredag! Mangel på kompetent arbeidskraft og kunnskap kan bremse det grøne skiftet. Ein ny rapport laga av Oslo Economics på oppdrag frå NHO og LO syner behovet for folk, forsking og utvikling for ikkje å svekke norsk konkurranseevne og verdiskaping.  Legg ein det høgste anslaget i […]

Dette var vårt nyhendebrev i veke 46, sendt ut fredag 18. november.

God fredag!

Mangel på kompetent arbeidskraft og kunnskap kan bremse det grøne skiftet. Ein ny rapport laga av Oslo Economics på oppdrag frå NHO og LO syner behovet for folk, forsking og utvikling for ikkje å svekke norsk konkurranseevne og verdiskaping. 

Legg ein det høgste anslaget i rapporten til grunn vil mangle heile 115 000 sysselsette i dei grøne næringane i 2030. Eit mellomscenario, som må seiast å vera meir realistisk, anslår 64 000. Det lågaste anslaget er eit behov for 13 000 sysselsette utover den generelle utviklinga i økonomien. 

Det er grunn til å uroe seg over tala, ikkje minst her på Vestlandet, då mange av dei grøne næringane allereie er på Vestlandet og må styrke seg her. Det vert også understøtta av denne rapporten, som ser på kompetansebehovet i åtte næringar: Havvind, batteri, hydrogen, karbonfangst- og lagring, maritim sektor, skog, kraftsystem og berekraftige bygg.

Det blir ein kamp om kompetansen. Dei som skal vinne, må vera attraktive. Det gjeld verksemder, men det gjeld ikkje minst samfunna der kompetansen skal bu og leve. 

Viktige innsatsfaktorar i kompetansekampen vert tilgong på bustadar, gode skular og barnehagar, kulturtilbod og stadsutvikling. Koplinga mellom samfunnsutviklinga og næringsutviklinga vert viktigare framover.

I tillegg må koplinga mellom utdanningssektoren, næringslivet og samfunna som skal huse dei nye grøne næringane verta betre. NHO og LO vil no ha på plass ei høgnivågruppe mellom partane i arbeidslivet, relevante departement og samfunnsaktørar for å finne løysingar.

Det kan vera eit smart grep, men endå viktigare er det truleg at lokale og regionale aktørar styrkar samarbeidet og byggjer ein sterkare kultur for dette. Det vil krevje vilje og evne til nytenking hjå aktørane, ikkje minst utdanningsinstitusjonane. 
 

  • Korleis få utdanningar som er enno tettare på behovet i næringsliv og offentleg sektor? 
     
  • Skal alle ha praksis, eller finnast det andre måtar å sikre kontakten mellom utdanning og arbeidsliv som er meir effektiv og mogleg å innføre i stor skala? 
     
  • Korleis få fleire til å ta etter- og vidareutdanning og oppdatere sin kompetanse?
     
  • Torer utdanningsinstitusjonane å sleppe inn fleire frå næringsliv og offentleg sektor som gjesteforelesarar? Og er ein villige til å stille oppe?
     

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This