Styret i Initiativ Vest

Geir Inge Lunde (f.1961)

Geir Inge Lunde (f.1961)

Styreleiar

Bustad: Bergen

Les meir

Geir Inge Lunde er vaksen opp på Lundegrend i Sunnfjord. Han er utdanna siviløkonom, statsautorisert revisor og har ein MBA i strategisk leiing frå Norges Handelshøyskole (NHH). Lunde har meir enn 30 år med erfaring frå PwC som partner, leiar og revisor, og har lang erfaring som føredragshaldar innanfor samfunnsutvikling, strategi, leiarskap, digitalisering og personleg leiing.

Lunde var partner i PwC i perioden 1995 – 2019 og har vore ansvarleg revisor for børsnoterte selskap innanfor finans, sjømat, offshore, transport og industri. Han har vidare vore ansvarleg for større rådgjevingsoppdrag innanfor due diligence, oppkjøp og børsnoteringar.  I perioden 2000-2019 var han leiar av PwC Bergen og Region Vest. Lunde var medlem av PwC Norge si nasjonale leiargruppe i perioden 1998-2019 og var CFO i PwC Norge i perioden 2011-2019.  Han var medlem av klimaomstillingsutvalget som ble nedsatt av Civita, WWF og Norsk Klimastiftelse og som la frem sin rapport 24. september 2020.  Lunde er i dag strategisk rådgjevar, styrearbeidar og investor.

Pål Lorentzen (f.1941)

Pål Lorentzen (f.1941)

Nestleiar

Bustad: Bergen

Les meir
Pål W. Lorentzen er vaksen opp i Bergen. Han er høgsterettsadvokat med eit sterkt engasjement innanfor ytringsfridom, menneskerettar og rettssikringsspørsmål, og har vore ein av Noreg sine mest framtredande forretningsadvokatar som særleg har arbeida med prosedyre. Han har i 45 år vore tilknytt advokatfirmaet Thommessen som partner i Bergen med heile Vestlandet som arbeidsfelt.

Lorentzen har også innehatt verv som styreleiar i betydelege verksemder i landsdelen, bl.a. innanfor finans, offshore, fiskeri, ferjeverksemd og industri. Som styreleiar i Sparebanken Vest (2000 – 2008) var han særleg oppteken av å utvikla banken som ein reiskap for befolkning og næringsliv på Vestlandet. Han har vore styreleder i Den Norske Advokatforening og i Advokatforeningens rettssikkerhetsutvalg – og eit titals kulturinstitusjonar i Bergen, bl.a. Bergen Filharmoniske Orkester, Festspillene i Bergen, Bergen Nasjonale Opera, Edvard Grieg Kor og Det Vestnorske Teateret. Han tok initiativ til etableringa av Norsk Klimastiftelse i 2010 og var stiftinga sin styreleiar fram til sumaren 2019. Han var styreleiar i Initiativ Vest frå skipinga og fram til årsmøtet i juni 2021.

Solveig Røkenes (f.1975)

Solveig Røkenes (f.1975)

Styremedlem

Bustad: Haugesund

Les meir
Solveig Røkenes er vaksen opp på Torvastad, Karmøy. Ho har sin utdanning
som realfagslærer frå Universitetet i Bergen (UiB) og starta sin karriere på
Nordhordland videregående skole i 2000. Ein stilling som startar eit framleis
brennande engasjement for utdanning, digitalisering og omstilling. I 2008 byrja Røkenes som opplæringskonsulent for Maritimt Opplæringskontor Sør/Vest Norge.

Engasjementet og interessa for næringen førte ho vidare til rolla som dagleg leiar for Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland og sekretær i Haugesund Rederiforening. Her stod lokal og nasjonal næringspolitikk sentralt, i tillegg til synleggjering av moglegheiter og innovasjonskrafta i regionen si maritime klynge. I denne perioden var Røkenes også ansvarleg for større arrangement som Haugesundkonferansen og Subsea Operations Conference. Etter to år i Østensjø Rederi med fokus på kommunikasjon og kompetanse gikk vegen vidare til IT-sektoren.

Solveig arbeidar i dag som leiar for utvikling i IT selskapet Serit iDrift. Her støttar ho verksemder med digitaliseringstiltak som optimaliserar samarbeid og bedrar informasjonsflyten. I tillegg held ho kurs for å sikre at tiltaka som vert implementert får den ynskja effekten. Av tidlegare verv kan ein nemne styremedlem i Fagskolen Rogaland og Haugesund næringsforening, samt leiar av programkomiteen i Haugesundkonferansen.

