Vestlands­akademiet

Verda er stadig i endring, med raske omskiftingar, teknologisk utvikling og andre prosessar som treff verda, Noreg og Vestlandet. Den dårlege nyhenda er at Vestlandet vært treft særskilt hardt av nokre av desse prosessane. Den gode nyhenda er at regionen også sit på ei rekkje av løysingane som skal til for å lukkast.

Gjennom Vestlandsakademiet er målet at unge vestlendingar mellom 20 og 35 år innan politikk, samfunn, kultur, idrett, frivillighet, næringsliv og øvrig samfunnsliv skal få innsikt i og kunnskap om viktige trendar og tematikker for Vestlandet. Deltakarane i akademiet vil få tilgang til nettverk, foredrag og drøftingar om tema som vil vera viktig for Vestlandet, Noreg og verda i åra som kjem.

Lurer du på noko eller har du innspel?

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Innhald og organisering av Vestlandsakademiet:

Vestlandsakademiet vil ha både digitale og fysiske samlingar. I det fyrste kulle er det lagt opp til at deltakarane skal gjennom seks samlinger, der målet er å sikre at dei får innblikk i ei breidd av viktige tematikker.

Samling 1 Kvifor Vestlandet?
Samling 2 Slik vert det grøne skiftet på Vestlandet
Samling 3 Verdas fremste havregion?
Samling 4 Vi treng di røyst!
Samling 5 Kven har makta?
Samling 6 Vestlandet i framtida

På samlingene vil deltakarane møte innleiarar frå næringsliv, forvaltning og øvrig samfunnsliv. I etterkant av innleiinga vil deltakarane drøfte sentrale problemstillingar som er relatert til tematikkane i dei ulike samlingene.

Ei viktig målsetjing med opplegget er at deltakarane skal verta inspirerte til å ta desse drøftingane med seg attende til sin kvardag, og at dei skal verta viktige vestlandsrøyster i åra som kjem.

I etterkant vil dei som deltek i akademiet også verta invitert inn i eit eige alumninettverk.

Målsetjinga er at Vestlandsakademiet skal verta ei årleg greie, med 20-25 deltakarar i kvart kull. Søknadsprosessen for kull #2 med oppstart hausten 2022 vil verta våren 2022.

Har du spørsmål? Ta kontakt med prosjektleiar Tommy Aarethun på tommy@initiativvest.no 

Kull #1 av Vestlands­akademiet:

– Gjermund Kvernmo Langset, Ålesund
– Jonas Økland, Oslo/Bømlo
– Torstein Fjelltveit Skagseth, Bergen
– Emilie Flønes, Bergen
– Eirin Aardal, Sunnfjord
– Hanne Vamråk Solheim, Bergen
– Andreas Nystøl, Ålesund
– Even Bønes, Bergen
– Sarah-Stephanie Skjoldevik, Haugesund
– Steinar Litland, Bergen
– Jakob Mannes, Bergen
– Hanne Haugland Nesbø, Oslo/Bergen
– Thomas Vestbø, Sandeid
– Kennet Nordpoll, Ålesund
– Helena Haldorsen, Bergen