Innspel til arbeidet med ny næringsstrategi på Vestlandet

Arbeidet med ein ny felles næringsstrategi for Vestlandet i regi av Vestlandsrådet er no i sluttfasen. Vi har valt å spele inn eit notat med nokre element vi meiner bør framhevast i ein slik strategi. Vi i Initiativ Vest har følgt dette arbeidet tett, med anna gjennom at vår styreleiar Geir Inge Lunde har delteke … Continued

Blogg: Havdag i havlandet

8. juni er den internasjonale havdagen. I dag er den fyrste havdagen i det internasjonale havtiåret. Havet si helse er ikkje bra. Samstundes må vi nytte ressursar frå havet i endå større grad i tiåra som kjem. Det vil krevje kunnskap og klokskap å navigere i dette farvatnet.  I dette er miljøa langs Norskekysten godt … Continued

Blogg: Mens vi ventar på stortingsmeldinga…

Fredag denne veka kjem endeleg Stortingsmeldinga om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar. Vil folk verta nøgde eller vert dei skuffa? Mitt tips: Truleg begge deler. Den siste tida har eg arbeida mykje med tematikkar som det vil vera naturleg at vert adressert i denne stortingsmeldinga – særskilt knyt det seg til kraftsituasjonen i Noreg (meir spesifikt … Continued

Blogg: FN sitt høgnivåmøte om havet

Tysdag denne veka vart høgnivåmøte i påvente av FN sin 2. havnivåkonferanse (utsett grunna Covid-19) avvikla. Covid-19 umogeleggjer å gjennomføre store internasjonale konferansar men gjer det mogeleg for ei lita tankesmia i den nordvesteuropeiske periferien å ta del.  Kenya og Portugal saman med FN sin havutsending Peter Thomson var medarrangør på debattrekkja. Kenya har ei seks … Continued

Geir Inge Lunde ny styreleiar i Initiativ Vest

På dagens årsmøte vart det gjort ei rokkering i styret til Initiativ Vest etter ynskje frå tidlegare styreleiar Pål W. Lorentzen. Geir Inge Lunde vert ny styreleiar i tankesmia medan Pål W. Lorentzen held fram i styret i kraft av rolla som nestleiar.  Pål W. Lorentzen har vore styreleiar i tankesmia Initiativ Vest sidan skipinga … Continued

Blogg: Energinasjonen må snakke meir om energi

Kvifor er det så sterke kjensler knytt til energipolitiske spørsmål? Kvifor er temperaturen så høg? Kvifor kokar kommentarfeltet kring desse spørsmåla? Kan det vera fordi energinasjonen Noreg ikkje snakkar nok om energipolitiske spørsmål?  I dag la NHO og LO fram ein energi- og industripolitisk plattform. Rapporten som er utarbeida i fellesskap mellom ei lang rekkje forbund og … Continued

Blogg: IEA-rapporten legg energiomstilling oppå havtiåret

Med ei anbefaling om at ingen nye petroleumsfelt skal etablerast etter 2021 har det internasjonale energibyrået (IEA) sin årlege rapport fått stor merksemd etter at den kom ut på tysdag i denne veka. Tradisjonelt har byrået vektlagt energitryggleik og med det vore varsam med å anbefale nedbygging av oljesektoren. Den siste rapporten bryt med denne … Continued

Tettare samarbeid for å utvikle berekraftige regionar

The North West og tankesmia Initiativ Vest har denne veka signert ein avtale om tettare samarbeid mellom dei to organisasjonane i tida som kjem. Organisasjonane har ei rekkje samanfallande interesser og gjennom denne avtala forpliktar partane seg til å støtte opp om og bidra på kvarandre sine arrangement.  – Dette samarbeidet vil vere viktig i arbeidet med … Continued

Blogg: Lokalsamfunn, tillit og attraktivitet

Ei av dei store megatrendane som verda står ovanfor er sentralisering. Dette skjer også i Noreg. For Vestlandet sin del er ikkje trenden ekstremt mørk. Befolkningstalet vil halde seg nokon lunde stabilt i tiåra som kjem men, fleire unge vel å flytte ut. Det er ei utfordring.  Regionen er ein drivar både i den grøne … Continued

Innlegg: Flyttegaranti for jobb nummer to?

