Ny felles næringsstrategi for Vestlandet

7 april, 2021 | Nyhende

I regi av Vestlandsrådet går dei tre vestlandsfylka no saman om ein felles næringsstrategi. Målet er med anna betre samordning og styrkja omstillingsevne.  Dei tre vestlandsfylka arbeider no med ein ny felles næringsstrategi. Den nye strategien skal byggja på fylka sine eigne næringsstrategiar og peike ut nokre felles satsingsområder for åra som kjem.  I mandatet […]
illustrasjon Geir inge 2

I regi av Vestlandsrådet går dei tre vestlandsfylka no saman om ein felles næringsstrategi. Målet er med anna betre samordning og styrkja omstillingsevne. 

Dei tre vestlandsfylka arbeider no med ein ny felles næringsstrategi. Den nye strategien skal byggja på fylka sine eigne næringsstrategiar og peike ut nokre felles satsingsområder for åra som kjem. 

I mandatet heiter det at:
Næringsstrategien skal tene som ein plattform for å hevde felles standpunkt frå vestlandsfylka i samtalen med nasjonale styresmakter. Strategien skal bygge på regionale planer og relevante strategiar i fylka. Saker som skil fylka, eller der dei er usamde om vektlegging og framgangsmåte, vert å handsame og fremje i det enkelte fylke. 

Initiativ Vest deltek i utforminga av ny strategi

Arbeidet med den nye strategien skjer i tett samarbeid med næringsliv og akademia, og Initiativ Vest er representert i arbeidet gjennom nestleiar i styret Geir Inge Lunde. 

– Vestlandet sitt potensiale er stort, men om vi skal lukkast i møtet med den omstillinga vi står ovanfor må vi ha ei sterkare hand på rattet, seier Lunde 

Nye verdikjeder, flytting av makt og felles stemme er nokre av tematikkane som er viktige i arbeidet med ny strategi. 

– Arbeidet med ein ny felles næringsstrategi for Vestlandet harmonerer godt med heile bakgrunnen for skipinga av tankesmia Initiativ Vest. Skal denne regionen lukkast må vi samarbeide meir og betre i åra som kjem, avsluttar Lunde

Den nye strategien skal vera ferdig i juni 2021.

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This