Initiativ Vest skal bidra til å etablera Vestlandet som verdas fremste havregion gjennom å framskaffe faktabasert innsikt og kunnskap om regionen si verdiskaping, kyst- og havrommet si tyding, demografiske utfordringar, tilliten og samarbeidet si tyding og makten sin dynamikk.

Hovedtanken bak Initiativ Vest er å produsere og formidle alternativ prinsipiell tenking og forslag til løysingar som fremjer Vestlandet si langsiktige utvikling.

Dømer på problemstillingar:

Kva er nasjonen Noreg sine komparative fortrinn?

Kven styrer Noreg – politisk, økonomisk og kulturelt?

Kven avgjer korleis naturressursane på Vestlandet skal utnyttast?

Kva er forholdet mellom makt, moglegheiter og verdiskaping?

Korleis påverkar investeringar i infrastruktur, kultur og utdanning ein region si utvikling?

Korleis ivareta og mobilisera frivilligheit og dugnadsinnsats?

Korleis styrke den demografiske utviklinga for Vestlandet?

Investerer staten meir på viktige samfunnsområder nær makten sitt sentrum?

Kva er Vestlandet i 2050?