Ny medarbeidar på plass!

4 januar, 2022 | Nyhende

Frå og med 1. januar styrkar vi laget i Initiativ Vest med Nora Marie Mjølhus. Ho er tilsett i eit engasjement som kommunikasjonsrådgjevar fram til sumaren.

– Vi er veldig glade for å no få på plass ein ny medarbeidar som styrkjar laget vårt på kommunikasjon. Vårt mål er bidra til ordskiftet på Vestlandet og i Noreg gjennom formidling av kunnskap, meiningar og framlegg. Nora Marie vil gjeva oss eit heilt nytt løft på kommunikasjonsfeltet, seier dagleg leiar Tommy Aarethun

Nora er 22 år, kjem frå Stavanger og har ein bachelorgrad i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen (UiB). Ho vil ha hovudansvaret for nettsida vår, i tillegg til kanalane i sosiale medier. I tillegg vil ho jobbe med  kommunikasjon både internt og opp mot eksterne.

– Eg er veldig glad for denne spanande moglegheita til å bidra til å utvikle Vestlandet framover. Min viktigaste jobb blir å løfte fram både moglegheiter og utfordringar i regionen, og eg håpar at vi skal kome i kontakt med mange spanande vestlendingar, seier Nora Marie.

Skjermbilde 2022 01 04 kl. 11.19.39

Nora byrja i jobben 3. januar 2022 og kan kontaktast på nora@initiativvest.no.

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Andre innlegg

Møtte stortingsbenken i Høyanger

Møtte stortingsbenken i Høyanger

Måndag 16. mai hadde vi saman med Hub for Ocean møte med stortingsbenken i Sogn og Fjordane valkrins i Høyanger. Der snakka vi om koplinga mellom hav og samfunn.Bakgrunnen for møtet var med anna ei oppfølging av hav-debatten vi arrangerte saman med Hub for Ocean i...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This