Anne Lise Fimreite (f.1961)

Anne Lise Fimreite (f.1961)

Styremedlem

Bustad: Bergen

Les meir

Anne Lise Fimreite er vaksen opp i Bergen. Ho er utdanna statsvitar og er professor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap ved Universitetet i Bergen. Fimreite har tidligare vire visestyrar ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap, samt medlem av fakultetsstyret ved Det samfunnsvitenskapelige fakultetet. I perioden 2009-2013 var ho fakultetet si prodekan for forsking, og frå august 2013 til juli 2017 var ho Universitetet i Bergen sin valte prorektor. I sin forsking har Fimreite særleg vore oppteken av lokale og regionale styreformer, men har også studert samhandling mellom nivåa. Skule, velferd og samfunnssikkerhet har vore hennar viktigaste tematiske områder.

Fimreite har vore medlem i tre programstyrer i Norges forskingsråd frå 2000 til 2012. Ho har leia divisjonsstyret for vitenskap i forskingsrådet i perioden 2015 til 2018 og var i same periode medlem i forskingsrådet sitt hovudstyre. Fram til 2013 leia ho den forskingsmessige evalueringa av NAV-reforma. Fimreite har delteke i ei rekkje offentlege utval, bl.a. Skatteoppkreverutvalget, Politianalyseutvalget, Forvaltningslovutvalget og Opplæringslovutvalget. Ho var også med i ekspertutvalet som foreslo oppgåver for dei nye fylkeskommunane. Vidare har Fimreite vore leiar for Norsk Statsvitenskapelig forening og medlem i den internasjonale statsviterforeningens styre i perioden 2000 til 2003.

Helge Singelstad (f.1963)

Helge Singelstad (f.1963)

Styremedlem

Bustad: Bergen

Les meir

Helge Singelstad er vaksen opp på Tysnes i Sunnhordland. Han er utdanna ingeniør frå Bergen Ingeniørhøyskole, siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (NHH) og har grunnfag i jus frå Universitetet i Bergen. Han er no administrerande direktør i Laco AS med hovudkontor i Austevoll. Han har lang og omfattande erfaring frå oljeservice og sjømat.

Singelstad er i dag styreleiar i Lerøy Seafood Group ASA, Austevoll Seafood ASA og Pelagia Holding AS. Han er styremedlem i blant anna DOF ASA, DOF Subsea AS, Fitjar Mekaniske Verksted AS og Møgster Management AS.

Anja Solevågseide (f.1980)

Anja Solevågseide (f.1980)

Styremedlem

Bustad: Ålesund

Les meir

Anja Solevågseide er vaksen opp på øya Sula utanfor Ålesund. Ho er utdanna innan internasjonal marknadsføring ved Høgskolen i Ålesund (no NTNU) og starta sin karriere i finanshuset Sparebanken Møre. Vidare gjekk ho til idretten der ho har hatt ulike leiar- og styrerollar, derunder å leie Norges Golfforbund sin breiddeidrett-satsing. I 2017 var Solevågseide med på å etablere teknologiklynga Next Digital på Sunnmøre. Ei rekkje prosjekt innan finans, idrett og teknologi har gåve ho eit brennande engasjement for samarbeid på tvers for å utfordre det etablerte. 

Solevågseide er no dagleg leder og med-gründer i Pir Cowork der ho bygger ein pulserande oppstarts- og innovasjonsarena i Ålesund sentrum. Ho er ei av få kvinner i Noreg som investerer i oppstartsbedrifter og leiar Pir Invest, eit nettverk av sunnmørske bedriftsleiarar som stør selskap i ein tidlig fase med kapital og kompetanse. 

Leif Johan Sevland (f.1961)

Leif Johan Sevland (f.1961)

Styremedlem

Bustad: Stavanger

Les meir

Leif Johan Sevland er vaksen opp på Avaldsnes på Karmøy. Han er næringslivsleiar og tidligare politikar for Høgre. Han var ordførar i Stavanger kommune i perioden 1995-2011 og har vore administrerande direktør i stiftinga ONS sidan 2012.

