Vestlandsintervjuet: Bent Høie 

21 juni, 2022 | Nyhende

Foto: John Gunnar Skien / Statsforvaltaren i Rogaland

For dei fleste er han nok aller mest kjent for jobben som helseministar i Erna Solberg si regjering, ein jobb han hadde i åtte år. Han var valt inn på Stortinget frå 2000-2021 frå Rogaland, og har hatt ei rekkje sentrale posisjonar i Høgre. I dag er han statsforvaltar i Rogaland. I vestlandsintervjuet har vi denne gongen snakka med Bent Høie. 

– I Noreg er regionane etter mi oppfatning utruleg viktige. Det handlar ikkje minst om at vi, til trass for lite folk, er eit langstrakt land med ganske store forskjellar i kva som er viktig og utviklingstrekka i dei ulike regionane, seier Bent Høie 

Høie er oppteken av at utfordringsbiletet er ulikt i dei ulike regionane, og at dette gjer det naudsynt med eit regionalt nivå.

– Ein må ha eit nivå som sikrar at ein har arenaer der ein kan møtast, drøfte saker på regionalt nivå og finne dei gode løysingane. Kommunane vert då for små og staten må naturlegvis sikra heilskapen i heile landet, og er dermed ikkje egna som arena for dei dei drøftingane der regionane har ulike utfordringar. Her har det regionale nivået ei viktig rolle. 

Talerøyr inn mot statsforvaltninga

I Noreg er det med jamne mellomrom ein debatt om kva oppgåver som bør liggja til dei ulike nivå, og nokre har også vore innom tanken på om dei ulike regionane kunne fått ansvar for ulike oppgåver.

– Det vert veldig vanskeleg å differensiere kva gjeld oppgåver og tenesta mellom dei ulike regionane, men ein bør likevel alltid «ha eit blikk» til kva oppgåver som bør liggja til det regionale nivået 

Høie er oppteken av at det både bør handle om fylkeskommunen sine oppgåver, og om dei oppgåvene som ligg til den andre delen av det regionale nivået: statsforvaltaren. 

– Fylkeskommunen si hovudoppgåve ligg i utviklarrolla, og det er heilt naturleg at dette er forankra i eit folkevalt nivå. Så skal statsforvaltarane i tillegg vera staten sin representant i regionane, å bidra med ei samordningsrolle og som samspelar med kommunane og regionane. I tillegg skal vi vera eit viktig talerøyr inn mot statsforvaltninga på vegne av regionane. 

Les meir om statsforvaltarane sine forvaltningsoppgåver her

Høie er også oppteken av at ein i Noreg heile tida har hatt regionar, og at desse har ein viktig plass både i historia og at dei har synt seg verdig sin plass. 

– Vi har hatt regionar sidan før middelalderen, og statsforvaltaren si rolle har eigentleg vore ganske uendra sidan 1600-talet og dermed «tolt tidas tann». Det er vel kanskje også eit bilete på at dette er ei ganske fornuftig måte å organisere oss på.

Fylkeskommune si rolle som samfunnsutviklar

Sjølv om han representerer den andre delen av det regionale nivået, og under vår prat fleire gonger tek til ordet for at det er klokt å ha to ulike organ og skilje oppgåvene på det regionale nivået, betyr ikkje det at han ikkje også har tankar om fylkeskommune si rolle.

– Fylkeskommunen har eit uforløyst potensial i rolla som samfunnsutviklar. Dette knyt seg til kompetanse, næringsutvikling og arealplanar for å nemne noko. Områder der det er viktig at ein har eit heilskapleg blikk, og tilnærming. 

I vår prat utfordrar vi han, som har hatt roller på ulike forvaltningsnivå, på om han ser ting på ein annan måte no enn i si tidlegare rolle.

– Ein får sjølvsagt ein langt større innsikt i detaljar knytt til oppgåvene når ein sit i denne rolla, men eg har aldri tilhøyrd dei som meiner dette er eit organ vi ikkje treng. 

