Sette havet på agendaen i Florø

23 august, 2021 | Nyhende

IMG 9944
Foto: Maria Benæs Hunvik / Hub for Ocean

Laurdag 21.08 inviterte Initiativ Vest saman med Hub for Ocean til debatt mellom fyrstekandidatane i Sogn og Fjordane valkrins der målet var å setje havet på agendaen. 

Havet har mange utfordringar, men her finn ein også løysingane på mange av dei problema verdssamfunnet står ovanfor, og vil stå ovanfor i åra som kjem. Under smaksfestivalen Godt i Gapet fekk difor dei ni fyrstekandidatane moglegheit til å fortelja dei kring 100 frammøtte kva dei vil med havet framover. Det er liten tvil om at dei alle ser og ynskjer å bidra til å utløyse potensialet i havet, sjølv om løysingane og retninga er noko ulike mellom partia. 

–  Vestlandet er havregionen i havlandet Noreg. Då er det viktig at vi har vestlandspolitikarar med stor kunnskap og tydelege meiningar om korleis hava våre bør forvaltast og havnæringane utviklast i åra som kjem. Eg trur dei som møtte fram fekk noko meir innblikk i kva dei ulike kandidatane meiner om havet, samstundes som dei også vart minna på at nokre av dei klassiske skilelinjene også gjer seg gjeldande i havet, seier kommunikasjonssjef Tommy Aarethun i Initiativ Vest som leia ordskiftet mellom fyrstekandidatane

Fiskeri, havbruk, samarbeid og visjonar 

Under debatten var det fleire tema som vart løfta fram og adressert. Fyrst vart partia utfordra på kva dei meiner om utviklinga framover innan to viktige næringar for kysten: fiskeri og havbruk. 

Særskilt høg temperatur vart det under bolken om samarbeid og internasjonale relasjonar då ordet EØS vart nemnt frå debattleiaren. Internasjonale avtalar er viktig for fleire av næringane langs kysten og dei ulike partia presenterte her sitt syn, samstundes som dei i større grad enn på andre tema også var opptekne av å adressere andre parti sitt syn. 

– I den eine bolken forsøkte vi å rette søkelyset både mot samarbeid internt på Vestlandet om desse sakene, og på internasjonale relasjonar som EØS-avtalen og kva partia ynskjer å gjera med denne framover. EØS-debatten fekk opp temperaturen i debatten, og dei kjente skilelinene kom raskt fram, seier Aarethun vidare. 

IMG 9960
Foto: Maria Benæs Hunvik / Hub for Ocean

Meir fokus på samarbeid i åra som kjem

Utviklinga av Vestlandet som havregion og styrkja samarbeid innanfor utviklinga av næringane langs kysten vil bli viktige tema framover. Gjennom å få på plass ein ny felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka har ein teke eit godt fyrste steg som ein bør byggja vidare på.

Det er viktig at desse tinga vert drøfta blant politikarar, byråkratar, i akademia og på tvers av fylkesgrensene i åra som kjem. Om ein skal lukkast med å fronte og utvikle havregionen på best mogleg vis må ein samarbeide.

Spørsmål knytt til politisk samarbeid og samarbeid internt i regionen om hav og utvikling av havnæringane drukna noko når vi opna for ein EØS-debatt, sjølv om partia var positive til å styrkja dette. Dette er uansett eit og tema vi vil følgje opp tett i tida framover, og det vil difor bli fleire sjansar til å drøfte desse tinga, avsluttar Aarethun

Andre innlegg

Fyrste samling for Vestlandsakademiet

Fyrste samling for Vestlandsakademiet

I kveld arrangerte vi den fyrste av seks samlingar for det fyrste kullet i Vestlandsakademiet. Målsetjinga er at deltakarane skal få kunnskap om og innsikt i viktige saker og tematikkar for Vestlandet. Vestlandsakademiet er eit samlingsbasert akademi som vil ha...

Kva betyr valet for Vestlandet i tal?

Kva betyr valet for Vestlandet i tal?

Etter stortingsvalet 13. september er det klart at Noreg vil få ei ny regjering leia av Jonas Gahr Støre og Arbeiderpartiet. Men kven skal representere Vestlandet på Stortinget dei neste fire åra?Dei fire valkrinsane på Vestlandet utgjer samla 42 mandat. Hordaland...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This