Nyttar vi krafta riktig?

23 april, 2021 | Kommentarar, Nyhende

Kraftartikkel

Den siste tida har ein sett fleire medieoppslag om grøne industriinitiativ som vert stogga grunna manglande tilgang på kraft, eller manglande tilkoplingsgarantiar. Kraftsituasjonen i Noreg vil endre seg i tråd med den aukande elektrifiseringa dei komande åra og må løftast høgare på agendaen! 

Noreg og verda har djerve ambisjonar om kutt i klimagassutslepp i åra som kjem. Dette går tydeleg fram gjennom med anna Parisavtala, EU sin Green Deal og gjennom den norske regjeringa sine eigne klimamål og planar for å nå desse, som framgår Meld. St. 12 (2020-2021) Klimaplan for 2021-2030.

Er Noreg rigga for elektrifiseringa og det grøne skiftet?

Som ei følgje av alle desse måla og avtalane har det den siste tida kome ei lang rekkje initiativ som knyt seg til det grøne skiftet og den energitransformasjonen som samfunnet står ovanfor. Batterifabrikkar, datasenter, produksjon av hydrogen, elekttrifisering av maritim sektor, bilpark osv. er alle dømer på inititativ og prosessar som krev mykje kraft. 

I Noreg forventar ein ei betydeleg vekst i forbruket i åra som kjem, og kor stor auken vert varierer frå kjelde til kjelde og mellom ulike scenarier for utviklinga. Det er likevel ei semje om ei betydeleg vekst i åra som kjem. Statnett slår fast i sitt oppdaterte basisscenario frå 2020 at dette inneber ei auke frå dagens nivå på litt over 140 TWh til 180-190 TWh i 2040-50. Les meir om det og deira marknadsanalyse HER

Kraftmangel, eller meir presist manglande kapasitet til å føre krafta fram er eit omreisande problem i Noreg – som no for tida særskilt gjer seg gjeldande i Bergensregionen og på Haugalandet. Det er i seg sjølv eit paradoks når ein veit at Vestlandet står for ein vesentleg del av produksjonen av fornybar energi i Noreg. Grunnen er med anna manglande utbygd nettkapasitet til intern distribusjon i regionen. Dette reiser i seg sjølv nokre problemstillingar. Til dømes bør vi i større grad drøfte om vi kan tenke nytt om korleis vi byggjer infrastruktur på dette området, om nettselskap kan få ei anna rolle og eit anna ansvar enn kva dei har i dag, og om modellane og systema vi har hatt no er rigga for den store veksten vi står ovanfor.

Nyttar vi krafta riktig? 

Kraftsituasjonen er kompleks og reiser ei lang rekke spørsmål om alt frå infrastruktur og nettkapasitet til politiske prioriteringar knytt til bruk av krafta og utvikling av nye næringar i Noreg. Desse spørsmål er truleg ikkje drøfta godt nok, og noko av dette kan nok tilskrivast at utviklinga har skjedd gradvis og etter kvart akselerert betydegeleg. Med dei framskrivingane vi har for forbruk og behov for elektrisk kraft i Noreg i åra som kjem er det utan tvil naudsynt å drøfte spørsmål kring kraftsituasjonen og elektrifiseringa betre, og ein del av denne drøftinga bør vera om vi nyttar krafta vi har/produserer riktig. 

Er det riktig å elektrifisere sokkelen med kraft frå land samstundes som industriinitiativ på Vestlandet vert stogga grunna mangel på kraft og tilkopling?

Nyttar vi krafta til riktige industriinitiativ, eller ville det ha vore i storsamfunnet sine interesser å nytte denne på ein annan måte?

Korleis kan vi sikre at ein får ein heilskapleg plan for elektrifiseringa og det grøne skiftet som Noreg står ovanfor i åra som kjem?

Dette er tre dømer på store og komplekse diskusjonar som bør løftast høgare på agendaen og som bør diskuterast inngåande i tida som kjem. Vi veit at kraft, bruken av kraft, flytting av kraft og utbygging av nye kraftproduserande kjelder er tema som det er knytt kjensler og stort engasjement til i befolkninga. Difor vil det vera i alle si interesse å drøfte desse spørsmåla grundig i forkant av det vi veit vil bli eit stadig meir aktuelt tema i åra som kjem. 

Til sumaren 2021 kjem Stortingsmeldingen om langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, betre kjent som energimeldinga. Regjeringa bør nytte dette høvet til å levere konkrete løysingar på fleire av dei utfordringane vi står ovanfor, samstundes som det er viktig at vi får ein opplyst og grundig debatt om denne tematikken – blant politikarar, ekspertar og i befolkninga. 

Tommy Aarethun, Administrasjons- og kommunikasjonssjef i Initiativ Vest

Andre innlegg

– Det er heilt avgjerande at vi samlar kreftene framover

– Det er heilt avgjerande at vi samlar kreftene framover

Vestlandsrådet vedtok i haust ein felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka som skal nyttast som eit grunnlag for arbeidet med den store omstillinga som Vestlandet står ovanfor. Initiativ Vest har vore med i arbeidet.Etter ein ganske omfattande prosess vedtok...

Vi lanserer ny nettside!

Vi lanserer ny nettside!

Initiativ Vest lanserer no våre nye nettsider. Målet er at det skal verte ein plattform som innbyr til samhandling, og til engasjement for samfunnsutviklinga på Vestlandet.  - Vi er veldig glade for å no ha fått på plass ei ny og modernisert nettside! Den nye...

Vi bør snakke meir om havet her heime også!

Vi bør snakke meir om havet her heime også!

Det er bra at Noreg er tungt involvert på den internasjonale arenaen når det gjeld havspørsmål og havpolitikk, men vi må ikkje gløyme heimebøen vår. For mange samfunn, på Vestlandet og langs heile norskekysten, har havet til alle tider vore heilt sentralt. Som...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This