Torer de å flytte eit departement eller tre?

17 november, 2021 | Blogginnlegg

Copy of Unnamed Design 2

Dette innlegget stod fyrst på trykk i Dagsavisen/Rogalands Avis 17.11.2021.

I Hurdalsplattforma vert det slått fast at ein skal ta heile landet i bruk i større grad. Kva skal det bety i praksis? 

Mange hadde store forventningar og var spente på kva som ville stå i den nye regjeringsplattforma. Det gjaldt også oss som er opptekne av, og meiner det er gode grunnar til at makt, ressursar og arbeidsplassar i større grad bør spreiast utover landet – og dermed liggje tettare på naturressursar og folk. 

Vi har tidlegare, i samband med debatten kring det nye regjeringskvartalet, teke til ordet for at det ville vore spanande om ein torde å tenka nytt kring organiseringa av samfunnet. Det er sjølvsagt fleire måtar ein kan gjere dette på, men det å opne døra for å drøfte om nokre av departementa kunne blitt flytta frå Oslo til andre stader i landet, ville vore eit interessant bidrag til ein slik diskusjon. Den storstilte digitaliseringa av offentleg sektor, og heile det norske samfunnet under koronapandemien, gjer dette enno meir aktuelt.

Kan det tenkast at det ville gitt nokre fordelar for Noreg som heilskap at til dømes Nærings- og fiskeridepartementet låg tettare på naturressursane og fagmiljøa langs kysten? Er det andre statlege einingar som kunne vorte styrkja av å liggja andre stader i landet? Og på kva måte kunne det ha bidrege til å byggja opp og utvikla fagmiljø i dei områda ein flytta dei til? Gjennom å belyse desse tinga kunne ein tilført debatten om korleis ein i større grad skal ta heile landet i bruk interessante element.

Det var grunn til å vone at det skulle kome noko meir konkret på dette området frå denne regjeringa, men det er for tidleg å konkludere bombastisk berre med bakgrunn i det som ligg i den nye regjeringsplattforma. Framleis skal mange politiske tankar tenkast, og ny politikk for å ta heile landet i bruk skal utviklast.

So då står det att å sjå om de i alle fall torer å tenka tanken, Jonas og Trygve?

Tommy Aarethun
Dagleg leiar (konst.)
Initiativ Vest

Andre innlegg

Grøne initiativ må følgjast opp politisk

Grøne initiativ må følgjast opp politisk

Skjermdump: Vestlandsporteføljen 2021 Denne veka vart Vestlandsporteføljen 2021 i regi av Grøn Region Vestland lansert. Men er det vilje og kraft til å utløyse moglegheitene og potensialet som ligg der?Måndag denne veka vart den nye rapporten Vestlandsporteføljen 2021...

Blogg: Vi må utvikle, ikkje avvikle Vestland fylke!

Blogg: Vi må utvikle, ikkje avvikle Vestland fylke!

Valkampen er over. Hurdalsplattforma er presentert. Statsrådane er komne ut på Slottsplassen. No bør alle som er opptekne av utviklinga av Vestland(et) dreie fokuset inn mot korleis vi kan styrka regionen. Slik at vi kan løyse dei store oppgåvene vi står...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Share This