Vestlandet treng dine tankar og ditt perspektiv!

10 august, 2021 | Innlegg

Kva skal vi leve av på Vestlandet om 20 år? Kor skal vestlendingen bu? Korleis skal vestlendingen kome seg frå a til å? Kva skal til for at fleire vert buande og flyttar til regionen? Dette er nokre av dei tinga du kan lære meir om og drøfte som deltakar i Vestlandsakademiet. Akademiet er eit samlingsbasert konsept der […]
IV banner enkel 3

Kva skal vi leve av på Vestlandet om 20 år? Kor skal vestlendingen bu? Korleis skal vestlendingen kome seg frå a til å? Kva skal til for at fleire vert buande og flyttar til regionen? 

Dette er nokre av dei tinga du kan lære meir om og drøfte som deltakar i VestlandsakademietAkademiet er eit samlingsbasert konsept der unge vestlendingar mellom 20 og 35 år får moglegheita til å lære om og diskutere viktigte spørsmål for Vestlandet i åra som kjem. 

Kvifor eit akademi for unge?


Vi trur at unge vestlendingar har mange gode perspektiv på korleis regionen bør utviklast i åra som kjem. Desse ynskjer vi å høyre om, stimulere og løfte fram gjennom Vestlandsakademiet. Vi vonar at deltakarane skal ta med seg tankar attende til kvardagen og verta stemmer i samfunnsdebatten lokalt, regionalt og nasjonalt. Unge vestlandsstemmer treng vi meir av! 

Vi trur også at det ligg ei stor kraft i å samle unge i regionen på tvers av geografi, sektorar, bakgrunn, alder osv. til felles samtalar om viktige spørsmål. Vi vonar også at dette kan vera med å byggje tettare band mellom ulike miljø og regionar internt på Vestlandet. 

Fristen for å søkje om å vera med i fyrste kull av Vestlandsakademiet er satt til 15. august og vi vonar at du vil søkja eller tipsa nokon du kjenner.

Les meir om Vestlandsakademiet HER og send inn ein søknad!

Vestlandet treng ditt perspektiv og dine tankar!

Tommy Aarethun
Prosjektleiar for Vestlandsakademiet

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Tradisjonen tro – en desentralisert fortelling om norske juletradisjoner  

Fra bryggerikrangler om den originale julebrusen til svineribbe vs. pinnekjøtt utforsker vi julens mangfold på Vestlandet. Tradisjonelle julemåltider avslører politiske valg i etterkrigstiden, mens syv slag småkaker og religion gir innsikt i regionens kulturelle arv. Denne artikkelen presenterer julefakta fra Vestlandet, krydret med litt historie og politikk. 

Share This