Vestlandsintervjuet: Anne Karin Hamre

3 mai, 2022 | Nyhende

– Alle på Vestlandet kan ikkje dagpendla til Bergen. Difor må vi byggje opp og utvikle sterke senter rundt om kring i fylket, seier Anne Karin Hamre.

Vi har snakka med Anne Karin Hamre som er direktør ved Vestlandsforsking, eit sjølvstendig, regionalt forskingsinstitutt med base i Sogndal og som er forankra i Vestland. Tidlegare har Hamre med anna vore fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 2011 til 2018, og fram til ho vart tilsett som direktør ved Vestlandsforsking frå januar 2022 var ho ekspedisjonssjef for regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Design uten navn 8

Anne Karin Hamre

– Fylkeskommunen har ei viktig rolle. Vi er eit lite land målt i folketal, men eit stort land om vi ser på areala. Utfordringane i dei ulike fylka og regionane er ulike, og difor treng vi eit nivå som er tett på desse og kjenner godt til både utfordringane og det potensialet som fins.

Foto: Torbjørn Tandberg

Samordningsrolla er den viktigaste 

I vår samtale snakkar vi om ulike ting knytt til fylkja og regionane. Hamre er særskilt oppteken av den viktige samordnings- og samfunnsutviklarrolla som fylkeskommunen har. 

– På mange måtar er kanskje dette den aller viktigaste rolla til fylkeskommunen. Rolla som tenesteytar kan i teorien løysast av andre forvaltningsnivå, men samordningsrolla og moglegheiten til å samle dei ulike aktørane på tvers av sektorane er utruleg viktig.  

– Vi står ovanfor ei rekkje store og komplekse utfordringar no, som ikkje ein sektor aleine vil klare å løyse. Døme på dette er store kompetansebehov og klimaomstilling. Då treng vi ein fylkeskommune som er offensiv, og tek rolla som regional utviklingsaktør. Det opplever eg at Vestland fylkeskommune gjer. 

Ho peikar med anna på prosjektet Grøn Region Vestland for å illustrere dette, og seier at fylkeskommunane har ei viktig «motorrolle» i tillegg til byane som er viktige «motorar» i regionane. Ho seier ho meiner dette er særskilt viktig i eit fylke som Vestland, med 43 kommunar og store avstandar. 

Redd reversering kan gå utover utvikling

– Eg er veldig spent på dei reverseringsprosessane som går no, og er spent på kva konsekvensar desse vil få for inntektene til fylkeskommunane. 

Ho fryktar at dei som skal splittast opp vil ha behov for å verta kompensert for smådriftsulemper, og at dette vil gå utover dei fylka som ynskjer å halde fram med å utvikle seg.

– Vi veit at det er «ei kake til fordeling til oss alle», og dermed vil delen til f.eks. Vestland og Trøndelag kunne verte mindre når andre må kompenserast. Det vil vera veldig uheldig for dei samanslåtte fylka, som òg har distriktsområde med smådriftsulemper. 

Ho minner også om at fylka som eventuelt no skal reverserast ikkje vil gå attende til det same utgangspunktet som ein hadde tidlegare, og peikar med anna på at kraftinntekter er blitt fordelt ut til kommunane. 

Behov for å auke FoU også utanfor byane

– FoU i bedriftene er veldig konsentrert kring dei store byane og byområda. Der bedriftene nyttar ressursar, og har kapasitet til dette. Ser vi på Vestland totalt er vi derimot under landssnittet, og det er viktig å mobilisere på dette feltet. 

Hamre peikar på at forskingsinstitutta, som blant anna Vestlandsforsking, er ein ressurs som kan spela ei rolle inn mot dei verksemdene som ikkje har eigne FoU-avdelingar. 

– Vi er tett på både bedrifter og kommunar i Vestland fylke, og samarbeidet med fylkeskommunen om å mobilisere til auka FoU i næringslivet, er ein viktig del av dette. 

Ho seier også at dei som ein del av dette har kopla seg på arbeidet med Grøn Region Vestland, som vert leia av Vestland fylkeskommune. 

