Styremøte i Ålesund – fokus på viktige områder for Vestlandet

2 september, 2021 | Nyhende

Skjermbilde 2021 09 02 kl. 14.07.32

Tysdag 31.08 arrangerte Initiativ Vest styremøte i Ålesund. I tillegg til sjølve styremøtet var eksport og kunnskapsmiljøa på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i fokus.

Fokus på eksport, teknologi, bærekraft og samarbeid

I samband med styremøtet var det lagt opp eit tett program med innlegg, presentasjonar og omsyning i Norsk Maritimt Kompetansesenter. Lene Trude Solheim frå Næringsforeningen Ålesunsregionen haldt eit innlegg der ho med anna snakka om arbeidet som er gjort kring Eksfin (Giek / Eksportkreditt) og det nye Eksportstrategirådet som er lagt til Ålesund. I tillegg fekk vi presentert arbeidet til Åkp ved dagleg leiar Per Erik Dalen.

– Initiativ Vest er skipa for å løfte fram Vestlandet og for å bidra til meir samarbeid. Eg er imponert over alt det spanande som skjer i Ålesund og miljøet kring – særskilt innanfor teknologi og bærekraft. Det er også inspirerande å sjå kva dei har fått til innanfor samarbeid, kunnskapsdeling og samhandling. Om Vestlandet skal lukkast må vi samarbeide meir og betre, og då trur eg mange kan lære av og la seg inspirere av alt det som skjer her, seier styreleiar Geir Inge Lunde

Deltok med bidrag under The North West

Skjermbilde 2021 09 02 kl. 14.15.09

I tillegg til styremøtet og omsyninga i kunnskapsmiljøa 31.08 deltok vi også under The North West International SDG Conference. Her har Initiativ Vest deltek og fasilitert fleire sesjonar. Tidlegare i år signerte vi ein samarbeidsavtale med The North West og dette vert fyrste bidraget inn i dette samarbeidet, der målsetjinga er å i fellesskap bidra til å utvikla berekraftige regionar.

Onsdag kveld arrangerte vi ein debatt som sette fokuset på «Vestlandet i framtida». I denne debatten deltok fylkesordførar i Rogaland Marianne Chesak, fylkesvaraordfører i Møre og Romsdal Per Vidar Kjølmoen, Glen Bradley frå Rotstein AS og Gjermund Kvernmo Langseth som er dagleg leiar i The North West. Dei var alle samde om at meir samarbeid vert viktig framover, og det vart med anna peika behovet for betre koordinering av stortingsbenkane i dei tre vestlandsfylka. Den felles næringsstrategien for dei tre vestlandsfylka, som Initiativ Vest har vore med å utforme, tener som eit godt grunnlag for denne. Likevel er det korleis denne vert fulgt opp som vil avgjere i kva grad det vert ei suksesshistorie.

Andre innlegg

Fyrste samling for Vestlandsakademiet

Fyrste samling for Vestlandsakademiet

I kveld arrangerte vi den fyrste av seks samlingar for det fyrste kullet i Vestlandsakademiet. Målsetjinga er at deltakarane skal få kunnskap om og innsikt i viktige saker og tematikkar for Vestlandet. Vestlandsakademiet er eit samlingsbasert akademi som vil ha...

Kva betyr valet for Vestlandet i tal?

Kva betyr valet for Vestlandet i tal?

Etter stortingsvalet 13. september er det klart at Noreg vil få ei ny regjering leia av Jonas Gahr Støre og Arbeiderpartiet. Men kven skal representere Vestlandet på Stortinget dei neste fire åra?Dei fire valkrinsane på Vestlandet utgjer samla 42 mandat. Hordaland...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This