Verda er stadig i endring, med raske omskiftingar, teknologisk utvikling og andre prosessar som treff verda, Noreg og Vestlandet. Den dårlege nyhenda er at Vestlandet vært treft særskilt hardt av nokre av desse prosessane. Den gode nyhenda er at regionen også sit på ei rekkje av løysingane som skal til for å lukkast. 

Ynskjer du innsikt i og kunnskap om viktige trendar og tematikkar for Vestlandet?
Ynskjer du å delta i drøftingar om kva som skal til for at Vestlandet og Noreg skal lukkast?


Er du mellom 20 og 35 år? Kjem du frå eller er busett på Vestlandet?

Søk før 31. juli om å få delta i Kull #1 av Vestlandsakademiet!  

I Vestlandsakademiet vil unge vestlendingar innan politikk, samfunn, kultur, idrett, frivillighet, næringsliv og øvrig samfunnsliv få innsikt og kunnskap om viktige trendar og tematikkar for Vestlandet i åra som kjem. Målet er å sikre mangfaldige kull med om lag 20 deltakarar som har ulik bakgrunn og som kjem frå ulike delar av Vestlandet. Dette vil difor verta vektlagt i søknadsprosessen og i endeleg samansetnad av kulla. 

Deltakarane i akademiet vil få tilgang til nettverk, foredrag og drøftingar om tema som vil vera viktig for Vestlandet, Noreg og verda i åra som kjem.

Innhald: 

– 6 samlingar (både fysiske og digitale)
– Tilgang til nettverk og førelesingar 
– Deltaking i alumninettverk i etterkant av akademiet 

Samlingane vil handle om viktige tema for Vestlandet i åra som kjem. Hav, Vestlandet si rolle i det grøne skiftet, regionar, og makt vil vera sentrale element i samlingane. I tillegg til dette vil det vera ei samling der ein får kurs i tale, debatt og skriving. Målet med dette er å bidra til å løfte fram fleire unge stemmer frå Vestlandet i samfunnsdebatten – både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Spørsmål og søknadsprosess:

Har du spørsmål? Ta kontakt med prosjektleiar Tommy Aarethun på tommy@initiativvest.no 

Slik søker du: 
a) Send søknad (felles PDF) innan 31.juli med motivasjon for å delta + CV til tommy@initiativvest.no
b) Søknadane vil verta svart ut innan 16. august. 

Den fyrste samlinga vert gjennomført digitalt 16. september.

Resten av samlingane vert:
– Oktober
– Desember
– Februar
– April
– Juni

Endeleg møteplan for akademiet vil verta sendt ut i forkant av den fyrste samlinga og endeleg landa på den fyrste samlinga.

Det er gratis å delta i akademiet men deltakarane må sjølve dekke reise og overnatting ifbm. dei fysiske samlingane.