Heile Europa er i ferd med å verta ein gamleheim 

– Då eg vart fylkesmann i 2011 sa eg at folketalsutviklinga er vår største utfordring. Vi har snakka om dette i minst 15 år, vi har framskrivingane, og vi veit at vi vert stadig fleire pensjonistar i forhold til yrkesaktive. 

Vidare peikar ho på at vi under koronapandemien har fått sett kor viktig utanlandsk arbeidskraft er for Noreg, og seier at dette ikkje minst gjer seg gjeldande innan fiskeri, industri og andre naturressursbaserte næringar. 

– Vi veit i tillegg at mange av dei europeiske landa har endå lågare fødselstal enn Noreg, og at heile Europa er i ferd med å verta ein ein gamleheim. 

Ho åtvarar difor om at det ikkje fins enkle løysingar på dette, og seier at fokus på kompetanse og rekruttering vert heilt avgjerande framover.

– Vi må jobbe knallhardt med rekruttering framover. Vi må dyrka talent, og vi må i tillegg få med heile breidda. Frå gode leiarar, til dei som i dag står utanfor arbeidslivet. Vi har ikkje råd til at so mange fell utanfor utdanning og arbeidslivet. Dette krev eit tett og godt samarbeid mellom næringsliv og offentleg sektor.

Dei konkrete samarbeida byggjer kultur 

– Vi må lage dei gode koplingane, og vi må kjenne til kvarandre. Det ansvaret ligg på oss alle, mens ikkje minst på byane. Eg meiner også vi må utvikle konkrete prosjekt framover som byggjer dei gode samarbeida. Konferansar er vel og bra, men konkret samarbeid er betre.

Hamre syner med anna til forskingssenteret Noradapt, Norsk senter for berekraftig klimatilpassing, der ei rekkje av kompetanseinstitusjonane på Vestlandet er med, som eit godt døme på korleis ein saman kan utvikla ting. Eit viktig poeng med dette senteret meiner ho er at leiinga held til utanfor ein av dei største byane, men at miljøa der bidreg inn.

– Alle på Vestlandet kan ikkje dagpendla til Bergen. Difor må vi byggje opp og utvikle sterke senter rundt om kring i fylket.

Ho peikar på at desse vil kunne spela ei viktig rolle som senter i sine regionar, og at det kan vera ei viktig kraft for utvikling framover. 

– Det er viktig at Bergen har eit perspektiv utover sin eigen region, og syner interesse for det som skjer i andre delar av fylket.

Ho etterlyser med anna ei tydelegare regionsavis som i større grad løftar fram saker og perspektiv frå heile regionen, og seier dette ville vore særskilt viktig no når ein skal byggja eit nytt fylke. 

logo nn

Vestlandsforsking

Vestlandsforsking skal vere eit sjølvstendig, regionalt forskingsinstitutt med base i Sogndal og forankra i Vestland. I samarbeid med regionale, nasjonale og internasjonale fagmiljø skal instituttet levere banebrytande forsking av høg kvalitet som svarar på samfunnsutfordringar og bidreg til berekraftig utvikling.

Les mer her.

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på tommy@initiativvest.no eller
+47 951 67 502

Andre innlegg

Vestlandsintervjuet: Bent Høie 

Vestlandsintervjuet: Bent Høie 

Foto: John Gunnar Skien / Statsforvaltaren i Rogaland For dei fleste er han nok aller mest kjent for jobben som helseministar i Erna Solberg si regjering, ein jobb han hadde i åtte år. Han var valt inn på Stortinget frå 2000-2021 frå Rogaland, og har hatt ei rekkje...

Her er det andre kullet i Vestlandsakademiet

Her er det andre kullet i Vestlandsakademiet

Søknadsfristen til det andre kullet i Vestlandsakademiet gjekk ut 1. juni, og vi kan no presentere dei som skal få bryne seg på spanande diskusjonar om utviklinga av Vestlandet det komande året. - Vestlandsakademiet er kome for å bli, og no skal vi byggje vidare på...

Årsmøte og styremøte med fokus på valget i 2023

Årsmøte og styremøte med fokus på valget i 2023

Onsdag 08. juni ble årsmøtet i Initiativ Vest gjennomført. Samme dag ble vårens siste styremøte gjennomført. Arbeidet med innspill til partiene som nå jobber med kommune- og fylkesprogrammene var en sentral del av møtet.

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This