Nye rapportar stadfestar Vestlandet si nøkkelrolle

23 februar, 2022 | Nyhende

Tre nyleg lanserte rapportar stadfestar på ny Vestlandet si nøkkelrolle i åra som kjem. Samstundes peikar dei på behova for å gjera grep i dag – om vi skal lukkast i åra som kjem. 

Den siste tida har det kome tre nye rapportar som er av interesse for dei som er opptekne av utviklinga på Vestlandet:

Maritim21-strategien 
https://www.maritim21.no/om-maritim21/nyheter/maritim21-strategien-overlevert/ 

«Norge i morgen»-rapporten til McKinsey
https://www.norgeimorgen.no/ 

DNV Ocean`s Future to 2050
 
https://www.dnv.com/oceansfuture

Untitled design 25
Skjermdump: Maritim 21, Norge i morgen (McKinsey), Ocean`s Future to 2050 (DNV GL)

I rapporten, Norge i morgen, vert det peika på 10 konkrete moglegheitsnæringar:

1.     Hydrogen – bli leiande nasjon for produksjon og eksport av hydrogen og hydrogenteknologi.

2.     Havvind – bli Europa sin leiande havvindprodusent

3.     Batteri – bruke heile landet for å skape Europa si mest berekraftige verdikjede

4.     Karbonfangst og lagring – bli Europa sin største CO2-bank

5.     Grøn Maritim næring  – befeste posisjon som leiande grøn sjøfartsnasjon

6.     Industriell programvare – bli industrien sitt svar på Silicon Valley

7.     Forbrukarplattformar – bygge vidare på start up boomen av slike plattformar

8.     Sirkularitet – ta posisjon i Europa på tvers av økosystem, teknologi og material

9.     Havbruk – utvikle verdas mest berekraftige havbruk

10.  Turisme – bli verdsleiande på berekraftig høgkvalitetsturisme.

Næringslivet på Vestlandet vil få ei sentral rolle

Ser ein på dei tre rapportane samla er det nokre ting det er særskilt verdt å merka seg ut frå eit vestlandsk perspektiv. For det fyrste har havvind, sjømat, reiseliv og grøn skipsfart ein sentral plassering i alle dei tre rapportane, og vert løfta fram som viktige næringar i åra som kjem. Det interessante frå eit vestlandsk perspektiv er at desse næringane er ein heilt sentral del av den vestlandske næringsstrukturen.

Vidare vert digitalisering løfta fram som ein viktig næring framover. Særskilt i rapporten til McKinsey er den digitale transformasjonen eit viktig bakteppe, men det er også interessant å merke seg målsetjinga om å verta ei supermakt på digitalisering innan det maritime i M21-strategien. Når ein ser dette i samanheng er det avgjerande å lukkast med å få på plass god og stabil digital infrastruktur – som vil vera ein viktig føresetnad for dette. 

Kompetanse er eit anna område som går at att i rapportane. Det vert peika på at det er eit behov for å auke kompetansen både innanfor offentleg sektor og i det private næringslivet. Ikkje minst vert det peika på behovet for å etablere fleire utdanningsløp av teknisk art i åra som kjem. 

Vi har tidlegare skrive om behovet for å sikre eit tettare samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og næringslivet på Vestlandet. 

Forvaltning som nøkkel for å realisere potensialet

Havforvaltningskompetanse, eit område der Vestlandet og Noreg ligg langt framme, trekt fram som viktig i åra som kjem. Det knyt seg med anna til at mange av næringane som vert haldne fram som sentrale er havbaserte. 

I rapportane vert det også peika på behovet for raskare forvaltning innanfor ei rekkje områder, for å halde tritt med tempoet i utvikla ein no ser. Dette er eit felt ein på Vestlandet med anna kjenner frå debatten kring utbygging av nettkapasitet. Der ein no ser at manglande nettkapasitet til å føre fram elektrisk kraft bremsar utviklinga i det grøne skiftet.

