Vestlandsintervjuet: Einar Vik Arset

4 juli, 2022 | Nyhende

– Det skal skje meir i norske kyst- og havområde framover. Det kan bli litt trongt om plassen, og då må høgrehanda vite kva venstrehanda gjer, seier kystdirektør Einar Vik Arset Vestlandet er kyst, og utviklinga langs kysten er viktig for samfunnsutviklinga på Vestlandet. Denne gongen har vi i vestlandsintervjuet snakka med kystdirektør Einar Vik […]

– Det skal skje meir i norske kyst- og havområde framover. Det kan bli litt trongt om plassen, og då må høgrehanda vite kva venstrehanda gjer, seier kystdirektør Einar Vik Arset

Vestlandet er kyst, og utviklinga langs kysten er viktig for samfunnsutviklinga på Vestlandet. Denne gongen har vi i vestlandsintervjuet snakka med kystdirektør Einar Vik Arset. Han har tidlegare også med anna vore rådmann i Vanylven og Ulsteinvik, og kjenner frå dei rollene til både krevjande og positiv utvikling i lokalsamfunn. 

– Noreg si verdiskaping og velferd er jo tufta på dei verdiane som er skapt langs kysten, og målt i mengde (tonn) er Vestlandet den klart største bidragsytaren til dette. For Vestlandet sin del er det klart at dette er ein viktig komponent i det regionalpolitiske biletet.

Arset understrekar i vår prat at Kystverket også er hamneetat og at kontakten dei har opp mot hamnene i heile Noreg er viktig, og påpeikar også at svært mange av hamnene i Noreg er eigd av private. 

– Mange har snakka om at det kunne og burde ha vore regionale og nasjonale hamner, men dette er nok lite aktuelt med den samansetnaden av eigarar ein har i hamne-Noreg i dag, der ei rekkje private aktørar eig sine eigne hamner og har trafikken inn og ut derfrå basert på sine behov og konkurransefortrinn. 

Les meir om Kystverket her. 

Avhengig av solide regionsenter  

 Arset meiner at regionale styresmakter, med fylkeskommunane i spissen, har ei viktig rolle i å jobbe særskilt med næringsutvikling.

– Det er viktig at dei har «følarane ute», og at dette arbeidet skjer i tett samspel med kommunane i regionen. 

Arset peikar vidare på at regionale senter kan bli stadig meir viktig framover.

– Det å byggje gode, trygge og robuste regionsenter er eit viktig bein å stå på framover. Vi veit at befolkninga vert stadig eldre, og vi veit at stadig fleire flyttar mot dei større byane. Då er vi avhengig av å ha regionsenter ute i regionane langs kysten som har tilstrekkeleg tilbod som gjer at folk vel å flytte dit og leve gode liv der. 

– Det å byggje gode, trygge og robuste regionsenter er eit viktig bein å stå på framover. Vi veit at befolkninga vert stadig eldre, og vi veit at stadig fleire flyttar mot dei større byane. Då er vi avhengig av å ha regionsenter ute i regionane langs kysten som har tilstrekkeleg tilbod som gjer at folk vel å flytte dit og leve gode liv der. 

Han meiner det er viktig at det vert lagt rette for at regionsentera kan utvikle seg, og at det er tilstrekkeleg med tilbod her til at desse er attraktive. Han meiner det handlar om med anna kulturtilbod, tilgang på bustadar og ein variasjon i arbeidsmarknaden som gjer at familiar kan flytte dit å få attraktive jobbar. 

– Når det gjeld samfunnsutvikling langs kysten har vi på mange måtar fått auga opp igjen for dette, særskilt i Nord, der ein no ser at det er viktig å vera til stades og «ha både øyrer og auger». Det er med andre ord også ein sikkerheitsdimensjon knytt til dette. 

I vår samtale dreiar vi også innom samarbeidet mellom dei regionale aktørane, som fylkeskommunen, og dei statlege aktørane langs kysten – som Kystverket. 

– Det er ein god del kontakt, sjølv om vi ikkje lenger har eigne regiondirektørar i Kystverket. Vi har likevel eit desentralisert fotfeste langs heile kysten, og der er det tett kontakt med lokale og regionale miljø. 

Arset seier at dette med anna handlar om forvaltningssaker der ein er høyringspart i større plansaker, det handlar om å delta med kunnskap og innspel i regionale møteplassar og i tillegg har ein over tid utviklinga eit godt samarbeid knytt til beredskap. 

– Som ein transportetat er vi også kopla på ei rekkje av dei ulike møtepunkta i regionane som handlar om dette, til dømes vera når Transport- og kommunikasjonskomiteen er ute på sine reiser. I tillegg har vi aksjar inn i Nasjonal transportplan (NTP) og må vera ute å fange opp innspel knytt til dette, som vil inngå i det fagleg grunnlaget som ein fattar politiske vedtak basert på. 

EVIKA
Kystdirektør Einar Vik Arset. Foto: Lill Haugen / Kystverket

Koplinga mellom det som skjer i havet og på land

Under vår prat fortel kystdirektøren at dialogen med hamnene rundt om kring i Noreg er viktig, og at dette har ei viktig rolle inn mot det å byggje infrastruktur for det grøne skiftet. 