Bent Hoie SVF 01884 1920 Foto John Gunnar Skien 1

– Mi oppleving er at det er mykje samspel, og at det regionale samspelet har ein viktig funksjon. Ikkje minst fordi det skjer på regionalt nivå, som gjer at samspelet får større meining. Ein har ei rekkje felles utfordringar og ei verkelegheit som ein deler, og det er grunnlaget for det samspelet ein ser. 


Foto: John Gunnar Skien / Statforvaltaren i Rogaland

Utfordringar framover

I rolla som statsforvaltar sit han tett på ei rekke saker, og har eit godt innblikk i kva som skjer i Rogaland. I vår prat utfordrar vi han difor på å «sjå inn i kula» å dele nokre tankar om kva han tenker vert dei sentrale utfordringane framover. 

– Berekraft vert ei sentral utfordring framover, og det grøne skiftet vil vera meir omfattande her i regionen enn i andre delar av landet. Om ikkje Rogaland lukkast med det grøne skiftet, så vil ikkje Noreg lukkast med det grøne skiftet. 

Han seier at det er eit ynskje om å behalda det velferdsnivået ein ser i dag, og at ei nøkkeloppgåve framover difor vert å skape nye lønsamme arbeidsplassar. 

– Rogaland er jo eit fylke der vi i dag har ei sterk, lønsam og dominerande næring. Så veit vi at denne, uavhengig av kva som skjer framover, vil bety stadig mindre i åra framover grunna både mindre olje- og gassressursar og fordi ein skal kutte klimautsleppa. 

Framover er han oppteken av at ein no må finne dei nye områda der ein kan skape dei nye lønsame arbeidsplassane, og byggjer vidare på kompetansen frå olje- og gassindustrien. Det er etter hans syn viktig både for å sikre velferda og det berekraftige velferdssamfunnet. 

Eit av områda der det skjer mykje spanande er på Haugalandet. Nyleg snakka vi med Tiril Fjeld som er dagleg leiar i Haugaland Næringspark. Les dette intervjuet her.

– Rogaland fylkeskommune er etter mitt syn framoverlent og bidreg inn i dette arbeidet, med anna gjennom at ein no lagar ein regional plan for areal og kraftkrevjande industri, for å sikre at ulike omsyn vert vege opp mot kvarandre. Gode regionale planar er avgjerande for å sikre at ein får føreseielege prosessar, og bidra til å gjera det enklare å etablere ny industri. 

Høie seier også at Statsforvaltaren i Rogaland har peika på tre strategiske satsingar: berekraftige velferdssamfunn, klima og born og unge. Les meir om desse her. 

Tommy Aarethun

Dagleg leiar
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Det grøne skiftet på agendaen i Vestlandsakademiet

Det grøne skiftet på agendaen i Vestlandsakademiet

På den andre samlinga i Vestlandsakademiet var det grøne skiftet og korleis dette vil påverke Vestlandet tema. Tematikken er ein sentral del av ordskiftet, og vil prege samfunnsutviklinga i regionen iåra som kjem. Det er bakgrunnen for at denne tematikken også er...

Innspel til arbeidet med regional plan for senterstruktur

Innspel til arbeidet med regional plan for senterstruktur

Arbeidet med ny regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsamfunn i Vestland er i gang og er no lagt ut på høyring. Les meir om arbeidet til Vestland fylkeskommune her. Senterstruktur og forholdet mellom regionale senter og deira omland er ein tematikk som...

Initiativ Vest er ei uavhengig tankesmie som skal bidra til samfunnsutviklinga på Vestlandet.
Initiativ Vest Logo Dark Green

Meld deg på nyhendebrev

Meld deg på e-postlista vår for å få siste nytt og oppdateringar frå Initiativ Vest.

GDPR

Takk for påmeldingen

Share This