Det førte med anna til at Energi Norge peika på raskare tilgang på kapasitet i strømnettet for både klimatiltak og nye industriprosjekt som den viktigaste oppgåva til olje- og energiminister Marte Mjøs Persen når regjeringa til Støre gjekk på.  

Nokre nøkkelstikkord frå dei ulike rapportane:

Norge i morgen – ti mulighetsnæringer for Norge:

– Noreg må byggje nye næringar for å erstatte oljenæringa

– Rapporten peikar på 10 nye næringar som med rette grep kan skape 210 000 nye arbeidsplassar og bidra med 310 milliardar. På toppen av normalutvikling. 

– Noreg har store naturgjevne og geopolitiske føremon som gjev oss pole position i mange næringar. Men, treige avgjerslestrukturar hemmar Noreg i konkurranse med andre land som har eit mykje høgare tempo allereie.

– Tidlegare nær monopol-situasjonar blir erstatta av beinhard internasjonal konkurranse, til det treng vi rett kunnskap og kompetanse, store infrastrukturprosjekt, innretta investeringar og insentiv og konkrete mål og strategiar på kvart felt.

– Dei ti moglegheitsnæringane nemnt ovanfor kjem med bakgrunn i tre moglegheitskjelder: energiskiftet, digitalskiftet og berekraftskiftet. 

Les heile rapporten HER

Maritim 21-strategien: 

– Maritim21 er ein strategi for FOU og nyskaping for maritim og tilstøytande næringar med mandat frå Nærings- og fiskeridepartementet

– M21 legg til grunn at Noreg skal framleis vere ein verdsleiande maritim nasjon i 2030 gjennom å ta ei leiande rolle i det grøne skiftet.

–  Strategien skal bidra til auka verdiskaping, sysselsetting og grøn omstilling, konkretisert gjennom tre delmål for 2030:

1. minst 50% vekst i næringas verdiskaping og eksportinntekter i Norge

2. minst 50% vekst i sysselsetting

3. gjere mogeleg utsleppsmåla vedtatt for maritim næring   

– M21 skal muleggjere utsleppsmåla for maritim næring som er 50% reduksjon i klimagassutslepp frå 2008 til 2050 og halvere utslepp frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030.

Les heile strategien HER

Ocean`s Future to 2050:

– Havvind vil ta over rolla frå olje- og gassnæringa som den største investeringssektore i den blå økonomien. Havvind vil vekse frå liten del no til 50% av blå investeringar i 2050

– Den blå økonomien vil bli dominert av Asia, med Kina som powerhouse.

– Havvind vil krevje 82% av det totale havarealet som er bandlagt av menneskeleg aktivitet i 2050.

Les heile rapporten HER



Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Andre innlegg

Kvar vil folk bu i 2050?

Kvar vil folk bu i 2050?

Nyleg lanserte Statistiske sentralbyrå (SSB) nye framskrivingar for korleis befolkninga i Noreg vil utvikle seg fram mot 2050. Tala er ikkje særskilt lystig lesnad for distrikta. Dei regionale befolkningsframskrivingane til SSB gjev liten grunn til optimisme for...

God anledning til eit betre samarbeid i vest

God anledning til eit betre samarbeid i vest

Stortingsbenkane frå vestlandsfylka bør samarbeide meir og betre. Førre veka kunne ein lese eit oppslag i Stavanger Aftenblad der Geir Pollestad (Sp) meiner at «som politisk kraft har Rogalandsbenken delvis forvitret». Bakgrunnen for oppslaget er mellom anna eit møte...

Vestlandsintervjuet: Einar Vik Arset

Vestlandsintervjuet: Einar Vik Arset

- Det skal skje meir i norske kyst- og havområde framover. Det kan bli litt trongt om plassen, og då må høgrehanda vite kva venstrehanda gjer, seier kystdirektør Einar Vik Arset Vestlandet er kyst, og utviklinga langs kysten er viktig for samfunnsutviklinga på...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This