Mathias Fischer vert dagleg leiar i Initiativ Vest

4 oktober, 2022 | Nyhende

Tidlegare statssekretær og kommentator går til tankesmia for Vestlandet. 

Eg ser fram til å bidra til byggja ein viktig aktør for ide- og politikkutvikling her vi bur. Dette er ein givande moglegheit til å styrka samarbeidet og debatten på Vestlandet, seier Mathias Fischer 

Initiativ Vest 13

I Oslo har eg arbeida i mediebransjen, kommunikasjonsbransjen, i regjeringsapparatet og på Stortinget. I dei rollene har eg ikkje berre sett den store hjerneflukta frå resten av landet, men også korleis aktørar utanfor hovudstaden ikkje når gjennom. Vit og sunn fornuft er jamt fordelt over heile landet, men det ikkje moglegheita til å påverka. Det må vi gjera noko med, seier Fischer. 

Dette er ei tankesmie, ikkje ein klagemur. Vi skal ikkje sutra over Oslo, men levere fakta og idear inn i samfunnsdebatten. Vi skal identifisera problem og finne løysingar, seier Fischer. 



Næringsliv og akademia i denne landsdelen bidreg til enorm verdiskaping i heile landet. Men vi har store utfordringar som må handterast. Det gjeld med anna infrastruktur, maktstrukturar og mangel på arbeidskraft, seier Fischer.

Mathias Fischer (29) har vore statssekretær for Venstre i Klima- og miljødepartementet, rådgjevar i TRY Råd og kommentator i Bergens Tidende. Sidan januar har han jobba som rådgjevar i Venstre si stortingsgruppe. 

NETTSSIDE MF
Foto: Initiativ Vest

Vi må stå saman på Vestlandet for å utnytte potensialet. Vestlendingane må engasjere seg og vi treng mange tydelege vestlandsrøyster. Mathias Fischer er ei sterk og tydeleg røyst og eg har stor tru på at han vil auke engasjementet og bidra til å samle Vestlandet mot mulighetene, seier styreleiar i Initiativ Vest Geir Inge Lunde 

Tommy Aarethun har vore dagleg leiar sidan hausten 2021. Han varsla før sumaren styret om at han etter kvart vil sjå seg om etter nye utfordringar. Han går no attende til rolla som kommunikasjonssjef i ei periode og vil i tillegg arbeide med ein del prosjekt som er påbyrja. 

Eg er glad for at ein har fått på plass Mathias i rolla som dagleg leiar, og er sikker på at han vil gi Initiativ Vest trykket som skal til for å ta dette vidare. Eg er meir overtydd enn nokon gong om at det trengs eit slikt miljø her på Vestlandet, seier Aarethun 

Styret er svært nøgd med den jobben Tommy Aarethun har gjort under oppstarten av Initiativ Vest, og vilnytte høve til å takke han for dette. Vi er elles glade for at han framleis skal vera med oss i ei periode og trur dette vil sikre ein god overgang, seier Lunde. 

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet. Tankesmia er organisert som ei stifting, der tidlegare PwC-leiar Geir Inge Lunde er styreleiar og advokat Pål W. Lorentzen er nestleiar. Størstedelen av finansieringa kjem frå Agenda Vestlandet. Initiativ Vest vart stifta i 2019.

Fischer byrjar i jobben i Initiativ Vest 24. oktober. 

For ytterlegare kommentarar: 
Mathias Fischer – 950 34 940 

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Andre innlegg

Fra kraftoverskudd til kraftunderskudd

Fra kraftoverskudd til kraftunderskudd

Mathias Fischer, daglig leder, Initiativ Vest Dette er nyhetsbrevet 25. november. Få det i innboksen hver fredag ved å melde deg på her. God fredag! I det siste årets debatt om strøm, kraftkabler og energimangel har det nærmest vært et premiss at Norge er så...

Vestlandsakademiet drøfta havspørsmål

Vestlandsakademiet drøfta havspørsmål

Torsdag 18. november arrangerte vi den tredje samlinga i det andre kullet av Vestlandsakademiet. Denne gongen var det havet, og havregionen, som var tema.Havet er viktig for Vestlandet i dag, men vil verta minst like viktig i framtida. Mange av satsingsområda til...

Det grøne skiftet på agendaen i Vestlandsakademiet

Det grøne skiftet på agendaen i Vestlandsakademiet

På den andre samlinga i Vestlandsakademiet var det grøne skiftet og korleis dette vil påverke Vestlandet tema. Tematikken er ein sentral del av ordskiftet, og vil prege samfunnsutviklinga i regionen iåra som kjem. Det er bakgrunnen for at denne tematikken også er...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This