– Knytt til det grøne skiftet handlar det med anna om å vera ein kunnskapsleverandør inn mot hamnene knytt til korleis ein no skal forholda seg til ulike energiberarar som no er på trappene. Hamnene står ovanfor store vegval og investeringar knytt til dette framover. 

– Det vert ei viktig oppgåve for oss som hamne- og farledsaktør å bidra som kunnskapsaktør inn mot hamne-Noreg framover, og hjelpe dei med å gjera gode val som aukar farten i det grøne skiftet innanfor maritim sektor. Det er ein stor og krevjande jobb, der vi må bidra på vår måte til at ein kan gjera best mogleg val. 

Koplinga mellom hav og samfunn var også sentralt når Initiativ Vest hadde ansvaret for ein av hovudbolkane under The North West i Ålesund i april. Les meir om det her. 

– Det skal skje meir i norske kyst- og havområde framover. Det kan bli litt trongt om plassen, og då må høgrehanda vite kva venstrehanda gjer. Til dømes når ein skal byggje ut havvind, må ei ta høgde for at ein kva aktivitet til havs fører til auka sjøtransport med dei utfordringane det kan føre til, og ein må greie å sjå fleire omsyn i samanheng. 

Arset seier at det vil verta heilt avgjerande at aktørane som har interesser i dette greier å «stokke beina» framover, og at ein greier å sjå heilskapane i det som skal skje.  

– Ressursane som norske havområde representerer er essensielt for norsk verdiskaping i dag, og i framtida. Men summen av alle dei initiativ og ynskjer som ligg på bordet no, anten det er snakk om havvind, havbruk til havs eller eventuell gruvedrift på havbotn, vil kunne verta krevjande forvaltningsmessig. Vår oppgåve vert å leggja til rette for dette på ein best mogleg måte. 

Arset meiner at sektorprinsippet, som Noreg er organisert etter, kan ha både sine fordelar og sine ulemper. 

– Vi, til liks med alle andre aktørar som har interesser og roller i dette, må greie å kome tidleg i inngrep med dei prosessane som går. Det vert utruleg viktig at vi har dei gode arenaene og at vi riggar planprosessane på ein god måte når vi veit kor mykje som skal skje i havet framover.  

Stad skipstunnel 

Eit prosjekt som har fått mykje merksemd, både regionalt og nasjonalt, dei seinare åra er Stad skipstunell. Kystverket er byggherre for dette prosjektet der ein skal byggje verda sin alle fyrste fullskala skipstunnel. Den skal verta 2,2 kilometer lang, 50 meter høg og ha ei breidde på 36 meter. 

– For oss er jo dette fyrst og fremst eit tiltak for auka sjøsikkerheit, basert på den hendingsstatistikken vi har hatt på Stad, som er eit av dei mest værharde områda langs kysten vår. 

 I tillegg seier Arset at dette utover det vil bidra til regularitet for godstrafikken, for havbruk og brønnbåtane, og for persontransport. 

– Når det gjeld regionale ringverknadar av dette prosjekt så skal ein ikkje underslå kva moglegheiter dette kan gi for gjennomgangstrafikken, til dømes med miljøvenlege hurtigbåtar frå Bergen til Ålesund. I tillegg trur eg heller ikkje vi skal sjå vekk frå at dette i seg sjølv kan verta ein stor turistattraksjon i framtida. 

Kystdirektøren seier at deira viktigaste oppgåve er å levere dette prosjekt på tid og budsjett, men han er også tydeleg oppteken av at bruken av massane som skal hentast ut av fjellet kan skape ringverknadar. 

– Det skal ut tre millionar kubikk med fast masse, og vi gir jo kommunane kring noko meir tid på reguleringsarbeid knytt til massebruk i nærleiken. Vi ynskjer ikkje å dumpe desse massane i fjorden når den kan nyttast til samfunnsmessige formål og regional utvikling. 

– Om vi lukkast med målet om å nytte tilnærma all denne massen til næringsutvikling og andre prosjekt vil det vera ganske unikt for eit samferdsleprosjekt. 

Han seier at både Kinn, Stad og Vanylven har store ambisjonar knytt til dette, og han vonar at desse massane kan spele ei viktig rolle i å skape synergiar knytt til prosjektet. Han seier at dette kan bidra til nye industriområde, og at det er planar og ambisjonar både knytt til noverande verksemder og nye verksemder i området. 

– Dette tenker eg er heilt sentralt for koplinga mellom hav og samfunn, at ei slik ferdselsåre langs kysten genererer ringverknadar kring seg. Anten det er reiseliv, havbruk til lands, djupvasskaiar eller hubar som energiberarar. 

– Kystverket er til stades langs heile kysten, og vi er opptekne av å legge til rette for sjøsikkerheit, framkommeligheit og verdiskaping i alle regionar langs kysten – og dermed at både myndigheiter, næringsliv og brukarar må ha lav terskel for å ta kontakt

Les meir om prosjektet Stad skipstunnel på Kystverket sine nettsider.

Tommy Aarethun

Kommunikasjonssjef
Kjem frå Lærdal i Sogn, er utdanna statsvitar og har bakgrunn som rådgjevar i akademia og for byrådsleiaren i Bergen.

Andre innlegg

Share This