Vestlandsintervjuet: Klaus Mohn

24 mai, 2022 | Nyhende

I denne utgåva av vestlandsintervjuet har vi snakka med Klaus Mohn, som er rektor ved Universitetet i Stavanger (UiS). Noko han har vore sidan 1. august 2019. I tillegg til rektorjobben har han også ved fleire høve gjort seg gjeldande i samfunnsdebatten, og som ein som har klare og tydelege meiningar om mykje og mangt. […]

I denne utgåva av vestlandsintervjuet har vi snakka med Klaus Mohn, som er rektor ved Universitetet i Stavanger (UiS). Noko han har vore sidan 1. august 2019. I tillegg til rektorjobben har han også ved fleire høve gjort seg gjeldande i samfunnsdebatten, og som ein som har klare og tydelege meiningar om mykje og mangt. Ein tematikk også vi har snakka med han om i dette intervjuet. 

– Ein viktig motivasjon for meg for å ta denne jobben var å markere vår institusjon og vår region meir tydeleg på den nasjonale arenaen. Her har vi nok felles interesser med institusjonar også andre stader på Vestlandet som kanskje slit litt med det same som oss. Nemleg å få merksemd og gjennomslag i nasjonale fora, seier Klaus Mohn. 

Klaus Mohn Foto Elisabeth Tonnessen 4 scaled

Klaus Mohn:
Klaus Mohn er rektor ved Universitetet i Stavanger (UiS) og har i følgje UiS sine nettsider «høgare avdelings studium (HAS) i samfunnsøkonomi frå Norges handelshøgskole (NHH, 1991) og ein doktorgrad i industriell økonomi frå Universitetet i Stavanger (UiS, 2008). Då han vart tilsett som professor ved HHUiS i 2013, kom han frå stillinga som sjeføkonom i Statoil (no Equinor). I Statoil har han også hatt stillingar innanfor finans, strategi og kommunikasjon. Bakgrunnen til Klaus Mohn inkluderer også forsking i Statistisk sentralbyrå (SSB) og makroøkonomisk analyse i DNB Markets.»

Foto: UiS / Elisabeth Tønnesen



«Den største må vera mest raus»

I vår samtaler kjem vi med anna innom samarbeidet mellom dei ulike regionane på Vestlandet, og om korleis ein kan leggja til rette for at dette vert styrka framover. Eit veldig aktuelt bakteppe for dette er saka knytt til medisinutdanninga på Vestlandet i framtida, der frontane mellom Bergen og Stavanger har vore harde. 

– Viss ein skal få til samarbeid mellom to partar, som i utgangspunktet er i eit skeivt styrkeforhold, så må den «sterke parten» vera raus og gi. Om den «svake parten» får mistanke om at samarbeidet berre er til for å styrka den «sterke parten» er det dømt til å mislukkast, seier Mohn.

Han syner til at dette gjer seg gjeldande i ulike forhold og peikar mellom anna på forholda mellom Oslo og Bergen, mellom Bergen og Stavanger og lokalt på forholdet mellom Stavanger og Sandnes for å eksemplifisere. I situasjonar som dette alltid er den «sterke parten» som sit på nøkkelen for å lukkast, meinar Mohn. 

I tillegg til dette trekk Mohn fram ein av landet sine mest kjente fusjonar, fusjonen mellom Statoil og Hydro i si tid, som eit døme på korleis den sterkaste parten måtte vera ekstra raus for å få til eit samarbeid, og syner til at Statoil i si tid betalte ein svært god pris til aksjonærane i Hydro for å få gjennomført den ynskja fusjonen. 

– I denne saka fekk Helge Lund mykje kritikk frå aksjonærane i Statoil, då dette reint økonomisk var ein «dårleg deal» for dei. Men fordi ynskjet var så sterkt om at fusjonen skulle bli gjennomført, så betalte ein det som skulle til, seier Mohn 

Den offentlege samtalen på Vestlandet er ikkje god nok 

I samtalen med Mohn snakkar vi også om den offentlege samtalen på Vestlandet, og han er tydeleg på at denne i dag ikkje er god nok. Han peikar med anna på at det er for få arenaer, og strukturar der ein snakkar saman internt på Vestlandet om viktige saker. 

– Det er ikkje ein god nok offentleg samtale på Vestlandet. Det er ein samtale her nede, som rettar seg frå Sør-Vestlandet og mot sentralmakta eller andre regionar. Så er det ein samtale i Vestland fylke eller Bergensregionen som på same måte rettar seg frå den regionen sitt utgangspunkt mot Oslo og andre delar av landet, seier Mohn.

Mohn etterlyser i vår prat arenaer for å samtale internt på Vestlandet, og peikar på at ein bør byrja med å sjå på dei prosessar, strukturar og organisasjonar som alt er etablert. Gjennom desse kan det i følgje Mohn vera mogleg å skape eit rom for ein betre samtale. 

Han peikar på at ein  innanfor akademia har UH-nett Vest, som er ein slik arena der han meiner det er potensial for meir samarbeid og samkvem. I tillegg peikar han på andre meir spissa samarbeidsstrukturar og arenaer innanfor akademia, som Energiomstilling Vest. 

– I tillegg finnes det andre arenaer, som til dømes dei politiske, der ein burde sjå på moglegheita for å oftare og meir regelmessig kople desse saman på tvers av Vestlandet. 

Til slutt nemner han også næringsforeningane rundt om kring på Vestlandet som organisasjonar som saman kan bidra til å skape eit rom for samtalar på tvers. 

Viktig med tett kopling mellom akademia og samfunnet rundt

Forholdet mellom akademia og samfunnet rundt er ein tematikk som med jamne mellomrom vert drøfta, ikkje minst knytt til praksisplassar og andre kontaktflater mellom akademia og næringslivet og offentleg sektor som er tenkt å betre overgangen mellom utdanning og arbeidslivet. 

– Vi har hatt ein tett og løpande dialog med næringslivet og offentleg sektor gjennom heile historia for vår institusjon, seier Mohn 

 Han peikar vidare på at «Ope universitet» er ein sentral del av UiS sin strategi fram mot 2030, nettopp for å ha ein låg terskel for kontakt, og riva ned «veggene» mot, omverda. 

– Det er ikkje berre for at vår kunnskap skal flyte ut til samfunnet, eller for at vi skal bli veldig gode formidlarar. Det er også fordi våre studentar og tilsette skal få impulsar frå omverda, og nytte desse til å tilpasse våre utdanningar og vår forsking, for å verta betre og meir relevante, seier Mohn avslutningsvis. 

Lurer du på noko eller har du innspel?

Initiativ Vest er ei tankesmie lokalisert på Vestlandet. Vi arbeider med viktige samfunns­spørsmål for å bidra til å utvikle regionen.

Kontakt oss gjerne på post@initiativvest.no eller
+47 950 34 940

Andre innlegg

Share This