I sin periode som ordfører bemerka Sevland seg ved å sikre næringsetableringar til Stavanger-regionen, då særleg innan olje- og gassektoren. Han var oppteken av eit næringsmessig mangfald og tok derfor ei rekkje initiativ for utviklinga av Stavanger som kulturby. Han var engasjert for å sikra Stavanger-regionen status som europeisk kulturhovedstad og var styreleiar for Stavanger 2008. Han leia også arbeidet med å sikra byen eit nytt konserthus.

Av andre tidlegare verv kan ein nemne blant anna styreleiar i næringsselskapet Greater Stavanger, styreleiar for Stavangerregionen Havn IKS og styreleiar for Forus Næringspark AS. Han var med på å ta initiativ til World Energy Cities Partnership (WECP) i midten av 1990-åra, og satt som president i organisasjonen i 9 år. Sevland har fleire styreverv og er for tida bla. styreleiar for Hitec Vision AS, Haugaland Næringspark AS og Smed T. Kristiansen AS

Marianne Jøssang (f.1983)

Marianne Jøssang (f.1983)

Styremedlem

Bustad: Stavanger

Les meir

Marianne Jøssang er vaksen opp i Stavanger. Ho er utdanna siviløkonom, master i Strategi og leiing frå Norges Handelshøyskole (NHH), og starta sin karriere som konsulent i Accenture. Der arbeida ho med endrings- og prosjektleiing i omstillingsprogram både innan offentleg sektor i Oslo og i oljebransjen i Stavanger. Etter 5 år som konsulent byrja Marianne som produktutviklar i Stavanger Aftenblad. Ho hadde fleire ulike roller både her og i Schibsted, der fellesnemnaren var prosjekt- og organisasjonsutvikling i ein bransje med stor endring og digitalisering. 

Marianne jobbar no som senior prosjektleiar i Lyse Energi. Ho er oppteken av å sjå moglegheiter i den teknologiske utviklinga, og å arbeide tverrfaglig for å finne gode løysingar.

Rolf Sanne-Gundersen (f.1965)

Rolf Sanne-Gundersen (f.1965)

Styremedlem

Bustad: Førde

Les meir

Rolf Sanne-Gundersen er vaksen opp i Stavanger. Han er utdanna lærar ved lærerskolen i Sogndal (seinare Høgskolen i Sogn og Fjordane og deretter Høgskulen på Vestlandet), og har hatt ein lang yrkeskarriere i media der han har innehatt ei rekkje ulike rollarr. Han byrja som reporter i NRK Sogn og Fjordane i 1994 og var vaktsjef i fleire år før han vart redaksjonssjef i 2004. Sanne-Gundersen var også innanrikssjef i Dagsrevyen, og frå mai 2009 var han distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane. Sanne-Gundersen har også vore administrerande direktør i selskapet Bano og sjølvstendig næringsdrivande i selskapet Tydelig.no. 

Sanne-Gundersen var frå 2016 til mars 2021 dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling AS. Der arbeida han med å leggje til rette for utvikling, skape arbeidsplassar, drive samfunnsutviklingsprosjekt og betre bustadsattraktivitet i Sunnfjord kommune. Frå mars 2021 er han seniorrådgjevar i Eviny (tidlegare BKK). 

Annik Magerholm Fet (f.1953)

Annik Magerholm Fet (f.1953)

Styremedlem

Bustad: Ålesund

Les meir

Annik Magerholm Fet er vaksen opp i Ålesund. Ho er viserektor ved NTNU i Ålesund, og har sidan 1999 vore professor i miljøleiing, systemteknikk og livsløpsanalyse ved Institutt for industriell økonomi og teknologiledelse. Magerholm Fet leiar fleire nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt innan global produksjon, miljøleiing, bedrifter sitt samfunnsansvar og bærekraft. Ho er også aktiv i nasjonale og internasjonale organisasjonar med fokus på å utvikle samarbeid mellom akademia og næringsliv.  

Magerholm Fet sit i styret for Sustainable Development Solutions Network – Northern Europe, Polaris Media Nordvest, Ålesund Kunnskapspark, Ocean Training AS og Ålesundregionens interkommunale miljøselskap. Ho har lang erfaring frå vurdering av forskingsaktivitetar, blant anna gjennom 8 års styrearbeid i Brukerstyrt Innovasjonsarena (BIA) – det største programmet i forskingsrådet for å fremje forsking i norsk næringsliv. Ho leiar i dag prosjektet BusinessHUB for Sustainability som handlar om å utvikle metodar for implementering av bærekraftstrategiar i næringsliv og andre organisasjonar. 

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
cropped Favicon 01