Dette innlegget stod fyrst på trykk i Dagsavisen og Rogalands Avis 20.04.2021. Når eg snakkar med folk om jobb og flytting frå by til bygd er det ein ting som nærmast alltid går igjen: «det er jobb nummer to som er problemet». Kanskje burde vi få til ei prøveordning med «flyttegaranti for jobb nummer to»?  … Continued

Det er på tide med ei ny maktutgreiing i Noreg!

Kven styrer eigentleg Noreg? Korleis har dette endra seg dei siste tiåra? Har inntoget til kommunikasjonsbyrå og sosiale medier endra maktbalansen? Kva er statusen på det norske demokratiet? Tida er inne for ei ny makt- og demokratiutgreiing i Noreg.  I Danmark har eit fleirtal i Folketinget gått inn for at det no skal utarbeidast ei … Continued

Deltok med innlegg på konferanse for tilsette i Kongressen

Torsdag 08.04 deltok dagleg leiar i Initiativ Vest, Ole Rasmus Øvretveit, med eit innlegg på The Wilson Center’s Congressional Foreign Policy Arctic Masterclass. Konferansen samlar senior-tilsette i Kongressen og ekspertar for diskusjonar knytt til arktiske forhold. – Det er viktig at Noreg og norske interesser er kopla tett på internasjonale prosessar og beslutningstakarar. Difor er vi … Continued

Ny felles næringsstrategi for Vestlandet

I regi av Vestlandsrådet går dei tre vestlandsfylka no saman om ein felles næringsstrategi. Målet er med anna betre samordning og styrkja omstillingsevne.  Dei tre vestlandsfylka arbeider no med ein ny felles næringsstrategi. Den nye strategien skal byggja på fylka sine eigne næringsstrategiar og peike ut nokre felles satsingsområder for åra som kjem.  I mandatet … Continued

Webinar: Vestlandet og det grøne skiftet!

Initiativ Vest og NORCE inviterer saman til eit webinar om Vestlandet og det grøne skiftet. Her vil du få vite meir om kva som skjer innanfor det grøne skiftet i dei tre vestlandsfylka og om kva som kan og bør vera Vestlandet si rolle i det grøne skiftet framover.  I fyrste del av webinaret møter … Continued

Webinar: Havpanelet – kva no?

Måndag 07. desember arrangerte vi i Initiativ Vest eit webinar «Havpanelet – kva no?» der vi sette fokus på havpanelet sitt arbeid. Webinaret kan i sin heilskap sjåast HER. Del 1 – Innleiing ved Vidar Helgesen kan sjåast HER. Del 2 – Havet i krise & havet som løysing kan sjåast HER. Del 3 – … Continued

Innlegg på Høyres kommunalkonferanse

– Vårt mål er å videreutvikle Vestlandet som verdens fremste havregion. Det krever at vi flytter reell makt ut til folket og at vi bygger Vestlandet og Norge sammen med en rask og enkel infrastruktur.– Geir Inge Lunde, nestleder i Initiativ Vest I helgen deltok nestleder i Initiativ Vest, Geir Inge Lunde, på Høyre sin … Continued

Nyttar vi krafta riktig?

Den siste tida har ein sett fleire medieoppslag om grøne industriinitiativ som vert stogga grunna manglande tilgang på kraft, eller manglande tilkoplingsgarantiar. Kraftsituasjonen i Noreg vil endre seg i tråd med den aukande elektrifiseringa dei komande åra og må løftast høgare på agendaen!  Noreg og verda har djerve ambisjonar om kutt i klimagassutslepp i åra … Continued