Initiativ Vest er ei tankesmie som arbeider med spørsmål og tematikkar innan hav og samfunn.

INITIATIV VEST SKAL


Vera ein leverandør av konkrete løysingar for realisering av Vestlandet sitt potensial, som nøkkel for omstillinga av Noreg

Fremje ny kunnskap og innsikt om regionen sitt bidrag til norsk økonomi og global verdiskaping

Skape møteplassar for å skape alliansar på tvers av næringar, klynger, geografi og kompetanseområder

Bidra til kunnskapsbaserte samfunnsdebattar og politiske avgjersler basert på verdiskaping og ringverknader

Utfordre etablerte oppfatningar om verdiskaping og maktstrukturar

Synlegjera regionen si nøkkelrolle i Noregs bidrag til løysinga av klima­utfordringane gjennom produksjon av bærekraftig mat, fornybar energi og ein bærekraftig maritim sektor

Ei stifting for langsiktig tenking om og for Vestlandet

Initiativ Vest har som visjon å bidra til å etablere Vestlandet som verdas fremste havregion. Stiftinga vil, ved innhenting av faktabasert kunnskap om moglegheiter og utfordringar, foreslå og iverksette tiltak som styrkar denne visjonen.

Det er i samspelet mellom næringsliv, politikk, forvaltning og akademia at dei daglege framskritta mot visjonen finn stad.

Vestlandsregionen skal verte eit nasjonalt og internasjonalt sentrum for kunnskap, forvaltning og bærekraftig næringsutvikling ved kysten, på, under og i havet. Tre viktige stikkord er naturressursar, innovasjon og kompetanseutvikling.

Etableringa av Initiativ Vest byggjer med anna på at Vestlandet og Norge gjennom ein betydeleg omstilling.

Vestlandets framtid byggjast på regionen sine naturressursar, på behovet for at Vestlandet beheld og tiltrekker seg ungdom og talent, og behovet for desentralisering av makt slik at avgjersler vert fatta nærmare folket og verdiskapinga.

Skal våre visjonar verta ein realitet, må Vestlandet samarbeide med andre kystregionar.

Gjennom faktabasert innsikt og kunnskap om regionen sin verdiskaping, kyst- og havrommet si tyding, demografiske utfordringar, tilliten og samarbeidet si tyding og maktens dynamikk, skal Initiativ Vest bidra til å etablere Vestlandet som verdas fremste havregion. Ved hjelp av artiklar, møter, foredrag, presse og sosiale medier skal vi skape ei rørsle blant folk flest for ein større prioritering av Vestlandet og vår langstrakte kyst.