Ny næringsstrategi for Vestlandet – oppfølginga vert avgjerande

I dag vart den nye felles næringsstrategien for dei tre vestlandsfylka i regi av Vestlandsrådet presentert. Den vidare politiske handsaminga, og korleis det som ligg i strategien vert fulgt opp, vil avgjera kor vellukka dette arbeidet vert. 

Initiativ Vest involvert i arbeidet med ny strategi 

Styreleiar Geir Inge Lunde har delteke i arbeidet på vegne av Initiativ Vest og han er særskilt nøgd med å ha fått inn tankesettet om ein «grunnmur for næringsutvikling» i strategien. Dette handlar kort oppsummert om å styrke grunnleggande, næringsfremjande strukturar og styrke kultur og samhandling.

– Det å samle kreftene på Vestlandet til felles innsats om viktige saker var ein sentral del av bakgrunnen for skipinga av Initiativ Vest. Difor er det ein god ting at vi no har fått utarbeida ein felles næringsstrategi. Det gjev eit godt kunnskapsgrunnlag og eit felles strategisk råmeverk som vi kan byggje vidare på framover, seier Geir Inge Lunde 

– For meg har det viktigaste vore å få på plass tankesettet kring å «styrkje grunnmuren» i strategien. Det er avgjerande at vi har krefter og miljø som arbeider langsiktig og systematisk med å få på plass infrastrukturen og den øvrige grunnmuren som skal til for å kunne utvikle både noverande og nytt næringsliv i regionen, seier Lunde.

Bilete: Skjermdump frå webinar og presentasjon av felles næringsstrategi 29. jun

Eit godt utgangspunkt, men oppfølgjinga vil avgjera kor bra dette vert

Den nye næringsstrategien dannar eit godt grunnlag for samarbeid om næringsutvikling og utvikla av regionen i åra som kjem. 

– Det ligg mykje spanande og gode element i dette strategidokumentet. Men, det er no jobben byrjar og det er oppfølgjinga i tida som kjem vil avgjera om dette vert vellukka, seier dagleg leiar i Initiativ Vest Ole Rasmus Øvretveit 

Næringspolitisk forum for å koordinere vidare arbeid?

I den nye strategien vert det foreslått å oppretta eit forum som får ansvar for oppfølgjinga av det som ligg i strategien. 

– Vi trur det er heilt naudsynt at ein har ressursar som er dedikert til dette arbeidet og som har dette som sitt hovudfokus. Om regionen skal lukkast med å få til dette kritisk viktige arbeidet er det viktig at handlekraftige og ambisiøse vestlandspolitikarar no får på plass ressursane og strukturane som skal til for å følgje opp dette framover, seier Øvretveit 

Den nye felles næringsstrategien kan lesast og lastas ned frå Vestlandsrådet sine sider HER.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *