Samla fylkesordførarane til samtale om Vestlandet og det grøne skiftet

19 mars, 2021 | Nyhende

Torsdag 18.03 arrangerte vi i Initiativ Vest saman med forskingsinstituttet NORCE eit webinar om Vestlandet og det grøne skiftet. Målet med webinaret var å løfte fram kva som skjer innanfor det grøne skiftet i dei tre vestlandsfylka og å drøfte kva som kan og bør vera Vestlandet si rolle i det grøne skiftet framover. Vestlandet sin posisjon […]
Skjermbilde 2021 03 18 kl. 15.02.12

Torsdag 18.03 arrangerte vi i Initiativ Vest saman med forskingsinstituttet NORCE eit webinar om Vestlandet og det grøne skiftet. Målet med webinaret var å løfte fram kva som skjer innanfor det grøne skiftet i dei tre vestlandsfylka og å drøfte kva som kan og bør vera Vestlandet si rolle i det grøne skiftet framover. Vestlandet sin posisjon i det grøne skiftet er ein sentral del av arbeidet til tankesmia Initiativ Vest, og treff godt med våre to fokusområder #hav og #samfunn. Styrka samarbeid i regionen vil gjera oss betre rusta til å møte dei endringane vi står ovanfor.

– Vestlandet har ei nøkkelrolle i det grøne skiftet. Eit viktig mål for Initiativ Vest er å bidra til å løfte fram det som skjer innanfor feltet på Vestlandet, og å bidra til meir og betre samarbeid innad i regionen, seier dagleg leiar i Initiativ Vest Ole Rasmus Øvretveit

Leiande forskingsmiljø og eit offensivt næringsliv

I fyrste del av webinaret deltok forskingsleiar Sarah Eileen Gasda frå NORCE og Knut Vassbotn som er CEO i Deep Wind Offshore i Haugesund. 

Gasda er forskingsleiar for Computational Geosciences and Modelling i NORCE. I sitt innlegg fokuserte Gasda på kunnskapen om, og moglegheitene som ligg kring kabonfangst- og lagring. Ho løfta fram det store potensialet innanfor desse næringane på Vestlandet, men peika samstundes på behovet for kompetansebygging, infrastruktur, teknologiutvikling, pilotering og demonstrering.

– FoU og næringsklynger på Vestlandet har ei viktig rolle i å dra fram synergiane mellom kunnskap og teknologiutvikling, sa Gasda i sitt innlegg.

Knut Vassbotn er gründer og CEO i Deep Wind Offshore i Haugesund. Han har tidlegare bakgrunn frå olje- og gassektoren og byrja seinare å arbeide med havvind i Aker Solutions. Vassbotn har store visjonar og ambisjonar for kva rolle Noreg og Vestlandet kan ta innan havvind, noko som også er bakgrunnen for satsinga han no gjer saman med store lokale aktørar på Haugalandet og Sunnhordland. I webinaret kom han med tydelege forslag til korleis han meiner at Vestlandet kan styrka seg i møte med det grøne skiftet: ein må adressere og tydeleggjere kraftsituasjonen, ein må utnytte samarbeid på tvers (næringsliv, utdanningsmiljø mm.) og ein må adressere problemstillingar ovanfor nasjonale styresmakter for å sikre naudsynte råmevilkår.

Vi må vise at Vestlandet er ein nøkkeldrivar for at Noreg skal kome gjennom det grøne skiftet vi står ovanfor, sa Vassbotn under sitt innlegg.

Panelsamtale mellom fylkesordførarane

Andre del av webinaret var ein samtale mellom dei tre fylkesordførarane – Marianne Chesak (Rogaland), Jon Askeland (Vestland) og Tove-Lise Torve (Møre og Romsdal) – om moglegheiter og utfordringar for Vestlandet i det grøne skiftet. Tematikken er høgt på agendaen i dei tre fylka i desse dagar og i webinaret fekk vi høyre meir om kva som skjer i fylka, om korleis ein jobbar og om kva fylkesordførarane meiner vert viktig i tida som kjem.

I sine innlegg løfta dei tre fylkesordførarane fram viktige prosjekt og satsingar frå sine fylker, samstundes som dei peika på utfordringar og moglegheiter som er felles for regionen. Energikjelder og næringar knytt til havet står sentralt i dette. Dei tre peika også på den unike moglegheita ein har på Vestlandet til å byggja ny og grøn industri på skuldrane til eksisterande energiformer og næringar.

Vidare trakk dei tre fylkesordførarane alle fram arbeidet som vert gjort gjennom Vestlandsrådet som eit viktig element for styrka samarbeid i regionen. Blant anna vert det no arbeida med ein felles næringsstrategi som skal vera ferdig før sumaren. Denne skal danne grunnlag for ein felles front og sikre at ein kan stå samla og kjempe for viktige saker for regionen.

Vestlandet og det grøne skiftet er ein tematikk vi i Initiativ Vest vil arbeide meir med i tida som kjem.

Følg oss for å få med deg kva vi jobbar med:

www.initiativvest.no 
www.fb.com/InitiativVest
www.linkedin.com/company/initiativ-vest/

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This